Prisvinnarane har professorstillingar ved ulike universitet i USA. David Card (65) er canadiar, Guido W. Imbens (58) kjem opphavleg frå Nederland, medan Joshua D. Angrist (61) har bakgrunn både frå USA og Israel.
Dei tre økonomane har bidrege til nye innsikter om arbeidsmarknaden, skriv Kungliga Vetenskapsakademien i Stockholm i grunngivinga si.
Populær metode
I tillegg har dei nytta såkalla naturlege eksperiment som metode. Dette er studiar med søkjelyset på situasjonar der slump eller ytre forhold gjer at grupper av menneske blir behandla ulikt – på ein måte som kan likne på kontrollerte eksperiment.
[ Journalistene Maria Ressa og Dmitrij Muratov får fredsprisen 2021 ]
– Tilnærminga har spreidd seg til andre forskingsfelt og revolusjonert empirisk forsking, meiner Vetenskapsakademien.
Medan Card er tilsett ved Berkeley-universitetet i California, er Imbens og Angrist professorar ved høvesvis Stanford-universitetet og MIT.
Restaurantar i New Jersey
Halvparten av prispengane på 10 millionar svenske kroner går til Card. Han har forska på korleis arbeidsmarknaden blir påverka av minstelønn, innvandring og utdanning.
Noko av denne forskinga hadde søkjelyset på restaurantar i dei amerikanske delstatane New Jersey og Pennsylvania, skriv nyheitsbyrået AP. Det viste seg at ein auke i minstelønna ikkje førte til færre tilsetjingar, slik mange hadde trudd.
Gode venner
Imbens seier han vart svært glad då han vart vekt av ein telefon frå Sverige med beskjed om at han får økonomiprisen. Han gler seg òg over å dele han med Angrist, som var forlovar i bryllaupet til Imbens.
[ Abdulrazak Gurnah vinner Nobelprisen i litteratur ]
Prisen som ofte blir kalla nobelprisen i økonomi, heiter eigentleg Sveriges Riksbanks pris i økonomisk vitskap til minne om Alfred Nobel. Han vart skipa av den svenske sentralbanken i 1969.
Somme av Nobels etterkommarar har vore kritiske til prisen og kravd at han ikkje må omtalast som ein nobelpris.
(©NPK)