Nyheter

Ny forskning: Sosial bakgrunn kan få stor betydning for kreftsjuke barn

ULIKSKAP: Ny, dansk forsking viser at barn med arbeidsledige foreldre får kreftdiagnosen seinare og ein lågare dose med cellegift enn andre barn. Kreftforeningen blir ikkje overraska om det same skjer i Noreg.

– Dette er nok eit eksempel på ulikheita som er i helsevesenet.

Det seier forskar Line Hjøllund Pedersen i ei pressemelding frå den danske organisasjonen Kræftens Bekæmpelse.

Ho står bak to ferske studier som ser på korleis den sosiale bakgrunnen til foreldre påverkar kreftsjuke barn.

Studiene konkluderer med at:

  • Foreldre med kort utdanning, som har ein depresjon, eller er arbeidsledige, må venda seg vesentleg fleire gongar til helsevesenet før barnet får ein kreftdiagnose, samanlikna med meir ressurssterke foreldre.
  • Barn som har foreldre med kort utdanning eller er arbeidsledige, får ein lågare dose med cellegift enn andre barn.

Når ikkje igjennom i møte med helsevesenet

Rapporten vart først omtala i den danske avisa Kristeligt Dagblad.

Medforskar og professor Kjeld Schmiegelow seier til avisa at dei dårleg stilte foreldra har langt vanskelegare å bli høyrt i helsevesenet.

– Me ser at desse foreldra oppsøker helsevesenet mange gongar før diagnosen blir stilt. Kva som skjer i kommunikasjonen, veit me ikkje, seier han til Kristeligt Dagblad.

Kjeld Schmiegelow understreker at foreldre er «ekstremt gode observatørar» og merker godt når noko er gale med barnet.

Men noko ser ut til å skje i møtet med helsevesenet, der mindre ressurssterke foreldre ikkje når gjennom.

– Kvar gong ein pasient går til ein lege, foregår det ei forhandling. Nokon kan ha meir problem å forklara symptoma og bruka dei rette termene. Eller dei kan akseptera det raskare, om legen seier at det nok går over, seier han.

Får lågare dosar med cellegift

I tillegg får kreftsjuke barn med ressurssvake foreldre, lågare dosar av cellegift. Det viser studien som ser på heimebehandling med cellegift, der foreldra gjev medisin til barna.

Forskarane fulgte 173 barn i perioden 2008 til 2016 med diagnosen akutt lymfatisk leukemi. Det er ein type blodkreft som er blant dei hyppigaste kreftformene blant barn.

Det er ingen sosial ulikskap i kor høgt ein elsker sine barn. Foreldre til eit kreftsjukt barn sjusker ikkje med behandlinga, uansett kor såkalla «ressussterke» eller «ressurssvake» dei er.

—  Professor Kjeld Schmiegelow

Barna får ein lågare cellegift-dose om foreldra har kortare utdanning eller står utanfor arbeidsmarknaden.

Analysene viser at alle foreldra er flinke til å følge behandlinga korrekt, og at det er legane som ikkje justerer dosane likt.

Punkterer myte om at det er foreldra sin feil

Kjeld Schmiegelow meiner desse funna punkterer myta om at foreldra har ansvar for dei sosiale helsefoskjellane i kva hjelp kreftsjuke barn får.

– Det er ingen sosial ulikskap i kor høgt ein elsker sine barn. Foreldre til eit kreftsjukt barn sjusker ikkje med behandlinga, uansett kor såkalla «ressussterke» eller «ressurssvake» dei er, seier han i pressemeldinga.

I studia er dosane med cellegift som barna får, alle innanfor det anbefalte området. Men barn med ressurssvake foreldre, hamnar i den gruppar som får lågast doser.

Kreftforeningen: Skuffa, men ikkje overraska over at det same skjer her

Ifølgje Barnekreftforeningen blir rundt 200 barn og unge kvart år ramma ein kreftsjukdom i Noreg. Totaloverlevinga av barnekreft er i Norge på rundt 85 prosent.

Generalsekretær i Kreftforeningen i Noreg, Ingrid Stenstadvold Ross, understreker at det går bra med dei fleste barn som får kreft.

e

– Overlevinga er høg. Det er den nok uavhengig av sosial status i familien. Samstundes har me sett gong på gong i ulike studier og undersøkingar at sosial status speler inn ved kreft blant vaksne, både når det gjeld oppdaging og forløp. Derfor ville me ikkje blitt direkte overraska om me hadde oppdaga noko liknande her til lands.

Ho legg til:

– Men me ville blitt skuffa. For alle i Noreg skal oppleva eit likeverdig helsevesen, uavhengig av kven du er og kor du bur. Og dette må jo ikkje minst gjelda når det dreier seg om barn.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter