Nyheter

Her badar dei i billig straum

SJELEFRED: Folk i Tokke kommune treng ikkje grua seg til straumrekninga. Dei er garantert ein makspris på straum som er ein brøkdel av pristoppane. No kan andre kommunar ta etter.

Ikkje ein lyd kjem frå Synne Aasland når føtene hennar når det iskalde vatnet. Ho tek eit til steg, før ho slepp taket i stigen, legg seg bakover og let vatnet omslutta henne.

Pusten går roleg når ho ser opp på den bleike desemberhimmelen.

Heldigvis kan Synne Aasland småspringe inn til ei varm badstove etter dukkerten. Badstova Soria Moria ligg ved innsjøen Bandak, som i dag kviler i mjuk skodde.

Inne i den arkitektteikna badstova sørgjer elektriske varmekablar og badstove-ovn for ein god temperatur. Men luksusen er ikkje noko kostnadssluk denne vinteren, for badstova er sikra billig straum.

Medan straumprisen nokon stadar kryp over fire kroner kilowattimen, går straumprisen aldri over 37 øre her i badstova. Det same gjeld alle som har straum-uttak i kommunen i Vestfold og Telemark fylke.

Det er takka vera nokon framsynte politikarar på 1980-talet. No vurderer andre kommunar å ta etter.

Nesten 500.000 i protestgruppe

Sjølv om vinteren knapt er i gang, kjennest den tung for mange. Låge vassmagasin og høge prisar på gass og klimakvotar har sendt straumprisane i vêret.

Mange nordmenn gruar seg no til å få straumrekninga. På Debatten på NRK fortalde ei mor om at barneromma i heimen heldt 13 grader fordi straumen er så dyr. Aftenposten har snakka med ei småbarnsmor som selde hunden for å betala straumrekninga.

Opposisjonen har pressa regjeringa på dei høge straumprisane. Til no har regjeringa svara med å kutta i elavgifta og auka bustøtta. Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) har lova fleire tiltak før jul, melder NTB.

Tokke kommune frister med billig strøm.

Over 450.000 nordmenn er blitt med på Facebook-sida «Vi som krev billigare strøm». Her fortel folk om strategiar dei brukar for å få ned straumrekninga. Nokon søv i stova, andre køyrer vaskemaskina på natta, andre koker egg på vedomnen.

Ordførar forstår at folk er sinte

Som ein roleg oase midt i denne straum-angsten, finn du Tokke. Kommunen ligg i enden av Telemarkskanalen og har knappe 2200 innbyggarar.

Tokke kommune frister med billig strøm.

Kommunesenteret Dalen ligg klemt inne mellom innsjøen Bandak og høge fjellsider. Det er desse bratte liene som er nøkkelen til suksess.

– Me hentar vatn frå godt innover Hardangervidda. Frå Åmot går vatnet i tunnel ned til Bandak, med eit fall på fleire hundre meter.

Inne på kommunehuset på Dalen står Jarand Felland og peikar på eit svært kart. Forkjærleiken hans for geografi har resultert i eit kart som dekker ein heil vegg på ordførarkontoret.

I seks år har han vore ordførar i Tokke. Det er ein av få kommunar med makspris på straum.

– Me er heldige her i Tokke. Eg forstår at folk no er frustrert over straumprisen andre stader i landet.

Bygdeliste tok grep på 1980-talet

Korleis enda Tokke opp som eit straumparadis?

Når Sp-ordførar Felland skal svara, tek han oss tilbake over 100 år i tid.

Tokke kommune frister med billig strøm.

– På starten av 1900-talet var det mange spekulantar og utanlandske selskap som ville kjøpa norske vassfall. Då såg Stortinget at det var viktig at dei som budde der ressursane var, skulle ha sikra tilgang til straum.

Det la grunnlag for konsesjonslova. Den krev at kraftprodusentar må gje frå seg inntil 10 prosent av krafta til kommunen eller fylkeskommunen til ein relativt billig pris.

I Noreg er det rundt 200 slike kraftkommunar. Nesten alle sel konsesjonskrafta på den opne marknaden, og bruker fortenesten over kommunebudsjettet.

Tokke er eit unntak.

– På 1980-talet velta ei lokal bygdeliste Ap-fleirtalet. Det var etter 50 år med Ap-styre. Bygdelista sitt krav var at folk skulle få kraft til ein rimeleg pris, fortel Jarand Felland.

Sidan då har inbyggarane i Tokke vore sikra ein makspris på straumen. No er den på 37 øre per kilowattime.

Tokke kommune frister med billig strøm.

Går glipp av rundt 17 millionar i år

Denne straumen kunne kommunen heller seld på den opne marknaden til rekordpris. Ordføraren anslår at kommunen i år går glipp av mellom 15 og 17 millionar kroner på makspris-ordninga.

– Er det surt å tenka på alle pengane kommunen går glipp av?

– Ein kommune har alltid ting ein tenker kunne vore kjekt å få til. Samtidig er målet vårt å levera gode nok tenester, me skal ikkje gå med størst mogleg overskot.

Ordføraren ser på kartet som dekker kontorveggen.

– Så gjer ordninga at det er ein bekymring mindre for folk. Eg trur det slit på folk å lesa om ekstreme prisar i avisene. Dei blir stressa av å lesa om kor mykje det kostar å ta ein dusj.

Varme hus i kalde vintrar

Det er godt og varmt i huset der sju år gamle Malin bur med mamma, pappa og storesøster. Ho har vagla seg opp på tripp-trapp-stolen på det prinsessefarga jenterommet.

Det er godt og varmt når me står opp og når me kjem heim frå jobb. Me er heldige som har denne komforten.

—  Tore Gjerlid

Når dei tilreisande journalistane spør kva yndlingshobbyen hennar er, bryt ho ut:

– Eg elskar å dusja!

Tokke kommune frister med billig strøm.

Tore Gjerlid og Monica Hegglid Gjerlid smiler til dottera. Dei er glade dei aldri treng å nekta dottera ein varm dusj på grunn av straumprisen.

– Folk utanfrå trur ikkje på meg når eg fortel om kor billig straum me har. Eg må nesten visa dei straumrekninga, seier Tore Gjerlid.

Håpar på fleire barnefamiliar

Familien på fire bur i eit romsleg hus på Dalen. Ute lavar snøen ned. Varmepumpe, panelomnar og varmekablar sørgjer for varmen.

– Det er godt og varmt når me står opp og når me kjem heim frå jobb. Me er heldige som har denne komforten, seier Tore Gjerlid.

Kona Monica Hegglid Gjerlid høyrer ofte om folk utanfrå bygda som uroar seg over straumprisane.

– Det er vanskeleg å sjå at andre har det så vondt. Eg synest det er frykteleg sårt.

Tokke kommune frister med billig strøm.

Dei to har kjent kvarandre sidan dei var små. Dei har vore eit par i 16 år. Å ha barn i Tokke, passar dei perfekt.

– Å flytta til ein plass som har uføreseielege straumprisar, er ikkje eit alternativ for oss, seier ho.

No håpar dei at dei låge straumprisane kan gjera at fleire barnefamiliar vil vurdera å flytta til kommunen.

Pengane rår i kraftbransjen

– Skal eg kasta litt vatn på omnen?

Synne Aasland ser spørjande på Knut Kristensen. Inne i badstova begynner temperaturen å ta seg opp.

Badstova Soria Moria knyt dei to saman. Som reiselivskonsulent brukar Synne Aasland badstova aktivt for å lokka turistar til bygda.

Tokke kommune frister med billig strøm.

Knut Kristensen vart «badstove-fadder» etter han vart pensjonist. Han held området i stand, tek i mot gjester og hakkar hol i isen så dei mest vågale kan isbada.

– Badstova er ein stor del av livet mitt, fortel han.

Pengane styrer meir no enn før. Eg kjenner til folk som har tent gode pengar på å kjøpa og selja straum.

—  Knut Kristensen

Han peiker ut vindauget på Tokke kraftstasjon som kviler inntil Bandak.

– Det var stort då kraftstasjonen vart opna. Einar Gerhardsen kom for å vera med på opninga.

Kraft har også vore ein viktig del av livet til Knut Kristensen. Han vaks opp i industrikommunen Odda og han har jobba lenge i Statkraft.

I løpet av den tida, har han merka at kraftbransjen har endra seg.

– Pengane styrer meir no enn før. Eg kjenner til folk som har tent gode pengar på å kjøpa og selja straum. Eg håper politikarane gjer noko for dei som må betala så høge straumrekningar.

Billig strøm i Tokke kommune. Tokke vannkraftverk, Dalen.

---

Kvifor har Tokke så billig straum?

  • Tokke kommune er ein av rundt 200 kommunar i Noreg som har konsesjonskraft.
  • Dette er kraft som kraftprodusentar må gje frå seg til ein relativt billig pris. Den skal dekka det allmenne kraftbehovet i kommunen.
  • Det vanlege er at kommunane sel denne krafta på den opne marknaden. Då kjem fortenesten innbyggarane til gode gjennom eit styrka kommunebudsjett.
  • Tokke er eit unntak. Dei bruker konsesjonskrafta til å garantera innbyggarane ein makspris på straum.
  • For i år er den 37 øre per kilowatt-time, utan moms og avgifter. I Sør-Noreg har prisen i periodar bikka 4 kroner.

---

Makspris blir tema i fleire kommunar

NY DEBATT: Kvam kommune i Vestland skal no vurdera ein makspris på straum. Også Vinje KrF blir inspirert av Tokke kommune.

I lys av dei høge straumprisane, ser no fleire kraftkommunar til Tokke for inspirasjon. Dei ser på løysingar som kan sikra innbyggarane ein makspris på straum.

Me har eit av dei største gartneria i landet. Dei vil nyta godt av ein makspris.

—  Jostein Ljones, tidlegare ordførar i Kvam (Sp)

Tidlegare ordførar i Kvam herad på Vestlandet, Jostein Ljones, er blant dei.

– Straumprisen råkar folk i Kvam hardt. Me har mellom anna eit av dei største gartneria i landet. Dei vil nyta godt av ein makspris.

Han representerer Senterpartiet, som no er i opposisjon i kommunen med rundt 8500 innbyggarar.

Under budsjettmøte i heradsstyret torsdag, fekk Sp med seg fleirtalet på at rådmannen skal greia ut eit forslag om makspris på straum.

– Rådmannen fekk ikkje frist, men det seier seg sjølv det må skje så raskt som mogleg.

Foreslår 50 øre i makspris

Kvam ein av dei rundt 200 kommunane i Noreg som har konsesjonskraft. Dette er kraft som kraftprodusentar må gje frå seg til ein relativt billig pris.

f

For Kvam sin del, dreier det seg om 60 gigawattimar i året. Denne krafta sel kommunen på den opne marknaden.

– Ei utfordring er at noko av krafta er seld på kontraktar fram i tid, seier Ljones.

Han håper likevel på at Kvam i framtida kan sikra innbyggarane makspris på straum.

I forslaget frå Sp er maksprisen på 50 øre per kilowatt-time. I vedtaket som vart gjort torsdag, blir ikkje maksprisen definert.

KrF til kamp for makspris

Også nabokommunen til Tokke, snusar på makspris på straum.

Vinje kommune har tidlegare hatt eit slikt system, men gjekk vekk frå det i 2017/2018. Grunnen var at kommunen ikkje ville sponsa hytter med billig straum.

Eg vil jobba for at me går tilbake til ein maksprisordning.

—  Bjørnar K. Christensen, lokallagsleiar i KrF i Vinje

– Eg vil jobba for at me går tilbake til ein maksprisordning, det gjev ein viss omfordeling av goda, seier Bjørnar K. Christensen, lokallagsleiar i KrF i Vinje.

Han er einaste KrF-representant i Vinje, der Sp har reint fleirtal med 14 representantar.

KrF-aren har no skrive ein interpellasjon med forslag om at kommunen deler ut kontantstøtte til straumkundar. Den skal opp for kommunestyret neste veke.

– Eg håper interpellasjonen vil starta ein diskusjon om betre måtar å sikra innbyggarane straum. No kjem me til å ha høg straumpris i mange år framover. Europa kuttar ut atomkraft og skal erstatta denne med grøn energi. Det fungerer ikkje når vinden ikkje bles og sola ikkje skin, seier han.

Dei tre kommunane Valle, Sirdal og Bykle har alt vedteke at dei skal betala straumtilskot til innbyggarane sine.



Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter