Nyheter

Ho klarar å spare årets såkorn. Andre har allereie ete det opp for å bli mette

OFFER FOR COVID: I Vest-Afrika må folk selje produksjonsutstyr og leve på såkornet dei treng til årets avlingar. – Vaksinefordelinga er både usolidarisk og uklok, seier bistandsleiar Erik Lunde.

«Jeg vil innstendig be alle om å fortsette å følge råd og regler og ta vaksine, enten du skal ha første, andre eller tredje dose.»

Det sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) då han talte til folket ved årsskiftet.

«Me kan ikkje, og burde ikkje, akseptere at land som allereie har brukt mesteparten av den globale forsyninga av vaksinar, brukar endå meir medan verdas mest sårbare framleis står utan vern.»

Det sa Tedros Ghebreyesus i ein appell i fjor til alle verdas velståande land.

Han er sjef i Verdshelseorganisasjonen (WHO) og ser at særleg eitt kontinent har sett få sprøyter med vaksine.

Usolidarisk vaksinefordeling

Sita Belem finn lite trøyst i tala for hennar heimland. Det er nesten ein kvit flekk på det globale vaksinekartet.

  • Opp mot 0,31 prosent har fått dose ein i Burkina Faso.
  • Opp mot 0,08 har fått dose to.

Berre 0,27 prosent av borgarane i ECOWAS-området er fullvaksinerte, fortel ei fersk kartlegging. ECOWAS er Det økonomiske fellesskapet i Vest-Afrika-statane, og tel 15 land.

Burkina Faso er mellom dei dårlegast stilte i denne regionen når det kjem til vaksinering.

– Vaksinefordelinga er det all grunn til å kritisere, ho er både usolidarisk og uklok, seier generalsekretær Erik Lunde i Strømmestiftelsen til Vårt Land.

mat

Må dele ut mat

Rett før jul vitja han Mali, Burkina Faso og Niger for å sjå korleis koronapandemien råkar tre av verdas fattigaste land.

– Pandemien er ein katastrofe.

Lunde fortel at sjølv om dei driv langsiktig utviklingsarbeid gjennom utdanning og arbeid for å redusere fattigdom, må Strømmestiftelsen starte direkte humanitært arbeid, for første gang på lang tid.

– Me deler no ut mat i Niger, mellom anna fordi svoltne barn lærer lite.

Konkret får familiar med barn i skuleprosjekt mat.

Klarar å spare såkornet

Men Sita Belem i Burkina Faso ser på seg sjølv som heldig, trass alt. For ho er budd.

– Inntektene våre forsvann då pandemien råka. Men me har ein kjøkkenhage, høner og eit kornkammer. Det er det som held oss oppe no, og det som gjer at eg trur me kjem til å klare oss gjennom dette, seier fembarnsmora, via Strømmestiftelsen.

Belem er budd fordi ho er med ei spare- og lånegruppe, som er organisert av hjelpeorganisasjonens partnar i Burkina Faso. Dermed har ho fått kunnskap om planlegging av økonomi, jordbruk og verdien av å sende barna på skulen.

Men det vil røyne på, seier Strømmestiftelsen, som i fjor gjennomførte ein større studie i mellom anna Burkina Faso og to andre land i Vest-Afrika

Belem vil møte store utfordringar når matkrisa som kjem i kjølvatnet av pandemien slår inn. Men til no har ho klart å verne det viktigaste familien rår over. Ho har ikkje byrja å ete av såkornlageret.

Når dei lagra blir føde, ryk også matvaretryggleiken.

sita

Svolten vil råke

I det nordmenn byrja å skrive ned handlelistene til jol – og statsministeren tok til å kladde nyttårstalen - sende FN ut eit hastvarsel for 2022:

  • 35,8 millionar menneske blir råka av matmangel i Vest-Afrika og Sahel-regionen når den magre sesongen melder seg.

«Aukande matutryggleik påverkar allereie tital millionar menneske over heile Vest-Afrika og Sahel, må ikkje bli ignorert av det internasjonale samfunnet», minna FN om.

Økonomisk nedgang

Rapporten frå Strømmestiftelsen viser at i Vest-Afrika har ein av fire selt produksjonsutstyr og brødfør seg med såkornet som eigentleg skal i jorda og gje avling seinare i år.

Kartlegginga er gjort i ni prosjektland på to kontinent, sju i Afrika, to i Asia. Gjennom intervju og spørjeundersøkingar har Strømmestiftelsen kartlagt korleis koronaviruset har råka familiar, barn, kvinner og ungdom.

Sjølv om mange av dei som tek del i prosjekta til organisasjonen bur på bygda og aldri har støytt på covid-19, blir dei råka av konsekvensane av pandemien. Nedstenging og økonomisk nedgang skaper samfunnsproblem:

  • Familiar mistar levebrød, må selje eignelutar.
  • Familiar går tomme for mat, fleire må ete færre måltid per dag.
  • Barn droppar ut frå skulen, ein generasjon kan miste utdanning.
  • Valden i heimen aukar.
  • Fleire tenåringar blir ufrivillig gravide, små barn blir offer for overgrep.
Tedros Adhanom Ghebreyesus, Director General of the World Health Organization (WHO), removes his protective face mask prior to speaking to the media regarding the coronavirus COVID-19 and WHO's global health priorities in 2022, during a new press conference, at the World Health Organization (WHO) headquarters in Geneva, Switzerland, Monday, Dec.  20, 2021. (Salvatore Di Nolfi/Keystone via AP)

«Gjer slutt på ulikskap»

I det 2021 gjekk over i 2022, sende Tedros Ghebreyesus i Verdshelseorganisasjonen ut ei melding. Han etterlyser ei likare fordeling av vaksinar på verdsbasis.

– Dersom me gjer slutt på ulikskap, gjer me slutt på pandemien og det globale marerittet som alle har gått gjennom. Og det er mogleg.

---

Feltrapport

  • I 2021 gjennomførte Strømmestiftelsen ei kartlegging i ni prosjektland, i Sahel-regionen i Vest-Afrika (Burkina Faso, Niger, Mali), Aust-Afrika (Sør-Sudan, Uganda, Tanzania og Kenya) og Asia (Nepal og Bangladesh).
  • Det blei brukt kvantitative metode (hushaldnings- og elevundersøkingar), kvalitativ metode (fokusgrupper og intervju) og sekundære kjelder.

---

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter