Kongen: – Vi er forferda over dei tragiske hendingane
KONGSBERG: Kongefamilien uttrykkjer i eit brev til ordføraren i Kongsberg medkjensle for alle dei som er ramma av hendingane på onsdag i byen.

– Vi er forferda over dei tragiske hendingane på Kongsberg i går kveld. Vi føler med dei pårørande og skadde i sorga og fortvilinga. Og vi tenkjer på alle ramma i Kongsberg som har opplevd at dei trygge nærmiljøa deira plutseleg vart ein farleg stad, heiter det i brevet.
– Det skakar oss alle når grufulle ting skjer nær oss, når ein minst ventar det, midt i kvardagslivet på open gate.
– Noreg er eit lite land. Når Kongsberg no er ramma så hardt som samfunn, står resten av nasjonen saman med dykk.
– Vi sender varme tankar til alle som no går ei vanskeleg tid i møte og alle som har krevjande arbeidsoppgåver framfor seg.
– Det er vårt håp at tryggleiken vil bli retta opp igjen så ikkje frykta får feste, skriv kongefamilien i brevet til ordførar Kari Anne Sand (Sp).