Nyheter

Pave Frans nominert til Nobels fredspris

KrFs Dag Inge Ulstein har nominert pave Frans til Nobels fredspris. Han grunngir nominasjonen mellom anna med engasjementet til paven for å løyse klimakrisa.

Også arbeidet til paven for fred og forsoning var viktig for nominasjonen, seier Ulstein.

– Dette gjeld ikkje berre fred mellom statar, men også forsoning og fred mellom enkeltmenneske og mellom folkegrupper med ulik bakgrunn. Dette gjer han ved å konsekvent setje verdiar som miskunn, medynk, kjærleik, nestekjærleik, tilgjeving og audmjukskap på dagsordenen.

Pave Frans var favoritt blant oddsmakarane til å vinne fredsprisen i 2014. Den gong var han nominert av det argentinske parlamentet på grunn av fredsarbeidet sitt i Syria. Til slutt gjekk prisen til Malala Yousafzai.

Ingen pave har så langt vorte tildelte Nobels fredspris.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter