Nyheter

Sjå Åmot barnegospelkor synge Tenn lys

ADVENT: Då barnegospelkor måtte sette øvingane på vent på grunn av korona, fekk dei ein idé – dei laga musikkvideo. Unn deg ein pause i julestria og høyr denne nydelege versjonen av adventssongen Tenn lys.

«Sjelden jeg blir rørt av videoer her i den digitale verden, men denne grep tak i meg i en krevende tid for mange».

Det var ein av kommentarane då Åmot barnegospelkor la musikkvideoen av adventssongen Tenn lys ut på si Facebookside.

– Vi har hundre barn i koret vårt, og då koronanedstengingane kom og vi ikkje kunne øve, så lurte vi på korleis vi skulle klare å halde på alle saman og halde liv i engasjement, seier Nina Brokhaug Røvang til Vårt Land.

Nina Brokhaug Røvang

Ho er hovudleiar for koret, som består av barn opp til 12 år. Når Vårt Land ringjer henne søndag føremiddag, står ho midt i hektiske førebuingar til adventsgudsteneste i Åmot kyrkje, der koret skal syngje. Eit par av solistane er blitt sjuke og mykje må ordnast på den knappe tida fram til kyrkjetid. Humøret til korleiar Røvang er likevel sprudlande når ho blir forstyrra av ein journalist.

– Over middels stolt

– Eg må seie at eg over middels stolt over at vi har fått dette til!

Ho fortel at då det vart klart at det ikkje var mogleg å ha øvingar, så heiv dei seg rundt og søkte støtte til eit videoprosjekt. Innspelinga av adventsvideoen starta i februar, men måtte avbrytast då det kom ny nedstenging. I haust fekk dei gjort videoen ferdig, og no håpar ho så mange som mogleg får sjå den.

– Vi har prøvd å få fram kvardagsstemninga i videoen. Her er det ikkje så mykje glam og glitter, folk har på seg vanlege klede. Vi håpar at vi på den måten kan gje litt lys og håp også i den grå kvardagen, seier Røvang.

---

Om prosjektet

  • Songen Tenn lys har tekst av Eyvind Skeie og melodi av Sigvald Tveit
  • Regissør for musikkvideoen er Eirik Stordrange
  • Prosjektet er gjennomført med støtte frå Sparebank 1 Modum og Kyrkjerådet
  • Åmot barnegospelkor si innspeling av Tenn lys er også å finne på albumet Framtidshåpet, som er å finne på strøymetenester og CD

---



Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter