Nyheter

Tilbakekalling av statsborgarskap blir aldri forelda. Det meiner SV og Raudt urimeleg

STATSBORGARSKAP: Grovt bedrageri blir forelda etter 10 år. Dei som har fått norsk statsborgarskap på feil grunnlag, kan derimot i prinsippet straffast for det livet ut. – Vi er betre enn dette, seier SV-politikar Grete Wold.

– Systemet vi har for å sende ut folk frå Noreg, øydelegg heile familiar og enkeltlagnader. Vi er faktisk betre enn dette, og no er det på tide å vise det, seier stortingsrepresentant Grete Wold frå SV.

Saman med Tobias Drevland Lund (R), Seher Aydar (R) og Marian Hussein (SV) leverer ho i dag eit framlegg om å endre lova, slik at tilbakekalling av statsborgarskap får ein foreldingsfrist.

«I dag kan mennesker som har bodd, arbeidet og etablert familie i Norge gjennom flere tiår, bli utvist fra landet. Det vil vi gjøre noe med», skreiv dei i framlegget.

Dei å innføre ein foreldingsfrist etter «en viss tid».

– Kor lenge ser du føre deg at «enn viss tid» skal vere?

– Vi tenkjer at det er ope for vurdering, og vi må sjå på kva som er mogleg. Men foreldigfristen for grovt bedrageri er 10 år, og eg meiner det er rimeleg at det bør vere om lag det same i desse sakene, seier Grete Wold til Vårt Land.

Grete Wold

– Følgjer ikkje Stortinget sitt ønske

Nye reglar i statsborgarlova vart sett i kraft 15. januar 2020, som skulle gjere det vanskelegare å kalle tilbake statsborgarskap. Der blei det blant anna slått fast at statsborgarskap ikkje skal kallast tilbake dersom det etter ei vurdering av heilskapen blir vurdert som eit urimeleg inngrep, anten mot den det gjeld eller den næraste familien.

– Har ikkje det nye lovverket betra situasjonen for dei som står i fare for å miste statsborgarskap?

– Vi ser at praksisen er for streng. Forvaltninga tek ikkje omsyn til det politiske ønsket som låg bak denne lovendringa. Vi ser at dette rammar menneske som har både barn og barnebarn i Noreg, seier Wold.

Etter eit spørsmål frå tidlegare stortingsrepresentant Karin Andersen, svarte dåverande integreringsminister Guri Melby i mars i fjor at det etter lovendringa var gjort 144 vedtak om tilbakekalling i løpet av eit drygt år etter lovendringa.

Dette meiner Wold viser at forvaltninga ikkje følgjer opp det politiske ønsket om ein reaksjon der konsekvensane står meir i forhold til kor alvorleg lovbrotet er.

– Det skal sjølvsagt vere ei straff for å bryte utlendingslova, men det må vere forholdsmessig. Vi kan ikkje sende ut folk som bryt regelverket for mange år sidan, seier ho.

– Når besteforeldre må reise frå barn, barnebarn og det livet dei har skapt her så er det umenneskeleg.



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter