Barn får juling, men kan ikkje klage til FN. Det vil tre parti endre
KLAGERETT: Solberg-regjeringa nekta norske barn retten til å klage menneskerettsbrot inn for FN, og Stortinget sa seg samd. Tre parti byr opp til omkamp.
KLAGERETT: Barn skal få retten til å klage Norge inn for FNs barnekomité. Kathy Lie (SV), Tobias Drevland Lund (Rødt) og Grunde Almeland (V) har levert inn eit representantforslag i Stortinget.
Erlend Berge
Venstre, SV og Raudt fremmar eit forslag i Stortinget om sikre norske barn ein rett dei i dag ikkje har:
Retten til å klage Norge inn for FNs barnekomité over brot på dei menneskerettane som står i FNs Barnekonvensjon.
– Norske barn må på få denne retten, for det vil vere tenleg at ein tredjepart kan sjå Norge i korta, fortel Grunde Almeland (V). Han er leiar i Stortingets familiekomité.
Bestill abonnement her
KJØP