Nyheter

Norske diplomat-veteranar trur ikkje på storkrig

KALD FRONT: To norske eks-ambassadørar trur ikkje det blir storkrig i Ukraina. – Falne soldatar er ikkje populært i Russland no, seier Leidulv Namtvedt, tidlegare ambassadør til Moskva.

– Ei kvar rørsle av russiske militærstyrkar inn i Ukraina vil bli sett på som ein invasjon, seier USA-president Joe Biden ifølge Reuters torsdag.

Utsegnene kjem to dagar etter at amerikanske styresmakter sa at eit russisk angrep kunne starte når som helst.

No er russiske styrkar på veg til Kviterussland for å delta i ei militærøving. Ukrainas hovudstad Kiev ligg berre ni mil unna grensa til Kviterussland.

Kostnadane vil bli for store, både i form av sanksjonar og likposar tilbake til provinsen i Russland.

—  Leidulv Namtvedt, eks-ambassadør

I tillegg skal Russland skal ha plassert anslagsvis 100.000 soldatar aust for den ukrainske grensa.

Det går no føre seg intenst diplomatisk arbeid for å roa situasjonen, og fredag er det duka for eit utanriksministermøte mellom USAs Antony Blinken og Russlands Sergej Lavrov i Genève.

Falne soldatar vart gravlagt i det stille

Vårt Land har snakka med to erfarne norske diplomatar som ikkje ser for seg ein omfattande krig i Ukraina.

Leidulv Namtvedt var Noregs ambassadør i Moskva frå 2013 til 2018. Han er no pensjonert og uttalar seg ut frå innsikta han har om russiske forhold.

– Eg ser ikkje for meg ein russisk omfattande krig eller okkupasjon av Ukraina. Kostnadane vil bli for store, både i form av sanksjonar og likposar tilbake til provinsen i Russland.

Leidulv Namtvedt viser til den russiske invasjonen av Krim i 2014.

d

– Vanlegvis får falne soldatar store seremoniar, men dei russiske soldatane som døydde på Krim, vart gravlagt i det stille. Falne soldatar er ikkje populært i Russland no.

Det synet deler eks-ambassadør Øyvind Nordsletten:

– Eg trur ikkje det er sannsynleg med eit breitt russisk angrep på Ukraina.

Nordsletten kjenner Russland og Ukraina godt som tidlegare ambassadør i Moskva (2000-2008), Kiev (1992-1996) og generalkonsul i Murmansk (2011-2013).

Nato-frykt forklarer russisk aggresjon

Spenninga i Ukraina er knytt til russisk frykt for at landet skal bli medlem av Nato.

– Nato tek ikkje opp nye medlemmer som er i konflikt. Det er med å forklara det Russland gjorde i 2014, seier Leidulv Namtvedt.

I 2014 annekterte Russland Krim-halvøya sør i Ukraina, samstundes som prorussiske separatistar tok kontroll over fleire område i aust.

Sidan då har ukrainske soldatar kjempa for å gjenerobra dei austlege områda Donetsk og Luhansk.

r

Verken Leidulv Namtvedt eller Øyvind Nordsletten ser at Vesten kan møta det russiske kravet om å garantera at Ukraina aldri kan bli Nato-medlem.

– Vesten kan ikkje møta det kravet, då mister dei mykje av truverdet. Så skal me heller ikkje tilbake til Jalta-konferansen 1945, der store nasjonar kom saman for å dela opp Europa mellom seg, seier Namtvedt.

Krigen og øydelegginga av Irak og bombinga av Libya, der Noreg òg var med og slepte nesten 600 bomber, er for Russland eit døme på vestleg aggresjon og doble standardar.

—  Øyvind Nordsletten, eks-ambassadør

Han får støtte av Øyvind Nordsletten:

– Ingenting tyder på at Ukraina vil kunna verta medlem av alliansen i eit overskodeleg perspektiv. Men her handlar det om eit viktig prinsipp: Statane sin rett til sjølv å definera korleis dei vil tryggja sitt territorium og sin suverenitet. Ikkje utan grunn har Sverige og Finland gjort det klart at eit slikt krav er uakseptabelt.

Sverige og Finland er ikkje medlemmer av Nato, men har status som partnarland, i likskap med Ukraina.

Russarane klagar Vesten for dobbeltmoral

Øyvind Nordsletten vart erklært uønskt i Sovjetunionen i 1984, men kunne venda tilbake som ambassadør til Russland i 2000, ifølgje Store norske leksikon.

Han er oppteken av at ein i konfliktar også ser den andre part sine synspunkt.

– Ikkje for at me skal akseptera det andre synet, men for å hindra demonisering og for å gjera oss betre i stand til å sjå utvegar og finna løysingar.

---

Ordkrigen om Ukraina

  • Tysdag sa talsperson for USAs president Joe Biden at Russland når som helst kan komme til å starta eit angrep på Ukraina.
  • Russiske styrkar er no på veg til Kviterussland, der dei skal delta i ei militærøving. I tillegg er det anslagsvis 100.000 russiske soldatar i område aust for den ukrainske grensa.
  • Frankrikes president Emmanuel Macron sa onsdag at landet står klar til å utplassera styrkjer i dei austlege Nato-landa.
  • Latvia lovar militærhjelp i form av våpen og militært materiell til Ukraina for å møte trusselen frå Russland.
  • Sverige har sendt soldatar til å patruljera gatene på øya Gotland i Austersjøen.

Kjelde: NTB

---

Øyvind Nordsletten seier mange i Vesten ser med rette på Nato og USA som ein allianse som står for fred og demokrati.

Samstundes må Vesten ta inn over seg at Russland ikkje opplever det slik:

– Krigen og øydelegginga av Irak og bombinga av Libya, der Noreg òg var med og slepte nesten 600 bomber, er for Russland eit døme nettopp på vestleg aggresjon og doble standardar. Etter mitt syn vert det for enkelt berre å avvisa slike påstandar som irrelevante. Vi må kunna makta å forfekta vårt syn og samstundes sjå oss sjølv i augo, seier Nordsletten.

Omstridd amerikansk krigsdoktrine

Nordsletten, som har vore ambassadør i både Ukraina og Russland, peiker også på Monroe-doktrinen.

Den 200 år gamle amerikanske militærdoktrinen inneber at USA ikkje vil akseptere at framande statar utplasserer militære styrkar på den vestlege halvkule.

g

– Russarane klagar ofte Vesten for dobbeltmoral, og for å krevja av andre det ein ikkje krev av seg sjølv. Fleire har vist til Monroe-doktrinen og spurt om kva USA ville gjort om til dømes Russland eller Kina, reint fiktivt tenkt, gjekk i kompaniskap med statar på den vestlege halvkule og utplasserte militære ressursar der. Ville USA ha godteke det?

Nordsletten legg til:

– Heller ikkje i desse spørsmåla er det vel slik at den eine parten sit med den heile og fulle sanninga.

Festar håp til samtalar

Begge eks-ambassadørane fester no håp til at samtalane mellom USA og Russland blir teke på ministernivå.

Fredag skal etter planen USAs utanriksminister Antony Blinken møta Russlands utanriksminister Sergej Lavrov i Genève.

– Når det går føre seg samtaler, må det bety at begge landa trur dei kan koma fram til noko, seier Leidulv Namtvedt.

– Eit lite lyspunkt er det i alle fall at partane verkar innstilt på å møtast på nytt. Men det er ingen tvil om at situasjonen er spent og alvorleg, seier Nordsletten.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter