Ny regjering vil ikkje venta på «homoterapi»-rapport
FORBOD: Eit direktorat skal bruka minst 19 månadar på å kartlegga konverteringsterapi i Noreg. Likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap) lèt ikkje det forseinka jobben med å forby praksisen.
UTÅLMODIG: Likestillingsminister Anette Trettebergstuen har teke over forslaget om å forby konverteringsterapi frå førre regjering. Ho har tidlegare kritisert forslaget for å ikkje gå langt nok.
Erlend Berge
Før helga kunne Vårt Land melda at direktoratet Bufdir no skal undersøka kor utbreidd konverteringsterapi er i Noreg. Rapporten skal vera ferdig 1. juni 2023.
Men regjeringa kjem ikkje til å venta på denne rapporten i arbeidet med å forby praksisen. Det stadfestar no statssekretær i Kulturdepartementet Gry Haugsbakken (Ap), til Vårt Land.
– Rapporten som Bufdir har teke initiativ til på sjølvstendig grunnlag, vil ikkje påverka prosessen med lovarbeidet om konverteringsterapi som Kulturdepartementet har ansvar for, skriv Haugsbakken i ein e-post.
Bestill abonnement her
KJØP