Nyheter

Biskop: – Uvaksinert prest gjorde ingenting gale

KORONA: Halvparten av konfirmantane i Kjøllefjord er smitta etter å ha vore på leir med uvaksinert prest. – Han gjorde ingenting gale, seier biskop Olav Øygard.

– Min først reaksjon er at dette sjølvsagt er leit, seier Olav Øygard til Vårt Land.

Han er biskop i Nord-Hålogaland bispedømme, der Lebesby sokn ligg. Det var VG som tidlegare i dag kunne melde at om lag halvparten av deltakarane på ein konfirmantleir leia av sokneprest Helge Helgesen var blitt smitta av korona. Helgesen er ikkje vaksinert.

– Samstundes vil eg understreke at presten ikkje har gjort noko gale her. Han har ikkje brote nokon av dei forskriftene som gjeld i kommunen, seier biskopen.

Kjøllefjord

Allereie eit større utbrot

Før november i år hadde Lebesby kommune i Troms og Finnmark berre hatt ei handfull smittetilfelle. Biskopen Øygard meiner likevel det er misvisande at utbrotet i kommunen starta på konfirmantleiren.

Det skal allereie ha vore eit større utbrot på rådhuset før dette arrangementet. Helgesen skal ha teke fleire testar i forkant av leiren, for å sikre at han ikkje var smitta. Øygard seier også at det ikkje finst nokon dokumentasjon på at det er Helgesen som har smitta konfirmantane.

– Presten gjorde det ein kunne forvente, i høve til dei reglane som gjeld.

Til VG seier kommuneoverlege Marius Lier at det i ettertid verkar rimeleg klart at konfirmasjonsleiren burde vore utsett. Øygard meiner likevel det blir feil å kritisere kyrkjelyden for å ikkje ha utsett leiren, så lenge alle anbefalte forholdsreglar er tekne.

– Hadde leiinga i kommunen meint at ein ikkje burde gjennomført slike arrangement, så burde dei laga forskrift om det.

Vikarprest Helge Helgesen

Oppmodar alle om å vaksinere seg

På spørsmål om kvifor han ikkje har vaksinert seg, svarar sokneprest Helge Helgesen slik til VG:

– For dei med nedsett immunforsvar så er det greitt å vaksinere seg, og eg skjønar at dei er nøye og passar på. Men eg har ikkje hatt nokon store ønske om det, og har for min eigen del ikkje teke vaksinen.

Øygard seier at det ikkje finst nokon oversikt over om det er andre prestar i Nord-Hålogaland som har valt å ikkje vaksinere seg. På generelt grunnlag er han veldig tydeleg på at han oppmodar alle som kan, om å ta vaksinen dei får tilbod om.

– Det er vaksinar som er den store vegen ut av denne pandemien, både i Noreg og globalt, seier han.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter