Nyheter

Holocaustdagen: – Det er fellesskap i å vere ein utsett minoritet

HOLOCAUST: 27. januar blir det nazistiske folkemordet under krigen markert på staden der 532 jødar vart sende for å døy i 1942. – Det er ikkje lett å snakke på slike dagar, seier Ronen Bahar i Det Mosaiske Trossamfunn

– Eg føler meg beæra og audmjuk over å få vere med på dette, seier Halvor Moxnes, professor i teologi ved Universitetet i Oslo.

Han er ein av dei som torsdag skal halde appell på vegner av dei ulike gruppene som vart ramma av nazistane sitt folkemord under andre verdskrigen.

Sjølv er Moxnes homofil og over fleire tiår ein synleg aktivist for homofile sine rettar i Noreg. Fleire tusen homofile blei internerte og døydde i nazistane sine konsentrasjonsleirar.

– Holocaustdagen er eit høve til å vise at det er eit fellesskap i å vere ein utsett minoritet, seier Moxnes.

Denne dagen skal vi stå saman i ein protest mot farane som trugar minoritetar over alt i Europa og i verda

—  Halvor Moxnes
Halvor Moxnes, professor emeritus i teologi

Viktige markeringar i år

Moxnes peiker på at 2022 er eit viktig merkeår for homofile i Noreg, fordi det i år er 50 år sidan forbodet mot homofili vart teke ut av straffelova. Ei markering av norske sigrar i kampen for homofile sine rettar, bør også nyttast som høve til å markere solidaritet med andre som opplever å framleis bli forfølgde, meiner han:

– Denne dagen skal vi stå saman i ein protest mot farane som trugar minoritetar over alt i Europa og i verda, seier Moxnes.

Ei anna viktig markering i år er at det i november er 80 år sidan det tyske lasteskipet DF Donau la ut frå Oslo med 532 jødar om bord. Av desse var det berre ni som overlevde krigen.

– Det er ikkje lett å snakke på slike dagar, seier styreleiar Ronen Bahar i Det Mosaiske Trossamfunn, som også talar på arrangementet.

– Det betyr veldig mykje for vår forsamling at dette ikkje berre er vår markering, men noko som heile samfunnet tek del i. Holocaust ramma alle dei som var annleis.

Mindre markering i år

Holocaustdagen blir markert årleg, men i år som i fjor er arrangementet prega av smittevernrestriksjonar. Difor er arrangementet digitalt.

Representantar for jødane og romane deltek alltid på markeringa. I tillegg deltek representantar for ulike grupper av Holocaust-offer. I år deltek altså Halvor Moxnes på vegner av dei homofile, og Nora Pettersen frå stiftinga Tater-Millas venner for taterane/romanifolket.

Amorina Lund snakkar på vegner av romane. Hadia Tajik og Marianne Borgen deltek på vegner av regjeringa, og Oslo kommune.

Markeringa kan følgjast her torsdag 27. januar kl. 15.00:

---

Holocaustdagen

  • 27. januar er den internasjonale dagen for markering av nazistane sitt folkemord under andre verdskrig
  • Denne datoen i 1945 nådde Den raude arme fram til Auschwitz-Birkenau, den største av nazistane sine konsentrasjonsleirar, og sette fri dei 7.000 attlevande der
  • Meir enn 6 millionar jødar vart drepne under Holocaust, av ei total jødisk befolkning på rundt 10 millionar jødar i Europa i 1939
  • Også andre grupper vart ramma av folkemordet – blant andre romar, homofile, Jehovas vitner og folk med funksjonsnedsettingar
  • I Noreg blir dagen vanlegvis markert ved Utstikker 1 på Akershuskaia i Oslo, staden der 532 norske jødar vart deportert med fraktskipet DS Donau i 1942

Kjelder: HL-senteret, snl.no

---



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter