Nyheter

Porsgrunn sender pengekrav til Sian: – Dette er ikkje politisk ytring

RØLP: Porsgrunn-ordførar Robin Kåss meiner SIAN må betale tryggleikstiltak på demonstrasjonane sine sjølve, fordi det dei driv med er «rølp» – ikkje politiske ytringar. Menneskerettsekspert Anine Kierulf er sterkt ueinig.

– Når ein ser på kvaliteten på det dei kjem med, så er det frykteleg svakt. Er det ei politisk ytring? Eg meiner det høyrest meir ut som noko rølp etter eit julebord.

Ordførar Robin Kåss snakkar om det som blei sagt på den islamkritiske organisasjonen Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) si markering i Porsgrunn 9. oktober i år. Ifølgje Kåss stilte organisasjonen sjølv berre med fire personar på arrangementet.

Men tryggleiksoppbodet var enormt. Meir enn 100 politifolk skal ha vore til stades, med mykje tungt utstyr. Kino, kulturhus og restaurantar rundt torget vart stengde.

Vil ha pengane tilbake

Den største utgifta var det politiet som tok, men også kommunen sat igjen med utgifter. 172.000 kroner måtte formannskapet i Porsgrunn finne i kommunebudsjettet for å dekke deira utgifter i samband med demonstrasjonen. Dei pengane vil Kåss ha tilbake.

– Hovudregelen er at dei som til dømes vil ytre seg kulturelt må betale for tryggleikstiltak på arrangementa sine sjølve. Om nokon kjem med ein konsert eller eit idrettsarrangement, så må dei betale for dei utgiftene dei påfører oss, seier Kåss.

Er det ei politisk ytring? Eg meiner det høyrest meir ut som noko rølp etter eit julebord.

—  Robin Kåss om bodskapen til SIAN

Han meiner det må vere mogleg å stille kvalitative krav til kva som kan kallast ein politisk arrangement med særleg vern av ytringsfridomen.

– Det SIAN gjer er å utnytte eit smotthol ved å kalle dette for politiske ytringar. Eg har høyrt kva dei sa på markeringa i Porsgrunn. Her var det verken nokon politisk bodskap eller religionskritikk.

SIAN-motdemonstrasjon i Drammen

– Sunn fornuft

– Men kan kommunen ta på seg å vere dommar over kva som er ei politisk ytring og kva som ikkje er det?

– Slike vurderingar blir gjort heile tida. Vi skal ikkje drive med førehandssensur, men ein kan sjå på korleis dei vel å annonsere for arrangementet sitt og kva bodskap dei framfører, seier Kåss.

Han viser til plakatar og løpesetlar som var distribuert rundt i byen i vekene før demonstrasjonen. Kommunen har også bestemt at dei skal politimelde SIAN for rasistiske ytringar på bakgrunn av desse plakatane.

SIAN-leder Lars Thorsen

---

SIAN

  • Stopp Islamiseringen av Norge (SIAN) er ei islamkritisk gruppe.
  • Gruppa har eksistert i ulike former sidan 2002, men fekk sitt noverande namn og form i 2008.
  • Leiar i SIAN har sidan 2019 vore Lars Thorsen. I 2019 vart han dømd til fengsel på vilkår for hatefulle ytringar.
  • SIAN arrangerer med ujamne mellomrom markeringar der dei i tillegg til sitt bodskap om islam også blant anna brenn Koranen. Desse markeringane blir ofte møtt med kraftige motdemonstrasjonar, noko som krev stor innsats frå politiet.

---

Ikkje SIAN som er problemet

Robin Kåss får inga støtte frå ytringsfridomsekspert Anine Kierulf. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for offentleg rett på Universitetet i Oslo, i tillegg til å vere spesialrådgjevar ved Norges institusjon for menneskerettigheter.

Ho er klokkeklar på at SIAN har ein grunnlovsverna rett til å seie fram bodskapen sin, uansett kva ho eller Robin Kåss måtte meine om innhaldet i det. Ho meiner heller ikkje at det er hos SIAN ansvaret ligg når det er behov for store tryggingstiltak rundt deira markeringar.

– Det at SIAN seier provoserande ting er ikkje i seg sjølv ei tryggleiksutfordring, seier Kierulf.

Ho peikar på enkelte av motdemonstrantane som har delteke på tidlegare SIAN-arrangement blant anna har kasta stein og på andre måtar gått til fysisk angrep på SIAN-demonstrantane og politiet.

– Det er dei få motdemonstrantane som tyr til valdelege, ulovlege verkemiddel som skapar tryggingsbehov, seier ho.

Alternativet til at det offentlege stiller opp og sikrar tryggleiken til alle som brukar ytringsfridomen, er at dei som er villig til å bruke valdelege middel vil kunne diktere kven som skal ha lov til å ytre seg i det offentlege rom, og kven som ikkje skal kunne gjere det, seier Kierulf.

– Då har vi ikkje lenger noko fungerande demokrati.

Anine Kierulf

Argumentasjonen er heilt på sida

Argumentet om at konsertar og festivalar må betale for eigen tryggleik, og at det også bør gjelde SIAN, meiner Kierulf er heilt på sida av kva saka handlar om.

– Det er ein grunnleggjande skilnad mellom kulturarrangement eller idrettsarrangement som har ein underhaldningsfunksjon for deltakarane, og på det å gjennomføre ein demonstrasjon med mål om å få ut ein bodskap til andre.

Ho viser blant anna til eit rundskriv frå 2011 som heilt klart presiserer at politiet ikkje har høve til å krevje refusjon for ordensoppdrag i samband med offentlege demonstrasjonar og tilsvarande arrangement som utgjer ein direkte bruk av demonstrasjons- og forsamlingsfridomen.

– Dersom det var slik at vi skulle krevje refusjon for ordensproblema som motdemonstrantar representerer, så ville det vere slik at dess meir kontroversielt bodskapen er, dess dyrare ville det bli for dei som vil ytre seg. Då ville vi fjerne moglegheita for at nokon kan ytre ein kontroversiell bodskap. Med mindre dei har så mykje pengar at dei kan betale for tryggleiken sin sjølv.

At kommunen vil be SIAN om å betale for demonstrasjonen i oktober, ser ho på som eit reint slag i lufta.

Politiet er til stedet under SIAN demonstrasjon ved Furuset

Får neppe pengane tilbake

Robin Kåss innrømmer at han ikkje har særleg tru på at kommunen vil få tilbake noko av utgiftene sine frå SIAN. Han seier kommunen vil sende ei oppmoding til SIAN om å betale, men at dei neppe vil følgje kravet noko vidare.

– Utgiftene vi blir påført oss som kommune kunne vi brukt på sjukepleiarar og barnehagar. Vi synst det er for ille at fire personar sin hobby skal trumfe andre sine rettar. No vil vi gje dei eit høve til å gjere opp for seg.

At kravet ikkje blir betalt, er noko leiar i SIAN Lars Thorsen kan stadfeste. I eit intervju med NRK seier han at dette kravet er noko han vel å sjå bort frå.


Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter