Åtte banneord og ei naken teikneseriemus vart for mykje for skuleleiinga i Tennessee. Dei fjernar den prisvinnande teikneserieromanen «Maus: A Survivor’s Tale» frå læreplanen.
Teikneserieromanen har tittelen «Maus - en overlevendes fortelling» på norsk og fekk den høgthengande Pulitzer-prisen i 1992. I romanen skildrar Art Spiegelman korleis foreldra overlevde konsentrasjonsleiren Auschwitz.
Boka blir no fjerna frå pensum for åttandeklasse-elevar på sju grunnskular i fylket McMinn i den amerikanske deltstaten Tennessee.
Det skjer samstundes som det går føre seg ein polarisert politisk debatt om kva tema amerikanske skular kan undervisa i.
Den britiske avisa the Guardian var blant dei første til å omtala saka.
Alle ti stemte for
Avisa har fått tilgang til referatet frå møtet i skuleleiinga. Der blir romanen mellom anna omtala som «vulgær» og «upassande».
– Det er noko grovt og støytande språk i denne boka, sa skuledirektøren Lee Parkison under diskusjonen.
Medlem i skulestyret Tony Allman sa mellom anna dette om teikneserieromanen:
– Den viser folk som er hengde, den viser at barn blir drepne. Kvifor skal utdanningssystemet fremje denne type ting, det er ikkje klokt eller sunt.

Under møtet diskuterte skulestyret å fjerna åtte banneord og fjerna teikninga av ei naken mus.
Dei kom fram til at dei var usikre om dette grepet var innanfor opphavsretten, og enda derfor opp med å vedta å ta ut heile boka frå pensum. Alle dei ti medlemmene i skulestyret stemte for.
Trekker liner til George Orwell
Forfattaren sjølv, Art Spiegelman, høyrde først om saka via Twitter på onsdag, dagen før den Den internasjonale Holocaustdagen 27. januar.
Han seier han er sjokkert og kallar skulestyret «orwellisk» – med referansar til George Orwell sine framtidsdystopiar.
– Eg har møtt så mange unge menneske som har lært ting frå boka, seier han til CNBC.
[ Frelsesarmeen vil ta nytt oppgjør: – Det kan komme fram flere ubehagelige ting ]
I «Maus» teiknar han folk som ulike dyr; jødar som mus, polakkar som grisar og nazistar som kattar.
Teikninga som skulestyret i Tennessee reagerte på, var av Art Spiegelman si eiga mor. Til CNN opplyser han at teikninga viser mora i eit badekar etter å ha teke sitt eige liv. Han seier til CNN at han ikkje forstår korleis det kan tolkast seksuelt.
Fleire har reagert kraftig på saka, som teikneserieskapar Neil Gaiman:
There's only one kind of people who would vote to ban Maus, whatever they are calling themselves these days. https://t.co/fs1Jl62Qd8
— Neil Gaiman (@neilhimself) January 26, 2022
Skal finna ny bok med «dei same pedagogiske måla»
Torsdag gjekk skulestyret i McMinn ut med ei pressemelding der dei står fast ved vedtaket. Dei meiner «Maus» er for «vaksenorientert» til å bli brukt på skulen, på grunn av dens «unødvendige bruk av banning og nakenheit og skildring av vald og sjølvmord».
Skulestyret i McMinn har ansvaret for sju grunnskular, ifølgje heimesidene deira.
Dei skriv vidare at dei ikkje reduserer verdien av «Maus» som meiningsfull litteratur, eller at det er viktig at barn tek til seg moralske og historiske lærdommar frå Holocaust:
– Tvert imot har me bede administratorane våre om å finna andre verk som oppnår dei same pedagogiske måla på ein meir alderstilpassa måte, står det i pressemeldinga.
[ Holocaustdagen: – Det er fellesskap i å vere ein utsett minoritet ]
Rasisme-diskusjon forbode på skular
Skuleverket i Tennessee har tidlegare fått internasjonal merksemd.
I mai i fjor blei Tennessee éin av statane i USA som forbyr lærarar å snakka om visse sider av rase og rasisme. 16 republikansk-styrte amerikanske delstatar, inkludert Tennessee, har innført liknande lover, melde NTB i fjor.
Med den nye lova kan mellom anna ikkje lærarane fortelje elevane at «nokre individ gjennom sin rase eller sitt kjønn er privilegert, rasistisk, sexistisk eller undertrykkande». Brot på lova kan straffast ved at skulen blir fråteken finansiering.
I tillegg har Tennessee vedteke lover som gjev foreldra høve til å ta barna ut av undervisning om kjønnsidentitet og seksualundervisning, inkludert opplysning om prevensjon innanfor familien.