Nyheter

Afghanistan-ekspert: – Det finst ingen veg utanom å samarbeide med Taliban

AFGHANISTAN: Forskar Arne Strand er einig i skildringa av Afghanistan som eit av dei verste landa i verda akkurat no. Samstundes seier han at det ikkje er så gale at det ikkje kan bli verre.

– Afghanistan har vore på veg i feil retning over veldig lang tid. Samfunnsinstitusjonane har vore prega av omfattande korrupsjon og svak styring. Sanksjonane mot Taliban etter maktovertakinga har berre akselerert denne situasjonen, seier forskingsleiar Arne Strand ved Chr. Michelsens Institutt (CMI).

Situasjonen i landet blei i haust peika ut av FN som verdas verste humanitære krise. I haust lukkast den islamistiske gruppa Taliban å ta tilbake makta i landet, 20 år etter at ein USA-leia koalisjon kasta dei ut. Sanksjonane som har ramma landet etter det, kombinert med den verste tørkekatastrofen på fleire tiår, har skapt det som kan blei ei enorm menneskeleg katastrofe i landet.

Forskingsleiar Arne Strand ved Chr. Michelsen Institutt

Heller Taliban enn borgarkrig

Arne Strand er einig i at Afghanistan, saman med Syria og Jemen, kan kvalifisere til tittelen verdas verste land akkurat no. Men han understrekar at sjølv om lista over ting som har gått gale i landet i haust er frykteleg lang, så var det veldig mykje som var gale allereie før Taliban tok over makta.

Kontrasten mellom den store optimismen då Taliban vart kasta for tjue år sidan, og den mørke situasjonen i dag, er stor. Samstundes er det ikkje slik at det ikkje kan bli endå verre, understrekar Strand.

– Når eg snakkar med afghanarar i eksil så er det ingen som likar Taliban. Men dei vil heller ha Taliban ved makta, enn at landet skal gå tilbake til borgarkrigstilstanden det var i på 90-talet. Ingen vil tilbake dit.

Etter at Sovjetunionen trekte seg ut av Afghanistan i 1989 gjekk landet inn i ein periode med nesten samanhengande borgarkrig, som varte heilt fram til den USA-leia invasjonen hausten 2001. Sjølv om enkelte kanskje håpar på at det nye Taliban-regimet skal rakne i indre fragmentering, så er dette noko Strand verken trur eller håpar på.

sovjetiske panserkøyretøy

Ingen styringsalternativ

– Akkurat no finst det ikkje noko styringsalternativ til Taliban i Afghanistan. Den tidlegare regjeringa og makteliten er i eksil. Sjølv om IS prøvar å utfordre i enkelte provinsar, så finnast det ikkje noko organisert rørsle som kan presse ut Taliban og ta styring, seier Strand.

Folk i landet opplever no ei viss grad av stabilitet – kanskje den rolegaste perioden i landet på tjue år, meiner han. Samstundes er det for tidleg å seie korleis det nye Taliban-regimet vil bli før det har fått endeleg konsolidert seg.

– Min analyse er at delar det Taliban som styrer no er betre enn dei var sist dei hadde makta i Kabul. I det gamle regimet var det ganske enkelt forbode for jenter å utdanne seg eller for kvinner å arbeide utanfor heimen. No er det lov, men praktiseringa er ulik frå provins til provins. Det er ei heilt anna rørsle.

Varsamt fram

Han trur dei nye Taliban-styresmaktene i Kabul går varsamt fram for på den eine sida å unngå intern splitting i rørsla og opprør i provinsane, samstundes som dei ønskjer å komme verdssamfunnet i møte slik at sanksjonar kan bli letta og for at regimet skal få internasjonal anerkjenning.

I dag er det framleis den gamle regjeringa som representerer Afghanistan i FN og på ambassadane rundt om i verda, blant anna i Noreg.

Nettopp det at Taliban ser ut til å tilpasse seg enkelte av verdssamfunnet sine krav om menneskerettar, blant anna kvinners rett til utdanning, blir brukt som argument for at dei strenge sanksjonane verkar og er nødvendige. Samstundes ser ikkje Strand bort frå at det også er andre motivasjonar som også ligg bak.

– USA og andre vestlege land opplever at tjue år med arbeid og enorme investeringar er blitt kasta på båten med Taliban si maktovertaking. Ein kan ikkje sjå bort frå at tanken om å straffe Taliban også er ein del av motivasjonen.

Det er store lokale skilnader i kvinner sine rettar i Afghanistan etter Taliban si maktovertaking

Ramma av storpolitikken

Midt i det heile står Afghanistan i ein storpolitisk strid mellom USA, Russland og Kina. Trass i at åtvaringane om ei humanitær katastrofe i emning har komme med aukande intensitet gjennom hausten, lukkast Tryggingsrådet i FN først 22. desember å einast om å gjere unntak i dei økonomiske sanksjonane for å gjere det mogleg å få inn naudhjelp.

– Det har vore fullstendig sprik i Tryggingsrådet. Ein kan jamføre dette med situasjonen i Syria og Russland si konflikt med Ukraina. Alt saman går i ei storpolitisk kvern.

Eit håp kan vere at verdssamfunnet går saman om konstruktive løysingar når vinterkulda kjem og ei humanitær katastrofe slår ut for fullt. Men heller ikkje grufulle menneskelege lidingar er alltid nok til å rokke ved regional og internasjonal storpolitikk. Det er både Syria og Jemen ferske døme på.

Og sjølv om verdssamfunnet skulle einast om å leggje til rette for naudhjelp, så løyser heller ikkje det den meir langsiktige krisa som den afghanske befolkninga står i, meiner Strand.

Nøydde til å få til noko meir enn naudhjelp

Fram til Taliban tok makta i Kabul, fekk den afghanske staten opp mot 80 prosent av inntektene sine frå internasjonal bistand. Allereie før maktovertakinga levde meir enn halvparten av befolkninga i landet under fattigdomsgrensa.

– Vi er nøydde til å få til noko meir enn naudhjelp. Det er ingen som er tent med at Afghanistan skal fortsette å vere avhengig av hjelp. Heller ikkje vi i Vesten. Stadig behov for naudhjelp blir ein enorm utgiftspost, og i bakgrunnen ligg også frykta for ein ny flyktningstraum, seier Arne Strand.

eir enn halvparten av befolkninga i Afghanistan vil lide under matmangel i løpet av vinteren som kjem.

Det er ingen veg utanom å jobbe saman med Taliban, meiner han. Heller ikkje dersom ein skal nå ut til befolkninga med naudhjelp. Det manglar kapasitet til å distribuere hjelpa. FN har trekt seg nesten ut og bistandsorganisasjonane har ikkje nok folk på bakken til å klare det, trur Strand. Ein vil trenge styresmaktapparatet som Taliban kontrollerer for å lukkast.

– Tilbakemeldingane vi får frå dei som er der no, er at det er mykje som fungerer lokalt. Taliban legg til rette for at bistandsorganisasjonane kan jobbe.

Han understrekar at han ikkje vil underspele Taliban sine menneskerettsbrot og dei sterkt undertrykkjande delane av regimet.

– Det er eit dilemma. Men ein kan velje å vente på fullt politisk gjennomslag, eller ein kan velje å vere pragmatiske. For det afghanske folket sin del så må vi gjere det siste.

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter