Ny supermåling for Raudt – regjeringspartia slit
Regjeringspartia går samla tilbake med 11,3 prosentpoeng sidan valet på Norstats siste måling for Aftenposten og NRK. Raudt held derimot fram veksten.

– Valet i haust var eit historisk sterkt ønske om ei ny retning. Det sa Støre sjølv. Han og Vedum lova ein ny kurs. Det har dei ikkje levert på. Eg trur ønsket om forandring framleis er like sterkt ute blant folk, seier Raudt-leiar Bjørnar Moxnes til Aftenposten.
På målinga går Raudt fram med 2,1 prosentpoeng til 8,3 prosent. Dermed er dei på veg til å bli jamstore med regjeringspartiet Senterpartiet, som går tilbake med 1,1 prosentpoeng på målinga og landar på 8,7 prosent.
Også SV er på veg til å ta igjen Senterpartiet. I målinga går dei fram med 1,2 prosentpoeng til 10,4 prosent.
Ap går tilbake – Høgre på topp
Med ei oppslutning på 20 prosent går Arbeidarpartiet tilbake med 1,1 prosentpoeng sidan førre Norstat-måling. Sidan valet har dei gått tilbake med 6,3 prosent.
Høgre går fram med 1,5 prosentpoeng og er dermed det største partiet i landet på målinga med 26,2 prosent.
Regjeringspartia går til saman tilbake med 11,3 prosentpoeng sidan valet i fjor og mistar veljarar både til venstre- og høgresida.
Peikar på straumprisar og korona
– Regjeringsskiftet har framleis brei støtte, og målinga viser at folk ikkje saknar den gamle, borgarlege regjeringa, skriv Aps partisekretær Kjersti Stenseng i ein SMS til Aftenposten.
Ho meiner veljarane vil vende tilbake når politikken til regjeringa viser meir resultat.
Heller ikkje finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er særleg bekymra for tilbakegangen.
– Det har vore røffe tider med korona og nedstengingar og straumprisar. Og då har det vorte litt røft for dei to partia som sit i regjering, seier Vedum til NRK.
Heile målinga (endring frå førre månad i parentes): Raudt 8,3 (+2,1), SV 10,4 (+1,2), Ap 20 (-1,1), Sp 8,7 (-1,1), MDG 3,3 (0), Venstre 3,8 (-1,1), KrF 3,6 (+0,4), Høgre 26,2 (+1,5), Frp 12,2 (-1,7) og Andre 3,5 (- 0,1).
Feilmarginen i målinga ligg på mellom 1,3 og 3,2 prosentpoeng.