Nyheter

PR-topp om Vedums PR-nekt: Dette betyr ingenting

SVINGDØR: Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil avgrensa statleg bruk av PR-byrå. Det tek Bjarne Håkon Hanssen med stor ro: Flesteparten av kundane hans i det offentlege er kommunar og fylkeskommunar.

Klokka 14 i dag legg Arbeidarpartiet og Senterpartiet fram den nye regjeringsplattforma.

Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har alt røpa til VG at ein av hjartesakene hans er med: Ein stopp i statleg bruk av PR-byrå.

Ifølgje VG vil den nye plattforma ha som hovudregel at statlege verksemder ikkje skal kjøpa tenester frå kommunikasjonsbransjen. Unntaket er for informasjons- og haldningskampanjar.

Bjarne Håkon Hanssen, partnar og seniorrådgjevar i Kruse Larsen tek nyheita med stor ro. Han skriv i ein sms til Vårt Land:

– Dette kan ikkje koma overraskande på nokon. For vår del betyr dette ingenting, sidan me har hatt svært få statlege kundar, og dei få me har hatt, har vore svært avgrensa oppdrag.

Sp-ordførarar brukar PR-byrå

PR-selskapet Kruse Larsen gjev ifølgje nettsida «nye perspektiver og lønnsomme råd» og hadde i 2020 ei omsetting på 46,3 millionar kroner.

Selskapet har fleire kommunar og fylkeskommunar som kundar, viser selskapet sjølv på sine opne kundelister. Desse vil ikkje bli råka om Vedums PR-nekt berre omfattar statlege etatar.

Me har vore i eit par anbodsrundar med statlege verksemder, og openheit og krav om opne kundelister har ikkje vore tema eller kriterium i nokon av dei.

—  Bjarne Håkon Hanssen

VG har tidlegare avdekt korleis Sp-ordførarar har brukt PR-byrå til å påverka i politiske prosessar.

Eit av døma er då Alstahaug kommune henta inn Kruse Larsen og svenske Reform Society for å hindra nedlegging av sjukepleiarutdanninga ved Nord universitet.

Vil ha meir openheit

Bjarne Håkon Hanssen har tidlegare vore statsråd i tre ulike departement. Han meiner staten burde bli flinkare til å setta krav til PR-byråa.

– Me har vore i eit par anbodsrundar med statlege verksemder, og openheit og krav om opne kundelister har ikkje vore tema eller kriterium i nokon av dei.

Han meiner staten burde bruka innkjøpsmakta til å pressa fram opne kundelister ved å krevje full openheit av leverandørane dei brukar.

– Det hadde kanskje gjeve meir openheit og vore eit viktigare tiltak, samla sett.

Samanliknar Vedum med Trump

PR-nekten frå Vedum har møtt sterke reaksjonar i PR-bransjen.

Margrethe Geelmyuden, partnar i Geelmuyden Kiese, kallar Vedum «Norges Donald Trump» i eit intervju med E24. Ho meiner Vedum har verken respekt eller forståing for kunnskap.

Rolf Ellingsen Aaneland, direktør i MSL Norge, sår tvil om eit slik vedtak vil ha effekt. I eit intervju med KOM24 peiker han på unntaket Vedum set for informasjons- og haldningskampanjar.

– Det aller meste av statens innkjøp av kommunikasjonstenester er knytt til informasjons- og haldningskampanjar, og slik sett er dette framfor alt ein hol og symbolsk avgjersle. I praksis vil dette ha svært avgrensa betydning, både for staten og byråa.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter