Nyheter

Talet på svangerskap med Downs syndrom aukar. Det gjer også talet på abortar

DOWNS: Talet på registrerte svangerskap med Downs syndrom er nesten dobla sidan 2000. Men talet på svangerskap som blir fullført med syndromet går nedover. Bekymringsverdig, seier organisasjonen Menneskeverd.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Dette er ei bekymringsverdig utvikling, seier Maria Selbekk i organisasjonen Menneskeverd.

Høring om ny bioteknologilov. Stortinget. MENNESKEVERD
Maria Selbekk, kommunikasjonsrådgiver.

Ho viser til nye tal frå Medisinsk fødselsregister som viser at talet på registrerte svangerskap med Downs syndrom har gått opp frå 85 i 2000, til 147 i 2020. Samstundes har talet på levandefødde born med syndromet gått ned frå 64 til 58 i same periode, melder NTB.

Mors alder er den vanlegaste risikofaktoren for Downs syndrom, og ifølgje Folkehelseinstituttet er det aukande alderen blant gravide kvinner som er grunn til at talet på svangerskap med kromosomavvik som Downs syndrom går opp.

– Men i staden for å komme med tiltak som gjer det enklare for kvinner å få barn tidlegare, har politikarane komme med ei ny bioteknologilov, seier Selbekk.

Åtvarar mot bioteknologilov

Ho viser til endringane i lov om bruk av bioteknologi som vart vedteken i Stortinget i fjor.

Ei av endringane er at alle kvinner skal ha rett til å få utført ein såkalla NIPT-test — ei blodprøve som blant anna kan avdekkje Downs syndrom så tidleg som veke 10 i svangerskapet.

Konsekvensen av dette kan bli at mange fleire vel å fjerne foster med kromosomavvik, fordi det då blir mogleg å gjennomføre abort innanfor dei 12 sjølvbestemte vekene i dagens abortlov

– Dette har vi åtvara mot. Vi ser på Danmark, der talet på born som er fødd med Downs har gått dramatisk ned.

Ifølgje NTB har talet på levandefødde med Downs syndrom i Danmark gått ned frå 61 i 2004, til berre 18 i 2019. Danmark innførte tilbod om NIPT-test i 2017.

– Føler seg mindre verd

– Når mangfaldet i samfunnet blir mindre, så aukar presset på menneske med Downs syndrom. Dei opplever at den nye bioteknologilova gjer at dei bli mindre verd, seier Selbekk.

Ho meiner det kviler eit ansvar på helsevesenet for ikkje å leggje eit unødig press på kvinner om å ta abort når dei får vite at det er risiko for at barnet dei ber på har kromosomavvik.

– Dette er kvinner i ein svært vanskeleg situasjon. Vi høyrer historier om korleis kvinner blir møtt av helsevesenet. Mange kvinner opplever at dei blir stilt til ansvar for at dei påfører samfunnet ei belastning om dei føder fram barnet.

Ho meiner kvinner som opplever å få vite at dei er gravid med eit barn med Downs syndrom burde få mykje betre informasjon om kva dette faktisk betyr.

– Dei må få ærleg informasjon om utfordringane det fører med seg, men også å få vite at verda ikkje går under om ein får eit barn med Downs syndrom. I staden for å be foreldra gå heim og google sjølv, så burde dei få eit tilbod om å møte andre foreldre som har barn med Downs, for å sjå sjølv korleis det er, seier Selbekk.

Rockesokk

Rockesokk. Birgitte Bergerud Larssen med mannen Kjetil, sønnen Jonathan (3,5 år) og datteren Ida.

Blant folk flest er organisasjonen Menneskeverd kanskje aller mest kjend for den årlege aksjonen Rockesokk. Denne aksjonen går ut på at folk blir oppmoda til å gå med to ulike sokkar gjennom dagen, for å markere støtte til eit mangfaldig samfunn der folk også er ulike.

– Når talet på abortar av foster med Downs syndrom aukar, betyr det at bodskapen i aksjonen ikkje har nådd ut?

– Vi opplever at Rockesokk har kjempebrei oppslutnad. Samstundes har vi forståing for at det er ein ting å støtte opp om ein aksjon, og ein heilt anna situasjon å stå midt opp i det sjølv, seier Selbekk.

Ho understrekar at ho forstår at ingen ønskjer å få eit barn med Downs syndrom, men at det er viktig å støtte dei som faktisk hamnar i den situasjonen.

– Mange saknar positive og realistiske historier om korleis det er å ha eit barn som er annleis, seier ho.

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim er journalist i nyhetsavdelingen. Han jobber særlig med politikk.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter