Nyheter

Må reise frå barn. Ventar spent på dom

UTVISING: To småbarnsmødrer blir viste ut og må reise frå barna i to år. Ei firebarnsmor ventar spent på om ho må reise til Djibouti og bu der i to år, utan barna.

– Saka blei fremma for Den europeiske menneskerettsdomstolen i desember 2019, etter at Høgsterett slo fast at vedtaket til Utlendingsnemnda var gyldig. I mars 2020 sa EMD ja til å behandle saka. No ventar me berre på avgjerda, fortel Nadin Askeland Humlen til Vårt Land.

Ho er advokat for firebarnsmora som er pålagt å returnere til det austafrikanske landet Djibouti, og som først kan søkje familiesamling med mann og barn etter to år.

Kvinna søkte asyl i Norge i 2001 og fortalde at ho kom frå Somalia, og gav opplysningar som skulle sikre henne opphald.

I ein asylsjekk i 2014 vedgjekk kvinna at ho hadde gjeve uriktige opplysningar til Utlendingsdirektoratet (UDI). Ho mista statsborgarskapet og blei vist ut frå Norge med to års innreiseforbod.

Utlendingsnemnda (UNE) avviste klagene, og familien saksøkte staten ved UNE. Dei tapte i tingretten, men vann i lagmannsretten.

Retten til familieliv

Høgsterett gav UNE medhald i 2019. Domstolen slo fast at barna ikkje vil «bli utsatt for uvanlig store belastninger, eller at det foreligger ekstraordinære omstendigheter som tilsier at utvising av A i to år vil være et uforholdsmessig inngrep overfor noen av barna».

Høgsterett viste til at far til barna er ein stabil omsorgsperson «som barna er knyttet til», at barna bur samla i eit etablert og trygt nærmiljø, at familien kan ha kontakt i feriar, i Djibouti eller i andre land utanfor Schengen-området, og dei kan bruke telefon og sosiale medium til å halde kontakten.

EMD vurderer om utvisinga av firebarnsmora bryt med Den europeiske menneskerettskonvensjon.

No ventar me berre på avgjerda

—  Nadin Askeland Humlen, advokat

Skal til Sudan

To ferske asylsaker har også aktualisert kva som er til «barnets beste».

Sabrin Mohammed Ali er utvist frå Norge og har innreiseforbod i to år. UNE seier ho er sudansk statsborgar og grunnlaus asylsøkjar. Ali seier ho er frå Eritrea og har flykta frå samfunnstenesta.

Ali har fått to barn i Norge, dei er norske statsborgarar, og skal bu hjå far når mor er i Sudan.

Etter to år i Sudan kan ho søkje om familiesamling i Norge.

Ikkje bu hjå far

Genet Gemedo Hensene er vist ut frå Norge og har innreiseforbod i to år. Ho må reise frå sønene på fire og fem år.

Ho kom frå Etiopia, søkte asyl på grunnlag av politisk forfølging, fortel om fengsling og tortur, men fekk endeleg avslag. Ho valde å bli og har fått to barn, som er norske statsborgarar, fortel NRK. Hensene er åleine om omsorga. Dei tre bur på mottak.

Far til barna fortel NRK at han nektar Hensene å ta med seg barna til borgarkrigsherja Etiopia – og at barna «ikke er ønsket inn i hans andre familie».

Eg kan ikkje reise til Etiopia, landet er herja av borgarkrig og folk blir arresterte

—  Genet Gemedo Hensene

Vann og tapte

Heller ikkje Hensene meiner det er eit alternativ å ta med seg barna til Etiopia i to år.

– Eg kan ikkje reise til Etiopia, landet er herja av borgarkrig og folk blir arresterte, seier Hensene til Vårt Land, og fortel at broren nyleg blei gripen av politi.

Etter UNEs siste avslag saksøkte ho staten ved UNE. Ho vann i tingretten, som sa at «hensynet til barna i denne saken veier tyngre enn de omsyn som taler for utvising av saksøker».

Men tapte i lagmannsretten. Domstolen seier at det som talar mot utvising, er «spesielt hensynet til barnas beste», men at i denne saka er brotet på utlendingsloven alvorleg, for familielivet er etablert «som følge av et ulovlig opphold».

Ventar på EMD-dommen

No ventar Hensene, akkurat som firebarnsmora, spent på dommen frå Den europeiske menneskerettsdomstolen:

– Blir Norge dømt vil eg ta saka mi til Høgsterett.

Tobarnsmora fortel Vårt Land at livet på mottaket er krevjande, ho lever eit «innestengt liv», noko som påverkar sønene.

– Eg er fortvila, eg har budd 12 år på mottak. Eg kjenner meg makteslaus og hjelpelaus.

Advokataksjonen har vart i 10 uker og straffesaker til Høyesterett står i lang kø. Tirsdag møtte justisminister Emilie Mehl (Sp) Advokatforeningen til et møte. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Innvandringsregulerande omsyn

Justisminister Emilie Mehl (Sp) vedgår at «barnets beste etter barnekonvensjonen skal være et grunnleggende omsyn ved alle handlinger som berører barn». I eit brev til Stortinget skriv ho at «dette gjelder også i utvisningssaker».

Men Mehl minner om «andre motstridende omsyn». «Dette vil typisk være innvandringsregulerende og allmennpreventive omsyn.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter