Nyheter

Kontroversiell KrF-profil vekkjer uro i partiet: – Han er i feil parti

KONTROVERSIELL: Det vekkjer uro i delar av KrF at fylkesleiar og tidlegare stortingskandidat i Troms og Finnmark, Truls Olufsen-Mehus, ved fleire høve har kome med kontroversielle utsegn. – Burde vurdert eksklusjon, seier partifelle.

– Eg har følgt med på kva han har sagt i ulike forum, og eg kan godt bruke sterke ord: Han er i feil parti, seier Idar Kjølsvik.

Han var kandidat for Trøndelag i stortingsvalet i fjor haust og er lokalpolitikar i Levanger. Han trur dei mange kontroversielle utsegna frå partikollegaen i Finnmark kan skape vanskelegheiter for partiet.

– Han er ein konspirasjonsteoretikar. Han lever i si eiga verkelegheit, seier Kjølsvik om Truls Olufsen-Mehus.

Ei lang liste

I haust var Olufsen-Mehus fyrstekandidat til Stortinget for Troms og Finnmark KrF. Han er også fylkesleiar. Vårt Land har gjort ein gjennomgang av ulike ting han har sagt og gjort dei siste åra. I ein lang rekke saker skil han seg frå det som er den offisielle linja til KrF. Han har også kome med fleire utsegn som har vakt debatt eller er blitt oppfatta som kontroversielle.

Han har mellom anna:

  • Gjennom intervju i avisene iFinnmark og Dagbladet sagt han at ikkje har teke koronavaksine, og heller ikkje har planar om å gjere det. Dette i strid med partileiar Olaug Bollestad si innstendinge oppmoding om at alle må ta vaksinen.
  • Olufsen-Mehus står bak eit opprop om vaksinasjon av barn. Oppropet har fått kritikk frå FHI for spreiing av faktafeil.
  • I eit innlegg i Nettavisen om skeiv ideologi, lenker han til fleire kontroversielle nettstadar, mellom anna til ultrakonservative The Heritage Foundation.
  • I ein video laga i valkampen i 2019 kjem han med påstandar om foreininga FRI. Faktisk.no har faktasjekka fleire av påstandane og slo fast at dei var heilt feil. Olufsen-Mehus klaga faktisk.no inn til Pressens Faglege Utval på grunn av denne faktasjekken. Faktisk.no gjekk fri på alle punkt i klagen.
  • Fleire av innlegga hans har vore publisert på nettstaden Steigan.no. Nettstaden er kjend for å spreie konspirasjonar og falske nyhende. Ifølgje i alle fall eitt av desse innlegga er publiseringa gjort med Olufsen-Mehus sitt «velvillige samtykke».
  • I VG sin valgomat svarte Olufsen–Mehus i strid med eige partiprogram i fleire saker som er sentrale for KrF. Blant anna seier han der at han er sterkt imot å auke talet på kvoteflyktningar, og heilt ueinig i at dagens asyl- og innvandringspolitikk er for streng.
  • Då partikollega Simon Friis Larsen markerte støtte til Donald Trump i NRK Urix – noko som fekk dåverande partileiar Kjell Ingolf Ropstad til å gå ut med kritikk – gjekk Olufsen-Mehus ut med ei sterk støtteerklæring på Facebook.
Skjermdump frå Twitter
  • Les svaret frå Olusen-Mehus i botn av denne saka.

– Høyrer heime i PDK

KrF-politikar Idar Kjølsvik seier at han sjølv blei konfrontert av veljarar i valkampen som stilte spørsmål om korleis ein førstekandidat i partiet kunne ytre seg så kontroversielt og på tvers av eiga partileiing. Han meiner det finst andre parti der Olufsen–Mehus burde finne seg meir heime.

– Det er lett å sjå kven han er einig med. Han delar syn med Partiet De Kristne (PDK) i mange saker. Det er eit parti som har ei heilt anna forståing av verkelegheita enn KrF, seier han.

Eg har halde kjeft om dette for lenge. Og det har partileiinga og.

—  Idar Kjølsvik, stortingskandidat for Trøndelag KrF og lokalpolitikar

Grunnen til at Olufsen-Mehus har lukkast med å komme seg til ein så høg posisjon i partiet, meiner Kjølsvik, er at KrF står ganske svakt i det nordlegaste fylket i landet. Det er få som er aktive i partiet, og få fungerande lokallag i fylket.

– Det er lett å vippe eit lite møte til din fordel. Særleg om ein er talefør, slik Olufsen-Mehus er.

Idar Kjølsvik

Vil ha eksklusjon

Partiet sentralt må tenkje gjennom om dei må sette i gang ein eksklusjonsprosess, seier Kjølsvik.

KrF sine lover opnar for at sentralstyret kan ekskludere ein medlem etter visse kriterium. Blant desse er dersom medlemmen har jobba for eit anna parti, eller dersom han har kome med hatefulle ytringar eller trugslar. Å ytre seg på tvers av partiet gjev ikkje grunnlag for eksklusjon, ifølgje desse kriteria.

– Det er å håpe at dette let seg løyse lokalt, utan å gå til slike steg. Men om det ikkje fører fram, så må partileiinga sende eit tydeleg signal, seier Kjølsvik og legg til:

– Eg har halde kjeft om dette for lenge. Og det har partileiinga og.

Vaksinereaksjonar

Eitt av utspela frå Olufsen-Mehus som vekte reaksjonar, var sakene i iFinnmark og Dagbladet. Der gjorde han det klart at han ikkje har teke koronavaksine, og heller ikkje har planar om å gjere det.

Til Dagbladet fortalde Olufsen-Mehus at han som sjølvstendig næringsdrivande har mista sin viktigaste oppdragsgjevar fordi han nekta å ta koronavaksinen. Han meiner han har teke eit informert val. Han seier til Vårt Land at grunnen til at han gjekk ut i media med sitt vaksinestandpunkt var for å sette lys på diskriminering mot uvaksinerte. Likevel vekte desse sakene reaksjonar, blant anna frå tidlegare landsstyremedlem i KrFU, Mai Lene Hæåk.

– KrF burde seie klart og tydeleg frå om at han ikkje kan uttale seg om dette som ein KrF-ar. Han kan ikkje få bruke sin politiske posisjon til å fronte slike fråsegner om vaksinar, seier ho til Vårt Land.

Hæåk meiner det er ein ting å stå fram om vaksine-skepsis som privatperson, men at det er noko anna å gjere det som ein profilert KrF-politikar. Ho oppmodar derfor partileiinga om å komme med eit tydeleg motsvar til Olufsen-Mehus.

Generalsekretæren viser til fylkeslaget

Vårt Land har vore i kontakt med fleire i partiet som delar uroa over Olufsen-Mehus, men som ikkje har ønskt å uttale seg i avisa om dette.

Ingen i KrF-leiinga har ønskt å stille til intervju med Vårt Land om denne saka, men i ein e-post sender generalsekretær Geir Morten Nilsen følgjande kommentar:

«I KrF er det rom for å ytre seg og være uenig om poliske saker. Vi har en levende politisk debatt. Samtidig har jeg forståelse for tilbakemeldingene om at noen av uttalelsene og ordvalgene til Olufsen-Mehus har vært krevende for partikollegaer og andre. Det tar vi på alvor.

Det er uheldig om det gis inntrykk av at KrF mener bare risikogrupper trenger å vaksinere seg. KrF og partiledelsen har oppfordret flest mulig av de som kan vaksinere seg, til å ta vaksine. Samtidig er det et viktig prinsipp at vaksinar er frivillig. Den frivilligheten må også gjelde KrFs tillitsvalgte.

Det er ikke ledelsen som peker ut tillitsvalgte i KrF, men de lokale medlemmene. Derfor er det også opp til disse å vurdere om man har tillit til å fylle rollen som fylkesleder.»

Stortingsvalg 2021. KrFs valgvake. KrF.

Vil ikkje kommentere utsegn

Truls Olufsen Mehus har fått lese heile saka før publisering. Han svarar generelt på enkelte av punkta i lista Vårt Land har samla, blant anna når det gjeld vaksinering av barn og Faktisk.no.

Når det gjeld publisering på Steigan.no skriv han: «Jeg pleier å takke ja til både Nettavisen og Steigan og Document når de ber om å få publisere mine leserinnlegg som jeg har skrevet andre plasser.»

På påstanden om at han høyrer heime i PDK, svarar han:

«I KrF er det plass til alle fra PDK og Sentrum, men det er neppe plass til alle i KrF i Sentrum eller PDK. Jeg anser meg som hjemme i KrF som har den beste politikken på de aller fleste områder. »

Når det gjeld dei konkrete utsegnene frå Kjølsvik, Hæåk og Nilsen ut over dette, svarar han at han ikkje har behov for å kommentere dette ytterlegare.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Per Åsmund Reymert

Per Åsmund Reymert

Per Åsmund Reymert er journalist i religionsavdelingen til Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter