Nyheter

Noreg og fleire andre i Tryggingsrådet fordømmer Kviterussland

Noreg, USA, Storbritannia og EU-landa i FNs tryggingsråd fordømmer Kviterusslands behandling av menneska som oppheld seg på grensa mot Polen.

– Taktikken er uakseptabel og gjer det nødvendig med sterke internasjonale reaksjonar og samarbeid for å stille Kviterussland til ansvar, skriv landa i ei fråsegn.

Fråsegna kom etter eit krisemøte i Tryggingsrådet om situasjonen torsdag.

Polen seier at regjeringa til president Aleksandr Lukasjenko har lokka rundt 2.000 migrantar, stort sett kurdarar frå Midtausten, til Kviterussland for så å sende dei vidare til Polen, som hemn for sanksjonar.

– Kviterussland har skapt krisa

Menneska lever no i ein teltleir på grensa, medan temperaturen nærmar seg minusgrader. EU-landet Polen nektar å sleppe dei inn.

Dei vestlege delegasjonane i Tryggingsrådet seier dei fordømmer «den orkestrerte samlinga av menneske som har fått liv og velvere sett i fare for politiske formål av Kviterussland».

Vidare seier dei at Kviterussland har skapt krisa med «mål om å destabilisere nabolanda og EUs eksterne grense, og for å få merksemda bort frå eigne, aukande menneskerettsbrot».

Russland er ikkje nemnd i uttalen. Putin og Lukasjenko er allierte, og før møtet avviste Russland påstandar frå dei vestlege landa om at Moskva har samhandla med Minsk om å sende migrantane over grensa til Polen.

Lukasjenko lova torsdag å svare dersom EU innfører ytterlegare sanksjonar.

Dei baltiske landa åtvarar mot opptrapping av migrantkrisa

Forsvarsministrane frå Estland, Latvia og Litauen seier at flaskehalsen, som EU meiner Kviterussland har skapt med overlegg, utgjer ein trussel for ein stor del av den austre regionen unionen – og at han i verste fall kan føre til væpna konflikt.

– Store folkemengder blir samla og transporterte til grenseområdet, der dei så blir tvinga til ulovleg å krysse han. Dette aukar moglegheita for provokasjonar og andre alvorlege hendingar, som også kan gå over i den militære sfæren, heiter det i eiga fråsegn frå desse landa.

Dei tre forsvarsministrane, Kalle Laanet frå Estland, Artis Pabriks frå Latvia og Arvydas Anusauskas frå Litauen, fordømmer den «forsettlege eskaleringa av det hviterussiske regimets pågåande hybridangrep».

Ministrane understrekar at dei støttar Polen, men dei oppmodar EU til å forsterke tryggleiken ved yttergrensa.

EU meiner Kviterussland følgjer migrantane til grensa mot Polen og Litauen, og til ein viss grad Latvia, som hemn for sanksjonane unionen har innført som svar på det dei meiner er alvorlege menneskerettsbrot og angrep på sivilsamfunnet, opposisjonen og pressa.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter