Regjeringa vil ha ei evaluering av eiga pandemi-handtering
Støre-regjeringa har vedteke at det òg skal gjennomførast ei ekstern, uavhengig evaluering av den samla handteringa til denne regjeringa av koronapandemien.
– Covid-19-pandemien er den mest alvorlege hendinga som har ramma Noreg sidan andre verdskrigen. Det er svært viktig å lære av det som er gjort slik at vi kan betre evna til å handtere kommande hendingar, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) i ei pressemelding.
Koronakommisjonen som regjeringa Solberg sette ned, legg fram sin andre rapport i april. Denne kommisjonen har sjølv vedteke at han vil evaluere handteringa fram til 31. oktober 2021, altså i all hovudsak handteringa av pandemien under regjeringa Solberg.
– Eg har forståing for avgjerda til kommisjonen, men vi meiner det er avgjerande at heile pandemihandteringa blir evaluert – også i vår regjeringsperiode, seier Støre.
Regjeringa har enno ikkje konkludert om det skal nedsetjast ein ny kommisjon eller om oppdraget skal bli git til ei verksemd, ei ekspertgruppe eller andre.