Nyheter

Pandemien sender barn på foreldreskule

UNDERVISNING: 261 grunnskuleelevar blir i år undervist av foreldre. Norsk hjemmeundervisningsforbund trur pandemien sender fleire barn på heimeskule.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Eg trur det, eg ser inga anna forklaring på veksten, seier Hanna Hilt til Vårt Land.

Ho er styreleiar i Norsk hjemmeundervisningsforbund (NHUF), som er ein interesseorganisasjon for private heimeundervisarar, og driv opplysningsarbeid om lovverket rundt heimeundervisning.

Tala Hanna Hilt kommenterer kjem frå Grunnskolens informasjonssystem (GSI) og viser at:

  • 261 elevar får heimeundervisning i skuleåret 2021-2022.
  • 273 elevar fekk slik undervisning i skuleåret 2020-2021.
  • 226 elevar i skuleåret 2019-2020
  • 184 elevar i skuleåret 2018-2019.

«Hjemmeundervisning light»

På eiga heimeside melde NHUF i fjor dette om koplinga mellom pandemien og tala frå skuleåret 2020-2021:

«Vi har siden april fått nærmere 70 nye medlemsfamilier og har svart på rundt 150 unike henvendelser siden pandemien startet i begynnelsen av mars. Under den skolestyrte fjernundervisningen i vår fikk mange prøve seg på en slags «hjemmeundervisning light» og en del fikk se at dette passet deres barn og familier godt. Dermed har de kanskje hatt et bedre grunnlag for å ta skrittet og velge privat hjemmeundervisning på heltid.»

– Me ser det same i år, mange kontaktar oss via Facebook-sida vår med spørsmål om heimeundervisning, fortel Hilt.

Hanna Hilt i Norsk hjemmeundervisningsforbund.

Foreldre blitt motiverte

Snart har pandemien prega kvardagen i Norge i to år, og elevar landet over er inne i tredje pandemiskuleår. Då regjeringa sende elevane heim i mars 2020, fekk foreldra medansvar for undervisninga. Dette har motivert fleire foreldre til å ta over heile ansvaret for opplæringa til barnet, forklarar styreleiar Hilt.

– Sidan NHUF og mange foreldre har sterk kunnskap om heimeundervisning, har de opplevd at skular og lærarar har kontakta dykk for å få supplerande kunnskap om heimeskule no under pandemien?

– Nei, seier Hilt.

– Kva med politikarar?

– Nei.

Årsaker til heimeskule

Hanna Hilt fortel at talet for årets skuleår, 261, er høgare, for her er mørketal. NHUF ser at kommunar rapporterer tal om privat heimeundervisning ulikt. I tillegg har mange elevar delte løysingar: både skule og heimeundervisning – og desse blir rapporterte som elevar på skulen. Til sist kjem dei som startar på heimeskulen etter GSIs innrapportering, som er i oktober.

– Når det er sagt, må eg understreke at grunnane til at foreldre vel heimeundervisning, er mange og svært ulike, og handlar ikkje om pandemien, seier Hilt.

NHUF listar opp: Mistrivsel, skulevegring, mobbing, mangel på individuelt tilpassa opplæring, sjukdom, lang eller farleg skuleveg, ulike pedagogiske retningar, utanlandsopphald, nedlegging av grendeskular og livssyn.

– I Norge står den offentlege skulen sterkt, men langt frå alle høver inn ein klasse med 30 elevar og ein lærar, der det meste handlar om system og ressursar, seier Hilt.

Kjenner ikkje regelverket

I Norge er det opplæringsplikt, ikkje skuleplikt. Difor kan foreldre ta på seg ansvaret for at barna får grunnskuleopplæringa dei har rett til.

Skuleeigarane, altså kommunane, kan ikkje nekte foreldre å ta barna ut av skulen for å drive heimeundervisning.

– Men fleire kommunar kjenner ikkje regelverket, og det kan bli krevjande rundar før heimeundervisninga kjem på plass, fortel NHUF-leiar Hilt.

---

Heimeundervisning

  • Retten til å undervise eigne barn kom i den første opplæringsloven, 1739.
  • I Norge er det opplæringsplikt, ikkje skuleplikt.
  • Når ein familie ønskjer å starte med heimeundervisning, må dei berre melde frå til kommunen.
  • Foreldre må ikkje ha formell undervisningskompetanse, kommunen skal ved tilsyn sjå til at den lovpålagde opplæringa blir gjennomført.
  • Lærebøker må familien halde sjølv, men fleire kommunar låner ut.

---

Held fram fellesskulen

På Stortinget erkjenner leiar i utdanningskomiteen, Hege Bae Nyholt (R), at det kan vere gode forklaringar på at foreldre vel heimeundervisning for eigne barn.

– Men målet er jo å ha ein god fellesskule i samfunnet som flest mogleg brukar.

Komitéleiaren peikar på særleg to forhold: Lik opplæring og relasjonsbygging gjennom sosialt samvær med jamaldringar.

Kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) ber tilsette i skular og barnehagar om å ta den tredje vaksinedosen så raskt som råd. Foto: Beate Oma Dahle / NTB / NPK

Skrota innstramming

I 2017 ønskte dåverande kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), og Solberg-regjeringa, å revidere opplæringslova. Eit av forslaga som kom frå lovutvalet var å innføre å innføre søknadsplikt for heimeskule, og at søknaden skulle innehalde «...en overordnet plan for opplæringen, inkludert informasjon om læremidler, læringsarenaer og kompetanse, både den formelle og den ikke-formelle».

Dermed kunne kommunar nekte heimeundervisning. Forslaget blei skrota i Kunnskapsdepartementet av dåverande kunnskapsminister Guri Melby (V) då ho sende saka på høyring i fjor haust.

No har kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) overtatt jobben med å fremme forslaget til ny opplæringslov for Stortinget.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter