Nyheter

Raudt om barnetrygd: Me ventar at SV set hardt mot hardt

FATTIGDOM: Raudt vil forby omstridd trygdegrep som gjer at barnefamiliar får kutt i sosialhjelpa. Dei vil pressa storebror på venstresida: SV.

Eit omstridd trygdegrep gjer at kommunar kan kutta i sosialhjelpa til barnefamiliar.

Rundt om i landet brukar 238 kommunar denne metoden, som sparar dei for rundt ein halv milliard kroner i året.

– Slik legaliserer me det å stela pengar frå dei som har minst. Eg håper den nye regjeringa tek til vitet, og forbyr praksisen, seier Tobias Drevland Lund, nyvald stortingsrepresentant for Raudt.

Raudt har fremma forslag for Stortinget om å forby dette trygdegrepet. Dei vil også kompansera kommunar som tapar pengar på grunn av forbodet.

– Dette er ein urett som må ta slutt

Les ein partiprogramma til partia på Stortinget, ser det ikkje ut til at forslaget frå Raudt får fleirtal.

Dei fem partia Venstre, Raudt, SV, Senterpartiet og KrF har vedteke at dei vil halda barnetrygd utanfor utrekninga av sosialhjelp.

Det gjev støtte frå 60 representantar, langt unna det magiske talet 85.

Raudt fester lita til SV, som er føretrukken budsjettkamerat til den nye regjeringa.

– Me ventar at SV set hardt mot hardt i denne saka. Me veit kva dei meiner og håper dei set foten ned.

– Sett at SV sikrar fleirtal for budsjett utan at dette forbodet er med, kva gjer de i Raudt?

– Då skal me minna dei på det. For dette er ein urett som må ta slutt.

Rosar ordførar frå Telemark

Vårt Land har tidlegare snakka med Sp-ordførar Siri Blichfeldt Dyrland i Midt-Telemark.

Kommunen er blant dei 238 som kuttar i sosialhjelp til barnefamiliar. Ordføraren ber regjeringa forby det omstridde trygdegrepet.

Tobias Drevland Lund seier han kjenner til Dyrland frå heimfylket Telemark. Han rosar henne for å pressa på eige parti.

– Ho får fram problemet. For det handlar ikkje om vond vilje, men økonomi.

– Er ikkje forbodet de ønsker, ein trussel mot kommunal sjølvråderett?

– Det er ikkje her den kommunale sjølvråderetten er viktigast. Den er meir sentral i til dømes arealsaker. Barnetrygd er ei universell ordning som skal koma alle til gode. Då er det rart at ikkje alle får den, seier Lund.

Han visar vidare til at Ap har gått vekk frå praksisen i mange kommunar der dei styrer.

---

Barnetrygd og sosialhjelp

  • Universell barnetrygd vart innført i Noreg i 1946.
  • Norske kommunar kan rekna barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp. Det fører til eit kutt i sosialhjelpa.
  • Sosialhjelp blir utbetalt av kommunane og skal dekka heilt grunnleggjande behov.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter