5.070 meldingar om alvorlege biverknader etter koronavaksine
Etter at over 11 millionar dosar koronavaksine er sett, har Legemiddelverket motteke 54.657 meldingar om mistenkte biverknader. 5.070 blir rekna som alvorlege.

27.813 av meldingane har vorte behandla av Legemiddelverket så langt, og av desse er altså i overkant av 5.000 meldingar rekna som alvorlege.
– At meldingane er behandla betyr at dei er klassifiserte og sorterte, men det betyr ikkje at det er gjort ei endeleg vurdering av årsakssamanheng i alle tilfella, understrekar Legemiddelverket.
Biverknadene blir melde inn ved mistanke, og Legemiddelverket veit derfor ikkje om vaksinen er årsaka.
Tala kan altså ikkje brukast til å vurdere årsakssamanhengar eller kor ofte ein biverknad opptrer.
– Dessverre opplever vi at tal frå biverknadsrapporten blir brukt og tekne ut av samanhengen sin. Særleg i sosiale medium har vi sett fleire døme på at informasjonen vår blir misbrukt og spreidd med falske opplysningar, sa einingsleiar Unni Hjelmaas i Legemiddelverket då førre biverknadsrapport vart lagt fram i slutten av januar.
1. februar hadde over 2,7 millionar nordmenn fått ein tredje dose eller oppfriskingsdose.
– Førebels har vi ikkje sett andre biverknader etter tredje dose eller oppfriskingsdose enn dei vi har sett etter første og andre dose. Helsepersonell har meldeplikt dersom dei mistenkjer nye, uventa eller alvorlege biverknader etter vaksinasjon, skriv Legemiddelverket.
Legemiddelverket har overvaka biverknader etter koronavaksine i over eitt år og kom med første rapport om dette 14. januar 2021.
– Dei som har symptom i mange veker etter vaksinasjon, til dømes hovudverk, bør kontakte fastlegen som kan vurdere årsaker. Legen har kunnskap om pasienten og kan gi nyttig informasjon som er viktig for vurderinga vår, seier overlege Ingrid Aas i Legemiddelverket.