Nyheter

Fleire barn og ungdommar kontakta Røde Kors i jula

I juleveka fekk Røde Kors-tenesta Kors på halsen nesten 1.000 førespurnader frå barn og unge. Sjølvmord og eteforstyrringar er blant dei hyppigaste temaa.

Røde Kors opplevde ein auke i talet på førespurnader på nesten 20 prosent i jula samanlikna med tidlegare år.

– Veldig mange snakkar om eteforstyrringar og kroppsbilete eller kroppspress. Vi har hatt mange samtalar som dreier seg om utfordringar med mat, og særleg dei utfordringane som jula gir, seier leiar Nelli Kongshaug i Kors på halsen.

Kors på halsen er eit samtaletilbod for barn og unge under 18 år. Eteforstyrringar er vore eit oftare nemnt tema i 2021, medan psykisk helse og sjølvmord er dei temaa flest tek opp. Nye koronatiltak skaper òg ein del uro.

– Tiltaka gjer nokon uroar seg for at dei skal bli isolerte og sitjande åleine. Somme er òg urolege for skulegangen og heimeskulesituasjonen. Dei fleste ønskjer å vere på skulen og saman med venner, seier Kongshaug.

– Kvardagen har normalisert seg

Somme synest at pandemien har ført med seg noko positivt, mellom anna meir ro i kvardagen med foreldre som er meir til stades, og færre aktivitetar dei må delta på, ifølgje Kongshaug.

Pandemien påverkar òg kva andre tema barn og unge tek opp med dei frivillige.

– Vi har sett at enkelte tema har gått ned under pandemien, som til dømes forelsking. Dette ser ut til å ta seg opp igjen. For dei fleste unge har kvardagen normalisert seg, og relasjonar til jamaldra er eit tema fleire snakkar om no.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter