Nyheter

Har venta på nytt heimland i over 20 år – får kome til Norge

KVOTEFLYKTNINGAR: Norge har vore i Rwanda og henta kvoteflyktningar. Fleire av dei utvalde har budd i flyktningleirar i over 20 år. UDI varslar at Norge klarar å fylle kvoten i år, 3.600 flyktningar.

– Frå Rwanda har me særleg plukka ut kongolesiske flyktningar. Profilen på uttaket er barnefamiliar og sårbare kvinner, noko som betyr kjernefamiliar og einslege mødrer. Fleire har vore her svært lenge, over 20 år, fortel seniorrådgjevar Jonas Lea til Vårt Land frå hovudstaden Kigali.

Lea arbeider i Utlendingsdirektoratet (UDI), som saman med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og politiet har vore i Rwanda og intervjua vel 150 kvoteflyktningar, eller overføringsflyktningar, som snart kjem til Norge for permanent busetjing i ein kommune.

Fekk koronaproblem

Solberg-regjeringa slo fast at det årleg skulle komme 3.000 kvoteflyktningar til Norge. Men covid gjorde uttaket vanskeleg i fjor, og skapte problem i år.

– Dei siste åra har kvoten vore på 3.000 personar, men grunna koronapandemien og globale reiserestriksjonar blei 608 plassar overført frå 2020 til i år, fortel assisterande kommunikasjonsdirektør Håkon Fenstad i UDI

Fram til byrjinga av desember har UDI gjeve innreiseløyve til 3.151 overføringsflyktningar. Talet inkluderer også dei 51 flyktningane Norge henta frå Hellas etter brannen i Moria-leiren i fjor haust og kring 800 personar som Norge evakuerte frå Afghanistan i august i år.

Mange av desse var tidlegare tilsette i ein norsktrent spesialpolitistyrke eller sivile som hadde arbeidd for Forsvaret eller Utanriksdepartementet, samt familiane deira.

lea

Fyller kvoten

Fenstad i UDI opplyser at to større uttak i Rwanda og Libanon vil fylle dei siste 457 plassane:

– Dermed kjem vi til å fylle heile kvoten på 3.608 overføringsflyktningar i år.

Overføringsflyktning, eller kvoteflyktning, er personar som i hovudsak er registrerte som flyktningar hjå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR), men som ikkje kan tilbys ei varig løysing i landet dei oppheld seg i. Dei bør bli overførte til eit tredje land.

Ut frå UNHCRs lister gjer så dei einskilde landa sine uttak. Men før flyktningane kjem til Norge, reiser UDI, IMDi og politiet ut og gjer dei siste intervjua. Difor har Norge hatt ein uttakskommisjon i Rwanda no i desember. Landet husar både flyktningar frå naboland, særleg Kongo, og frå andre afrikanske land, som Libya.

Dermed kjem vi til å fylle heile kvoten på 3.608 overføringsflyktningar i år

—  Håkon Fenstad, assisterande kommunikasjonsdirektør UDI

Norskstøtta leir

I 2019 kom dåverande utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) til Rwanda med 50 millionar kroner som blei brukt på å etablere flyktningleiren i Gashora. Leiren er eit transittmottak med plass til 500, som får tett helseoppfølging. UNHCRs planar var å fly tusental flyktningar frå leirar i Libya til Gashora.

I Libya sit nemleg store grupper med flyktningar og migrantar og ventar på å komme med båt over Middelhavet. Eller få vende heim.

Dei som blir henta til Rwanda og Gashora kan få status som kvoteflyktning, bli repatrierte til heimlanda eller bli buande i Rwanda.

---

Kvoteflyktningar

  • Solberg-regjeringa tok 3.000 kvoteflyktningar, eller overføringsflyktningar, til Norge.
  • Støre-regjeringa skal ta i mot like mange i 2022, kvoten skal også innehalde «anna byrdedeling».

---

Glade mødrer

Planen i år var å ta ut fleire evakuerte flyktningar frå Libya, via Rwanda. Men fordi det ikkje går fly ut frå Libya, måtte UDI endre kvoten. Valet fall på kongolesarar med mange år bak seg i rwandesiske leirar.

Valet gjorde mange i Kigali svært glade.

– Mange av dei kongolesiske mødrene uttrykte stor glede for at barna deira no får ein sjanse til å skape seg ei framtid i Norge, fortel Jonas Lea i UDI.

reise

Ti frå Libya

Sjølv om uttaket i Rwanda ikkje hadde så mange flyktningar frå Libya som ønskt, stod det likevel ti Libya-flyktningar på Leas liste.

Han fortel at dei var svært glade for å ha komme seg frå Libya til Rwanda, og endå uttrykte større glede over å få komme til Norge.

UDIs utsende til Kigali opplyser at etter samtalar med UNHCR har Norge von om at fleire kjem seg til frå Libya til Rwanda neste halvår.

Pave Frans talte nyleg på ei messe i Nikosia på Kypros. Om tilhøva i mellom anna Libya sa paven:

— Det finst stadar med tortur, menneske som blir selde. Eg seier det fordi det er mitt ansvar å opne augo dykkar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter