Nyheter

Tomme norske stolar under Beijing-OL

KONTROVERS: Under vinter-OL i 2014 og 2018 stilte Noreg med både statsminister og kulturminister. Til OL i Kina kjem kun ein norsk ambassadør. Regjeringa forklarer det med korona, og ikkje med diplomatisk boikott.

Fredag 4. februar blir den olympiske eld tent i Beijing, Kina. Årets olympiske leikar er omdiskutert på grunn av Kinas brot på menneskerettar.

USA, Storbritannia, Canada og Danmark er mellom landa som ikkje sender offisielle representantar til OL som del av ein diplomatisk boikott.

For meg framstår det uklart kvifor regjeringa ikkje deltek med fleire, om det handlar om pandemi eller prioriteringar.

—  Guri Melby, Venstre-leiar

Også frå Noreg kjem verken statsminister eller statsrådar til OL i Beijing i februar. Noregs ambassadør til Kina Signe Brudeset er den einaste diplomatiske representanten.

I tillegg skal kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) etter planen reisa til Paralympics i Beijing i mars.

Toppane til tidlegare vinter-OL

Det står i sterk kontrast til tidlegare. Under tre av dei fire siste vinter-OL har Noreg stilt med statsminister, viser eit søk Vårt Land har gjort i regjeringas historiske arkiv:

  • I 2006, under Vinter-OL i Torino stilte statsminister Jens Stoltenberg (Ap), i tillegg reiste kultur- og kyrkjeminister Trond Giske (Ap).
  • Under OL i Vancouver i 2010 stilte kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap).
  • Under OL i Sotsji 2014 stilte statsminister Erna Solberg (H) og kulturminister Thorhild Widvey (H). Helse- og omsorgsminister Bent Høie stilte under Paralympics.
  • I 2018, under OL i Pyeongchang, stilte statsminister Erna Solberg og kulturminister Trine Skei Grande (V).
f

Huitfeldt blir ikkje erstatta

I helga kom nyheita om at ambassadør Signe Brudeset tek over oppgåva frå utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) som Noregs diplomatiske representant i vinter-OL.

Huitfeldt testa sist veke positivt for korona.

Vårt Land har spurt regjeringa kvifor dei ikkje sender ein annan minister eller statssekretær i Huitfeldt sin stad.

Statssekretær Tale Jordbakke (Ap) ved Statsministerens kontor skriv i ein e-post:

– Det var planlagd at utanriksministeren skulle representert regjeringa under OL, men ettersom ho er koronasmitta, må ho melda forfall. Fordi me er inne i ein periode med svært høge smittetal, og fordi det er kort tid til leikane startar, vil utanriksministeren ikkje bli erstatta av ein annan statsråd, skriv ho.

Statsministerens kontor avviser at dette skjer på grunn av diskusjonen rundt diplomatisk boikott av Beijing-OL.

– Vurderinga av kven som skulle representera regjeringa, vart gjort for ei tid tilbake og har ikkje blitt påverka av diskusjonane den siste tida, skriv Jordbakke.

Diskusjonen om diplomatisk boikott splittar nabolanda våre. Medan Danmark følgjer etter USAs politiske boikott, viser den svenske regjeringa til pandemien som forklaring på kvifor dei ikkje sender representantar til OL.

Venstre: Regjeringa sender «tvitydige signal»

Venstre-leiar Guri Melby er mellom dei som lenge har jobba for ein diplomatisk boikott av Beijing-OL.

Ho meiner Noreg no sender «tvitydige signal» når berre ambassadøren stiller under OL i februar.

– Dette er på ein måte den verste løysinga. No får ikkje regjeringa sjansen til å ta opp brot på menneskerettar i møte med det kinesiske regimet. Dei får heller ikkje markert avstand til desse menneskerettsbrota, som ein boikott ville ha vore.

r

Ho ber norske styresmakter vera meir tydelege i møte med Kina.

– For meg framstår det uklart kvifor regjeringa ikkje deltek med fleire, om det handlar om pandemi eller prioriteringar. Eg skulle helst sett at ingen norske representantar deltok under OL i Beijing. Her burde regjeringa vera tydelege og seie klart ifrå til kinesiske styresmakter at deira gjentakande brot på menneskerettane er eit stort problem. Så lenge ein eller fleire norske representantar deltek, er ikkje norske styresmakter tydelege nok.

Trettebergstuen viser til tradisjonar

I november sende Guri Melby (V) spørsmål til Anette Trettebergstuen om kva som skal til for at regjeringa ikkje skal senda statsrådar til OL i Beijung. Trettebergstuen svara då:

– Noreg har ingen tradisjon for diplomatisk boikott av idrettsarrangement. Denne regjeringa trur meir på dialog enn boikott som verkemiddel.

I svaret visa Trettebergstuen til at når norske regjeringsmedlemmer er til stades på olympiske og paralympiske leiker, er det som gjester til Noregs idrettsforbunds.

– Det er tradisjon for at regjeringa er til stades ved slike høve, og eg ser det som naturleg at ein stor vinteridrettsnasjon som Noreg har nærvær frå regjeringa for å støtte opp om våre toppidrettsutøvere.

OL

Kongen blir heime

Også kongefamilien held seg heime. I ei melding frå 18. januar skriv kongehuset at kongefamilien vil heia på dei norske utøvarane framfor TV-skjermen og følgja leikane med stor iver.

I meldinga viser dei til pandemien:

«OL og de paralympiske leker i Beijing vil ikke finne sted med internasjonalt publikum, og de svært strenge reise- og smittevernreglene under OL har gjort et besøk til lekene vanskelig å gjennomføre. Som følge av dette vil det dessverre ikke være nærvær frå Kongefamilien under de olympiske eller paralympiske leker i Beijing 2022.»

Vårt Land har spurt kongehuset i kva grad debatten rundt diplomatisk boikott har påverka avgjerda om å bli heime, men presseavdelinga har inga kommentar utover denne meldinga.

---

OL i Beijing

  • Vinter-OL vert arrangert i Kina 4. – 20. februar.
  • Arrangementa vert avvikla i Beijing og område ved Yanqing og Chongli.
  • Til OL sender Norge 82 utøvarar og til Paralympics 15.

---




Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter