Nyheter

EU lovar auka vaksinehjelp til Afrika

Vaksineinnsatsen i Afrika blir styrkt med 125 millionar til euro frå EU.

Pengane skal brukast til å sikre god distribusjon av vaksinedosar og til opplæring av medisinsk personell. I tillegg skal analyse- og sekvenseringskapasiteten styrkjast.

Ifølgje den Afrikanske Union vil knappe 12 prosent av befolkninga på kontinentet vere fullvaksinerte ved utgangen av februar. Verdshelseorganisasjonen (WHO) har som mål at 70 prosent av befolkninga i verda er vaksinert ved midten av 2022.

Med den nye lova beløpet inkludert, vil europeisk pengestøtte til vaksinearbeidet i Afrika runde 400 millionar euro totalt.

(©NPK)

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter