Nyheter

Minister i skuggeregjering, kjempar for demokratiet. Måtte rømme heimlandet

MYANMAR: Aung Myo Min ropar varsko. Militæret terroriserer distrikt og landsbyar for å knuse lysta på demokrati. Sjølv måtte menneskerettsaktivisten rømme heimlandet.

Ny morgon i framandt land. Haustregnet ploppar på ruta. Aung Myo Min rettar på slipset, knepper jakka. Snart skal ministeren for menneskerettar i Myanmars skuggeregjering møte norsk folkevalde.

Bodskapen hans har to kulepunkt:

  • Norge må anerkjenne National Unity Government (NUG); Myanmars nasjonale samlingsregjering.
  • Norge må yte økonomisk støtte til NUGs arbeid med å gjenopprette folkestyret i Myanmar.

Les kva Utanriksdepartementet svarar til sist i saka.

NUG blei skipa i april, som eit tilsvar på generalkuppet i februar. Eksilregjeringa er sett saman av parlamentarikarar som miste seta i nasjonalforsamlinga, representantar for majoritetspartiet NLD, mindre parti, etniske minoritetar og uavhengige.

Kupp i februar

Aung Myo Min er mellom dei siste.

– Verdssamfunnet må reagere på kuppjuntaens brutale framferd, generalane må gje frå seg makta, på nytt, Myanmar må få demokratiet tilbake, krev skuggeministeren.

Bak krava har han vel 50 millionar borgarar, som frå 1962 til 2015 levde under hærens jernhæl. I to val, 2015 og 2020, vann partiet NLD og fredsprisvinnar Aung San Suu Kyi audmjukande sigrar. Men generalane gav ikkje frå seg den grunnlovskontrollerande fjerdedelen i parlamentet. Dermed kunne dei nekte Aung San Suu Kyi å bli landets statssjef, ho var de facto statsminister.

1. februar vakna verda til brutalt nytt frå Myanmar: Generalane og hæren greip makta i eit kupp, låste Aung Suu Kyi og andre politiske leiarar inn i husarrest.

Opprøret som følgde kosta dyrt. Juntaens soldatar har drepe over 900 menneske, fengsla tusental andre og slege ned folkelege demonstrasjonar med hard hand. FNs spesialrapportør har konkludert: Generalane er ansvarlege for brotsverk mot menneskeslekta.

hæren

Måtte

landet

Skuggeministeren rettar på brillene. Sidan 1988 har Aung Myo Min sett mykje urett, tolt mykje urett. I alle år sidan har han arbeidd for å rette opp.

– I 1988 demonstrerte eg i gatene i Yangoon og ropte «me vil ha demokrati», «me vil ha menneskerettar». Men eg visste ikkje kva me kravde, for eg kjende ikkje innhaldet i orda me ropte.

Aung Myo Min humrar når han er tilbake i gatene i den gamle hovudstaden. Men blir like brått alvorleg, for han hugsar så godt kva som skjedde då studentar tok til gatene i 1988.

Hærens respons var drepande maskingeværsalvar.

Bygde opp «jungeluniversitet»

Engelskstudenten blei menneskerettsaktivist under 1988-opprøret. Difor måtte Aung Myo Min rømme landet, han var mellom leiarane. Hans eksil blei Thailand. Ein avstikkar til USA sikra ei mastergrad i menneskerettar. I grenseområdet mellom Thailand og Myanmar skipa han eit «jungeluniversitet», som lærte tusental myanmararar om ytringsfridom, forsamlingsfridom, rettsstaten, folkestyre, maktdeling og kvinners rettar. Her fekk han norske Stefanusalliansen med på laget. Dei underviste i trusfridom.

I jungelen i Thailand skipa Aung Myo Min organisasjonen Human Rights Education Institute of Burma (HREIB). Aktivistane som lærte basale menneskerettar av Aung Myo Min sneik seg etter enda opplæring tilbake til Myanmar, og blei grunnstamma i sivilsamfunnsorganisasjonar som budde landet på demokrati.

Som kom for alvor med valet i 2015.

To år tidlegare var Aung Myo Mins liv i eksil over. Han kunne vende heim. Han tok HREIB med seg og renamna han til Equality Myanmar.

Endeleg kunne aktivisten drive opplæring i menneskerettar i Myanmar. Equality Myanmar er også ein vakthund som prøvar å sjå myanmarske styresmakter i korta.

kriser

Var svært optimistisk

Ved årsskiftet intervjua Magasinet Stefanus ein optimistisk Aung Myo Min:

«Så langt har det gått bra. På sentralt nivå er landets ledere positive til demokrati og frihet, mens på lokalt plan henger myndigheter og politi etter i utviklingen».

Få veker seinare slo hæren ned demokratiet med køller og maskingevær. Aung Myo Min fortel at i månadane sidan 1. februar har hæren funne tilbake til gamle kontrollmetodar. Distrikt og landsbyar blir hærsette, buskap blir skotne, avlingar trampa ned og menneske drepne.

– Fleire stader blir soldatar plasserte ut for å halde folk i sjakk, og dei kontrollerer med frykt. For å hindre folk å samle seg, for hindre opposisjonen å få feste på landsbygda. For stoppe spreiing av videoar og foto som dokumenterer overgrepa, blir internettet skrudd av, fortel Aung Myo Min.

Han fortel også om arrestasjonar av politiske leiarar, sivilsamfunnsleiarar og menneskerettsaktivistar. Sjølv slapp han unna. Han er i eksil for andre gong, no i eit land i Europa.

nug

Oppmoda til oppstand

Då National Unity Government blei skipa i april, blei Aung Myo Min skuggeminister. Han er ute av Equality Myanmar, og har ingen posisjonar organisasjonen i dag.

I september blei aktivisten og ministeren utfordra. Nestleiaren i NUG bad i ein video på Facebook om oppstand mot militærstyret i alle byar og landsbyar i Myanmar. Duwa Lashi La kunngjorde at landet er i ein naudssituasjon. Kva han meinte med «oppstand» blei ikkje utdjupa.

Men i vekene som følgde har vald prega nyhendemeldingar frå Myanmar: Bomber mot militærkolonnar, sjølvforsvarsgrupper i kamp med soldatar.

– Korleis kan du som menneskerettsaktivist forsvare valdsbruk?

– Å gripe til væpna motstand er absolutt siste utveg meiner NUG.

Aung Myo Min forsvarar oppmodinga om oppstand med at regimet intensiverer innsatsen der målet er å knuse demokratiet i Myanmar – då må folket stå opp.

---

Myanmar

  • Var britisk koloni, uavhengig nasjon i 1948, tidlegare namn var Burma.
  • Generalane tok makta i eit kupp 1962.
  • Demokratiske val i 2015 og 2020, partiet NLD vann begge.
  • 1. februar tok hæren på nytt makta i eit kupp, de facto statsminister Aung San Suu Kyi er sett i husarrest og tiltalt for ei rekkje lovbrot, rettssak ventar.

---


UD: – Støtte både politisk og økonomisk

Statssekretær Jens Frølich Holte (H) i Utanriksdepartementet seier til Vårt Land at «Norge anerkjenner ikke ulike regjeringer, men statsdannelser».

– Det er et prinsipp som har vært fulgt i lang tid av ulike norske regjeringer. Som utenriksministeren sa i Stortinget 22. april, har vi kontakt med representanter for de demokratiske kreftene i Myanmar, skriv han i ein e-post.

Møtet i Oslo mellom Aung Myo Min og politisk leiing i UD var det første fysiske møte på politisk nivå med NUG, fortel Holthe.

Statssekretæren seier at økonomisk støtte til NUG «er ikke aktuelt på nåværende tidspunkt» då regjeringa sin strategi er å «støtte et mangfold av aktører som bidrar til innsatsen for en fredelig og demokratisk utvikling i Myanmar».

– Vår støtte til demokratisering er både politisk og økonomisk. Vi har fryst stat-til-stat-bistanden til Myanmar, men vi har fortsatt med å prioritere menneskerettigheter og ytringsfrihet. I tillegg gir vi betydelig humanitær bistand.

Slik støtte er alltid upartisk, «og det gjelder også i Myanmar», skriv Holthe.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter