Nyheter

No startar omstridt gruveprosjekt. Natur og Ungdom finn fram kjettingane

FØRDEFJORDEN: Etter 15 år med politisk dragkamp kan Nordic Mining truleg snart byrje å utvinne mineral frå Engebøfjellet i Sunnfjord. Om ikkje Natur og Ungdom klarar å stoppe dei.

– Det vi håpar på, er at saka får ei politisk løysing, og at vi slepp å aksjonere. Men må vi, så er vi klar for å rette verdas auge på det som skjer i Førdefjorden, seier Gina Gylver.

Ho er nyvald leiar i Natur og Ungdom, og for henne er det å stoppe deponering av gruveavfall i norske fjordar ei av dei viktigaste sakene å kjempe for akkurat no.

Dersom Nordic Mining får starte si planlagde gruve i Førdefjorden, skal restmassane plasserast i fjorden. Miljørørsla meiner slik deponering er djupt uansvarleg og øydeleggjande for livet i fjordane. Gruveselskapet hevdar på si side at deponering har berre små og kortvarige effektar på livet i sjøen, og at fiske og havnæring blir lite påverka.

---

Gruvedrift

  • Gruveselskapet Nordic Mining har sikra seg rettane til å vinne ut minerala rutil og granat frå førekomstar i Engebøfjellet i Sunnfjord kommune.
  • Prosjektet er kontroversielt fordi restmassane frå gruvedrifta etter planen skal deponerast på botnen av Førdefjorden.
  • Selskapet reknar med å få byggjeløyve av kommunen 17. februar.

---

Kan starte opp i februar

Nordic Mining ventar no berre på byggjeløyve frå kommunen for å sette i gong arbeidet ved Engebøfjellet. Det reknar dei med å få 17. februar, og då vil byggjearbeidet bli sett i gong «umiddelbart», har gruveselskapet meldt til Natur og Ungdom.

– Vi veit ikkje akkurat kva «umiddelbart» betyr, men vi har beredskapen klar til å sette i gang aksjonar frå dag ein, seier Gylver.

Miljøorganisasjonen har allereie starta med å rekruttere aksjonistar og drive opplæring. Natur og Ungdom har mange tiår med erfaring med å bruke lenkeaksjonar og anna sivil ulydnad som politisk verkemiddel.

– Vi vil lenke oss fast, blokkere vegar og sette oss på maskiner, seier Gylver.

Sikre på gjennomføring

Administrerande direktør Ivar Fossum i Nordic Mining

Administrerande direktør i Nordic Mining Ivar Fossum stadfestar overfor Vårt Land at oppstart for prosjektet i Sunnfjord er planlagt i løpet av første kvartal.

Det er gått over femten år sidan Nordic Mining skaffa seg rettane til mineralførekomstane i Engebøfjellet.

– Dette er eit godt prosjekt, seier Fossum.

– Er du no sikker på at den løysinga de har landa på er den beste miljøløysinga for prosjektet?

– Det er eg heilt sikker på.

– Natur og Ungdom peiker på at Noreg er eitt av berre to land i verda som framleis tillèt bruk av sjødeponi for gruveavfall.

– Vi har ikkje registrert land som faktisk har forbod mot sjødeponi, sjølv om det ikkje er praksis. Dei fleste gruver ligg ikkje ved kysten, så då er ikkje sjødeponi ei moglegheit. Vi er så heldige at vi har mineralførekomstar nær kysten og ved djupe fjordar. Då er deponering av restmineral på botnen ofte ei trygg og god løysing, seier Fossum.

– Dette er heilt feil, kontrar Gina Gylver.

– Mange land har drive med sjødeponi tidlegare, men slutta med det. Det er også mange store, internasjonale selskap som nektar å kjøpe material som er vunne ut på denne måten. Det er ei global svartelista av mineral som er vunne ut med sjødeponi.

Gruvedrift Førdefjorden

– Gått ut på dato

Fossum er klar over kva som ventar av aksjonar frå Natur og Ungdom og andre miljøvernarar, men er ikkje bekymra for at aksjonane som aktivistane planlegg vil få veldig store konsekvensar for gjennomføringa av prosjektet.

– Dette er ei aksjonsform som er gått litt ut på dato. Dette er noko dei gjer for å få merksemd frå slike som dykk i media.

Nordic Mining har skaffa finansiering til å komme i gang med bygging av produksjonsanlegget sitt ved Førdefjorden, men for å komme i gang med sjølve gruvedrifta, treng dei å skaffe om lag to milliardar kroner i ytterlegare finansiering.

Vil gjere det politisk umogleg

– Gruvedumping i fjordane, det har gått ut på dato, seier Gina Gylver.

– Vi byggjer på ein lang aksjonisttradisjon, som blant anna førte til at vi fekk Sametinget, og som har gjeve oss det rettsvernet som finst for naturen i dag, seier ho.

Ho festar eit håp til næringsminister Jan Christian Vestre. Drifts- og utsleppsløyva som Nordic Mining har fått har blitt anka av miljørørsla, og det er i Vestre sitt departement dette blir handsama. Får anken medhald, så må Nordic Mining pakke saman og dra frå Førdefjorden.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter