Marit må kjempe for verdigheita som minstepensjonist
UVERDIG: Marit Vatne er minstepensjonist og lever under fattigdomsgrensa. Men ho får inga hjelp. – Det held ikkje å seie at du slit. Du kan ikkje ha noko verdigheit igjen, du må skrape botn, seier sonen hennar.
INGA HJELP: Sakshandsamaren hos Nav innrømte at Marit Vatne hadde veldig lite pengar å leve for. Likevel kunne ho ikkje få hjelp. Saman med sonen John Sylte krev ho svar frå politikarane om kvifor så mange minstepensjonistar må leve under fattigdomsgrensa.
Brynjar Sverrir Guðmundsson
– Sakshandsamaren hos Nav sa, «du har ikkje mykje pengar å leve for, du. Men eg kan ikkje gjere noko for deg».
Det fortel Marit Vatne. Etter mange år som ufør er ho no gått over til å bli minstepensjonist. For aleinebuande, som Marit er, går grensa for fattigdom i Noreg ved ei inntekt på 19.800 kroner i månaden, etter skatt. Hennar samla månadlege utbetalingar er på 15.750 kroner.
Marit er ikkje den einaste som har det sånn.
Bestill abonnement her
KJØP