– I dag har me så langt fått 15.000 nye medlemmer i Facebook-gruppa. Eg trur budsjettforliket har vore svært sentralt, seier Olav Sylte, når Vårt Land ringer i tolvtida tysdag.
Gruppa han snakkar om, «Vi som krever billigere strøm», har no over 185.000 medlemmer.
Måndag vart det slått ny rekord i straumpris i Sør-Noreg, med ein dagspris per kilowatt på 2,55 kroner. Same dag la budsjett-trioen beståande av SV, Ap og Sp fram statsbudsjettet.
SV bommar kraftig. Dei er opptekne av SFO og barnehager, men det som vanlege familier bryr seg om no, er straumrekninga.
— Straum-aktivist Olav Sylte
I forliket kjem det to tiltak retta mot straumrekninga til folk:
- 100 millionar ekstra til enøk-tiltak i hushalda, gjennom auka støtte til Enova.
- Ei utgreiing om å få inn eit botnfrådrag på el-avgifta for å skjerma dei som har lågt forbruk frå høge straumprisar.
Folk søv i stova eller koker egg på vedomn
Straum-aktivist Olav Sylte meiner dette ikkje er bra nok.
– SV bommar kraftig. Dei er opptekne av SFO og barnehagar, men det som vanlege familiar bryr seg om no, er straumrekninga.
På Facebook-sida han oppretta, fortel folk om strategiar dei brukar for å få ned straumrekninga. Nokon søv i stova, andre køyrer vaskemaskina på natta, andre koker egg på vedomnen.

Frå før er det kjent at regjeringa kuttar el-avgifta med nesten 50 prosent i januar, februar og mars. Tiltaket er venta å kosta 2,9 milliardar kroner og vil kutta straumrekninga med 10 øre per kilowattime.
– Eg hadde håp om at regjeringa no valde å fjerna heile el-avgifta inntil vidare. Det vil ikkje monna all verda, men er det handlingsrommet regjeringa har akkurat no, seier Sylte.
[ Ny rapport slår fast at koronarestriksjonene i Norge var et inngrep på religionsfriheten. ]
Fryktar for det grøne skiftet
Det er tre år sidan Olav Sylte grunnla Facebook-gruppa. Han jobbar til vanleg som advokat.
Han fryktar no at dei høge straumprisane vil svekka legitimiteten til det grøne skiftet, der verda skal gå vekk frå fossile energikjelder.
Ein grunn er at elektrifisering fører til høgare straumprisar. Ein annan grunn er kraftkablane til utlandet som skal gje Europa tilgang til grøn energi. Det gjer at den norske kraftprisen i større grad blir kopla til den på kontinentet.
– Det grøne skiftet skulle vera eit fellesprosjekt der alle skulle vera med. Men no kjenner folk konsekvensane av det grøne skiftet som ein umogleg belastning på lommeboka, seier Sylte.
SV deler uro, lover nye forslag
Lars Haltbrekken i SV forstår uroa for at straumprisane kan svekka oppslutninga om det grøne skiftet.
– Den uroa delar me og me ønsker å gjera noko med det. Me kjem til å foreslå fleire tiltak i tida framover. Eg kan førebels ikkje seie kva type tiltak dette er, seier Haltbrekken.
Han peiker på at SV i budsjettforliket har fått gjennomslag om å greie ut forslaget om ein grøn folkebonus. Planen med ein slik bonus er å skåna dei med låge og middels inntekter frå miljøavgifter.
[ Besteforeldrene får ikke be bordbønn med barnebarna. Samlivspanelet svarer på råd. ]

Haltbrekken trekker også fram den auka støtta til enøk-tiltak i hushaldningane.
– Gjennom enøk-tiltak får folk lågare straumrekning på varig basis, seier han.
Nyleg kom forsking som viser at rike får dei største tilskota til slik straumsparing. Det var NRK som først omtala denne saka.
Haltbrekken håpar at dette kan rettast opp i ved at ein overfører enøk-ansvar til Husbanken. I budsjettforliket blir regjeringa beden om å vurdere å overføre dette ansvaret til Husbanken, som har vanskelegstilte på bustadmarknaden som målgruppe.
Det meiner Haltbrekken kan føra til at enøk-tiltak ikkje berre går til dei med høge inntekter.
[ Navs beskjed til Marit: Du har lite penger å leve for. Men vi kan ikke hjelpe deg. ]
Dyr straumpris gav betre råd til regjeringa
Måndag kunne budsjett-trioen skryta av at dei ikkje auka oljepengebruken, i motsetning til Solberg-regjeringa. Dei har hatt eit anna kort i ermet for å betala gildet: utbyte frå Statkraft.
På grunn av dei høge straumprisane, har Statkraft oppjustert anslaget for utbyte. Det gav budsjett-kameratane 2,3 milliardar ekstra å rutta med.
Statkraft er heileigd av staten, og er den største kraftprodusenten i Noreg. Selskapet har 237 vasskraftverk i Noreg. Statkraft er ikkje direkte involvert i nett- og sluttbrukarverksemd.