Nyheter

Barn får juling, men kan ikkje klage til FN. Det vil tre parti endre

KLAGERETT: Solberg-regjeringa nekta norske barn retten til å klage menneskerettsbrot inn for FN, og Stortinget sa seg samd. Tre parti byr opp til omkamp.

Venstre, SV og Raudt fremmar eit forslag i Stortinget om sikre norske barn ein rett dei i dag ikkje har:

Retten til å klage Norge inn for FNs barnekomité over brot på dei menneskerettane som står i FNs Barnekonvensjon.

– Norske barn må på få denne retten, for det vil vere tenleg at ein tredjepart kan sjå Norge i korta, fortel Grunde Almeland (V). Han er leiar i Stortingets familiekomité.

Fremmar lovforslag

Almeland fremmar saman med SVs Kathy Lie og Raudts Tobias Drevland Lund representantsforslaget som har denne ordlyden:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om ratifikasjon av tredje tilleggsprotokoll til FNs konvensjon om barns rettigheter av 1989 og på den måten sikre at Norge tar del i individklageordningen under barnekonvensjonen.»

– Dette vil styrkje barns rettar og gje barn eit ekstra tryggingsnett, seier Lie.

– Land som Danmark, Finland og Tyskland har allereie slutta seg til denne tilleggsprotokollen, minner Drevland Lund om.

Thale Skybak, seksjonsleiar for Redd Barnas Norgesprogram, meiner det er på høg tid at regjering og Storting fullfører løpet:

– Norge har innlemma Barnekonvensjonen i norsk lov, no må klageretten komme på plass.

Klage i asylsaker

I 2011 forhandla FN ferdig eit tillegg til Barnekonvensjonen som gjev barn klagerett. Alle under 18 år kan klage til nasjonale styresmakter og til verdsorganisasjonens eige tilsynsorgan for barn, FNs barnekomité.

Barn kan klage om dei til dømes opplever vald i heimen, mobbing på skulen eller blir utviste frå landet i asylsaker.

– Men før dei kan klage til komiteen må dei ha brukt alle nasjonale klageinstansar, dei må ha vore innom alle rettsinstansar, forklarar Skybak i Redd Barna.

Statsminister Erna Solberg og utenriksminister Børge Brende på åpningen av generalforsamlingen i FN tidligere denne uken.

Nei og nei

Stortinget bad i 2014 og 2015 regjeringa leggje fram ei sak om klageretten.

I 2016 konkluderte Solberg-regjeringa, altså Høgre og Framstegspartiet, med at norske barn ikkje skulle få denne retten:

«Menneskerettighetene er godt beskyttet i Norge. Regjeringen vil, på bakgrunn av arbeidet med meldingen, ikke nå fremme forslag om tilslutning til klageordningene, da det er betydelig usikkerhet knyttet til hvilke konsekvenser ordningene kan få for Norges politiske handlingsrom, og en mulig rettsliggjøring av politiske spørsmål», var forklaringa i Stortingsmelding om FN-klageordningar.

Året etter behandla Stortinget meldinga. I utanrikskomiteen gjekk regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, saman med Arbeidarpartiet (med dagens utanriksminister Anniken Huitfeldt i front) Senterpartiet og KrF, og avviste klageretten, mellom anna fordi han «ikke vil ha rettskraftvirkning i Norge. Dette innebærer at norske domstolsavgjørelser ikke automatisk blir endret eller opphevet».

Komiteen peika på at «konvensjonsorganenes uttalelser» vil «kunne påvirke nasjonale domstolers praksis. Komiteen viser i den sammenheng særlig til utlendingsfeltet».

Norske barn må på få denne retten, for det vil vere tenleg at ein tredjepart kan sjå Norge i korta.

—  Grunde Almeland (V), stortingsrepresentant

Viktig signal

SV meiner det er på høg tid at også Norge sluttar seg til tilleggsprotokollen og gjev barn individuell klagerett. Raudt forventar at Støre-regjeringa ratifiserer tilleggsprotokollen:

– Etter mi meining er det allereie ti år for seint, og me treng ikkje å vente ti nye, seier Drevland Lund.

Venstre minner om at Norge no har sete i FNs tryggingsråd, og ønskjer å bruke plassen til å styrkje respekten for folkeretten:

– Norge vil sende eit viktig signal internasjonalt om me no gjev barn klageretten, seier Almeland.

Kjem med krav

Kirsten Kolstad Kvalø og Maren Irene G. Bakkevoll arbeider i Norges institusjon for menneskerettigheter (NIM). I eit innlegg på NIMs heimeside, med tittelen Gi barn klagerett til FN nå, skriv dei to:

«Det finnes mange andre land hvor barn langt oftere opplever rettighetsbrudd enn i Norge. I disse landene kan det være kjempeviktig med en klageordning. Det er vanskelig å mene at disse landene skal følge tilleggsprotokollen om klagerett, når ikke Norge gjør det.»

NIM er oppretta av og underlagt Stortinget.

---

Barnekonvensjonen

  • Barnekonvensjonen stadfestar at barn har spesifikke menneskerettar, og krav på særskilt vern.
  • Alle land i verda, minus USA, har slutta seg til barnekonvensjonen.
  • FNs barnekomité overvakar at statane etterlever konvensjonen.
  • Det einskilde land må vedta å gje barn eigen klagerett til FNs barnekomité, det har ikkje Norge gjort.

---

Representantforslag om å sikre barn individuell klagerett etter barnekonvensjonen. Kathy Lie (SV), Tobias Drevland Lund (Rødt) og Grunde Almeland (V)

Har behandla mange saker

– Stortinget avviste å gje barn klagerett i 2017, kva er endra på fem år, Almeland?

– FNs barnekomité har behandla mange individuelle klagesaker, og det er utvikla ein praksis. Så Norge kan ikkje lenger seie at komiteen har veik røynsle med å behandle klagesaker, seier familiekomitéleiaren.

Då utanrikskomiteen i 2017 avviste klageretten, var stortingsfleirtalet svært opptatt av praksisspørsmålet, dei meinte at praksisen var mangelfull.

I november deltok Ragnhild Male Hartviksen, medlem i Stortingets familiekomité for Ap, i ein paneldebatt i regi av Redd Barna. Her varsla ho at Ap no ser med nye augo på klageretten.

– Me var positive til tilleggsprotokollen, men me ønskte å sjå på røynslene, ikkje berre vedta noko. No skal me sjå på saka, sa Male Hartviksen, og la til at ein har hausta gode røynsler med klageretten.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter