Svensk LHBT-profil startar messe i frikyrkje

SVERIGE: Forfattar, komikar og artist Jonas Gardell har i fleire tiår vore ein talsmann for LHTB-rørsla i Sverige. Han vaks opp i den svenske baptistkyrkja, men forlet den som 16-åring. No er han kome tilbake – på talarstolen.

Jonas Gardell
HEIM: No vender forfattar Jonas Gardell tilbake til kyrkja han vaks opp, og som han skildrar slik: «Heile rommet er eit muskelminne, som når vintersola steig rosa om morgonen utanfor kjøkenvindauget, eller isbilen sitt signal i det fjerne.»
Publisert Sist oppdatert

«Då eg gjekk forbi lokala for rundt eit år sidan, såg eg på oppslagstavla utanfor eit regnbogeflagg med teksten HER, ALLE ER VELKOMMEN! Så då gjekk eg inn. Og det var som å komme heim igjen.»

Det skreiv den svenske forfattaren, komikaren og artisten Jonas Gardell i ein post på Instagram søndag formiddag. Gardell er for mange i Noreg kjend for romantrilogien «Torka aldrig tårar utan handskar», som handlar om skeive i Stockholm på 1980-talet. Same dag skulle han gjennomføre si første messe Norrmalms kyrkje i Stockholm, saman med to av dei faste pastorane i kyrkja.

– Som å komme heim

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP