Danskane må vise koronapass i kyrkja. Kan samme tiltak komme til Noreg?
KORONA: I danske kyrkjer med plass til meir enn 200 må kyrkjegjengarane no vise koronapass melder Kristeligt Dagblad. I dag kan det same tiltaket komme til Noreg.

– Regjeringa vil løpande vurdere om bruk av koronasertifikat kan bidra til å gi lettingar utan å auke smittefaren og presset på helsetenestene, sa helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Kjerkol til NTB på mandag.
I dag kl. 12 held regjeringa pressekonferanse om koronasituasjonen i Noreg. Du kan følgje pressekonferansen her:
Etter at helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) på mandag bekrefta at regjeringa vurderer å auke bruke av koronasertifikat som verkemiddel, er det knytt stor spenning til kva tiltak som eventuelt blir innført etter dagens pressekonferanse. I Danmark er krav om koronasertifikat på visse typar arrangement allereie innført – blant anna i kyrkjene.

Danmark ligg føre
Til liks med Noreg har Danmark dei siste vekene hadde kraftig auke både i talet på smitta, og talet på innlagde med korona. Mandag opplyst den danske statsministeren Mette Frederiksen at landet innfører krav om koronapass i ein rekke samanhengar.
Dette kravet vil også gjelde i kyrkjene, melde Kristeligt Dagblad i går. Koronapass skal visast alle stader der det er plass til meir enn 200 personar, også kyrkjer, har kyrkjeminister Ane Halsboe-Jørgensen presisert i danske medium.
Ikkje eit praktisk problem
Dei praktiske konsekvensane vil likevel bli små i dei fleste samanhengar. Kyrkjeministeren har nemleg også meldt at kyrkjelydane sjølv kan bestemme kor mange dei vil sleppe inn i kyrkjene, og så lenge det blir sett ei øvre grense for inngang på 200 personar, så vil ikkje kravet om koronapass gjelde.
Som i Noreg er det heller ikkje i Danmark ofte at vanlege gudstenester blir så godt besøkt.
– Det er plass til over 200 kyrkja vår, men det er stort sett berre til konfirmasjonar og julegudstenester at det blir aktuelt, seier sokneprest Simon Jylov frå Mitdfyn til Kristeligt Dagblad.
Samanlikna med tiltaka frå tidlegare periodar, med oppmåling av avstand mellom plassar, forbod mot salmesong og andre restriksjonar vi kjenner igjen frå Noreg, så er kravet om koronapass inga stor bekymring, ifølgje soknepresten.
– Denne restriksjonen er ganske enkel. Vi har uansett medarbeidarar i våpenhuset som kan sjekke koronapass, om nødvendig, seier han til den danske avisa.

Tredje dose
Det siste døgnet er det ifølgje NTB registrert 2.006 koronasmitta i Noreg. Det er 472 fleire enn same dag i førre veke. Dette er andre gong denne veka at smittetalet er på over 2.000. På tysdag vart det sett ny smitterekord gjennom heile pandemien for Noreg, med 2.126 registrerte tilfelle.
Torsdag kveld melde VG at kommunane i Noreg skal vere bedde om å planleggje for innføring av koronapass. Kommunane skal også ha blitt bedde om å leggje planar for å gje ei tredje vaksinedose til alle over 18 år.
Direktør i Folkehelseinstitiuttet Camilla Stoltenberg seier til TV2 at FHI reknar med at ei tredje dose vil bli innført, men at det kan ta ei stund før det skjer.
– Det er mange det kan bli ei stund til at det blir aktuelt for, fordi det skal ha gått seks månader frå andre til tredje dose, seier ho.