Nyheter

Noas om raudgrøn flyktingpolitikk: Regjeringa nærmar seg Frp

INNSTRAMMINGAR: – Asyl- og flyktningpolitikken til regjeringa blir ikkje meir human og rettvis, Ap og Sp strammar inn og nærmar seg Frp, konkluderer Noas. Me er klare, varslar Frp.

– Den politiske plattforma gjer oss urolege, ho seier ingenting om styrking av rettstryggleiken til asylsøkjarar og flyktningar, seier seniorrådgjevar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkere (Noas).

Organisasjonen meiner Hurdalsplattforma sender Støre-regjeringa nærmare Framstegspartiets svært restriktive asyl- og flyktningpolitikk.

– Me er klare til å gjere vedtak saman med Ap og Sp der me er samde, seier Erlend Wiborg, nyvald innvandringspolitisk talsmann i Frp.

Dei tre partia har fleirtal i Stortinget med 97 representantar.

Fire grep

Arbeidarpartiet lovar ei «meir kontrollert innvandring» i partiprogrammet. Senterpartiet peikar på at det følgjer problem med «høg innvandring».

I Hurdalsplattforma varslar Støre-regjeringa fire grep:

  • Innføre eit tydelegare skilje mellom personar som får asyl etter flyktningkonvensjonen og personar som får subsidiært vern, gjennom avgrensingar i retten til familiesamling.
  • Utvide bruken av mellombelse opphaldsløyver.
  • Sende fleire asylsøkjarar til såkalla trygge land utanfor Europa dersom dei kom til Norge via dette landet.
  • Sende fleire med endeleg avslag tilbake til heimlandet.

Det første punktet betyr at berre dei asylsøkjarane som får asyl i Norge, altså er individuelt forfølgde, får fulle rettar, medan dei som får opphald på humanitært grunnlag ikkje får dei same rettane.

Den siste gruppa skal oppleve at det blir langt vanskelegare å få samle familien i Norge.

– FNs flyktningkonvensjon seier det motsette, staten skal sikre retten til familieliv, seier Martinsen.

Me er klare til å gjere vedtak saman med Ap og Sp der me er samde

—  Erlend Wiborg, innvandringspolitisk talsmann i Frp

Avviser FN

Noas har analysert den politiske plattforma frå Hurdal. Dommen er klar: Støre-regjeringa nærmar seg Frp i asyl- og flyktningpolitikken.

Frps program seier at partiet vil innføre eit heilt nytt «internasjonalt asyl- og flyktningsystem» for å få færrast mogleg flyktningar til landet, samt at Norge skal inngå «avtaler med potensielle trygge tredjeland for å vareta asylsøkere og flyktninger».

NOAS peikar på at Hurdalsplattforma gjer familiesamling vanskelegare, seier at rike land kan betale fattigare land for å ta i mot flyktningar – og gjer livet som flyktning i Norge usikkert, for ein kan brått bli sendt tilbake til heimlandet.

Oppsummert seier NOAS at Støre-regjeringa handlar i strid med FNs råd og påbod.

fn

Norge åleine

Eitt døme: Når regjeringa vil utvide bruken av mellombelse opphaldsløyver, vil fleire flyktningar oppleve at dei ikkje får permanent opphald i landet. Dermed kan dei lettare bli returnerte til internflukt i heimlandet.

I 2016 fjerna Solberg-regjeringa det såkalla rimelegvilkåret ved internflukt. Vedtaket blei gjort med støtte frå to parti: Ap og Sp.

Før Stortinget fjerna vilkåret, måtte det vere «rimeleg» å vise ein asylsøkjar til internflukt til trygge delar av heimlandet.

Norge er åleine om internfluktpraksisen i Europa – og FN seier det er brot på folkeretten.

– Her har Ap vunne fram, for Senterpartiet vil gjeninnføre rimelegkravet i intern flukt-saker, fortel Martinsen.

På landsmøtet i vår tok Sp rimelegkravet inn i partiprogrammet.

No skal Sp styre ein politikk partiet er mot.

Her har Ap vunne fram, for Senterpartiet vil gjeninnføre rimelegkravet i intern flukt-saker

—  Jon Ole Martinsen, seniorrådgjevar Noas

---

Politisk plattform

  • Støre-regjeringa, Ap og Sp, har lagt fram ei politisk plattform med fleire forslag som inneber innstramming av asyl- og flyktningpolitikken
  • Ap har 48 mandat og Sp 28 i det nye Stortinget, saman med Frps 21 kan dei tre sikre fleirtal for endringar i utlendingslovverket.
  • Frp har Stortingets strengaste asyl- og flyktningpolitikk.

---

Billegare med smuglarar

Når det gjeld familiesamling har Norge allereie den dyraste og mest krevjande prosessen i Norden. NOAS seier at det ofte er både lettare og billegare å betale smuglarar for å arrangere ei illegal reise for familiemedlemmer til Norge enn å søkje familiesamling.

På punktet om fleire asylsøkjarar til trygge tredjeland, refsar Noas Støre-regjeringa: Framfor å ta hand om flyktningane i Norge, kan me kjøpe oss fri for internasjonale plikter og skuve ansvaret over på langt fattigare land.

Når Jon Ole Martinsen fortel at Noas kjenner på uro, tenkjer han også på regjeringslovnaden om å utvide bruken av mellombelse opphaldsløyver.

– I dag får alle mellombels opphald i fem år før dei får varig opphaldsløyve. Når regjeringa vil auke bruken kan det bety at perioden blir utvida til å vare i sju, ti eller endå fleire år.

Fersk finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sier at staten skal bidra til reduserte lønninger blant toppledere. Her sammen med avtroppende finansminister Jan Tore Sanner (H) (t.h.) under nøkkeloverrekkelsen i Finansdepartementet i forrige uke. Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Halde på veljarar

– Kvifor strammar Ap og Sp inn?

– Partia ønskjer å demme opp for Frp, då vel dei å nærme seg partiet på dette feltet. Dermed vil færre veljarar velje Frp, seier Martinsen.

Dei tre partia fann saman i desember i fjor. Trass i at Frps budsjettavtale med Solberg-regjeringa sikra innstramminger i asyl- og flyktningpolitikken, valde Frp å stemme for ytterlegare innstrammingar saman med Ap og Sp. Det handla om skjerpa ID-, underhalds- og familiesamlingskrav.

Sjølv om Frp er glad for grepa til Støre-regjeringa, seier Wiborg at dei ikkje går langt nok.

– Støre bør sjå til den politikken hans danske, sosialdemokratiske kollega fører. Danmark ønskjer eit nytt asylsystem og få om nokon kvoteflyktningar.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter