Nyheter

Ropstad inn i styret til Israels venner

VENN PÅ TINGET: Kjell Ingolf Ropstad er vald inn som styremedlem i Israels venner på Stortinget. Dei to andre i KrFs stortingsgruppe er medlemmer.

– Eg håper å bidra til at vi klarer å få med flest mogleg representantar og parti, som kan støtte opp om Israel og bidra til ein meir nyansert debatt om Midtausten, seier Ropstad til Vårt Land.

Den tidlegare KrF-leiaren var éin av fire som blei valde til styret på fire, då Israels venner på Stortinget møttest tysdag. Valet såg slik ut:

  • Himanshu Gulati (FrP) vart vald som leiar for dei neste to åra. Ingjerd Schou (H) tek over etter to år, og er då leiar ut stortingsperioden.
  • Kjell Ingolf Ropstad (KrF) og Silje Hjemdal (Frp) vart vald inn som styremedlemmer for fire år.

– Det er veldig hyggeleg at Ropstad blir med i styret. Det er viktig at Israels venner er ei tverrpolitisk venneforeining, seier nyvald leiar Himanshu Gulati (Frp).

Ropstad seier at Israel er eit land utsett for mange truslar.

– Eg er skeptisk til Midtausten-politikken til den nye regjeringa, og meiner det er viktig at vi kan peike på ting vi er usamde i, men også må byggje sterke samarbeid med Israel og bidra til vidare fredsarbeid, seier Ropstad.

Desse 16 var på møtet

Etter stortingsvalet i haust stupte medlemstalet i Israels vener frå 21 til 8. No ser det ut til å ta seg opp igjen.

Med på møtet på onsdag var 16 stortingsrepresentantar. Gulati trur dei blir fleire framover.

– Endeleg medlemstal kjem seinare. Eg reknar med at me kjem til å enda med over 20 medlemmer, seier han.

Han opplyser at følgjande representantar var med på møtet:

Frå KrF:

Kjell Ingolf Ropstad, Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein.

Frå Høgre:

Sveinung Stensland, Ingjerd Schou, Erlend Larsen, Bård Ludvig Thorheim og Mahmoud Faramand.

Frå Framstegspartiet:

Himanshu Gulati, Erlend Wiborg, Per-Willy Amundsen, Helge André Njåstad, Silje Hjemdal, Tor André Johnsen, Bård Hoksrud og Marius A. Nilsen.

Frå før har desse vore medlem i gruppa, utan at dei var med på møtet:

Bengt Rune Strifeldt og Christian Tybring-Gjedde frå Frp og Hårek Elvenes frå Høgre.

Kan bli ny tur til Israel

– Målet vårt er å auka kunnskapen om Israel på Stortinget, og å koordinere saker på tvers av partigrenser, fortel Gulati.

Han tek steget opp frå medlem til leiar av vennegruppa.

Gulati seier styret gler seg til å ta fatt på arbeidet.

– Me har alt fått fleire førespurnader om arrangement i regi av Israels venner.

– Kjem de til å reisa til Israel med det første?

– Me hadde ein tur i 2019, og det er fullt mogleg at me gjer det same i denne stortingsperioden, seier Gulati.

---

Israels venner

  • Veneforeining på Stortinget som består av stortingsrepresentantar.
  • Oppretta formelt i 1974, har røter tilbake til 1960-talet.
  • I glansdagane i 1981-1985 var over 100 av 155 representantar på Stortinget med i Israels venner.
  • Med på møtet på onsdag denne veka var 16 av totalt 169 stortingsrepresentantar. Det kan bli fleire medlemmer på sikt.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter