Nyheter

Fredsprisen tildeles kl 11. Dette er Olaug Bollestads favoritt

DEMOKRATI: Tre kvinnelege opposisjonspolitikarar frå Kviterussland bør vinne fredsprisen, for sin kamp for demokratiet i det austeuropeiske landet, mener Olaug Bollestad.

Klokka 11 blir det klart kven som er vinnar av Nobels fredspris 2021.

Fungerande Krf-leiar Olaug Bollestad håpar Sviatlana Tsikhanouskaya, Maria Kalesnikava og Veranika Tsapkala skal vinne prisen.

– Det vil sende eit viktig signal til alle som har kjempa ein kamp i mange år for eit meir demokratisk Kviterussland. Det kan gje fornya håp og kraft inn i ein veldig krevjande demokratikamp, meiner Bollestad.

Dei tre kvinnene er opposisjonspolitikarar i Kviterussland, og blei i fjor nominert av dåverande stortingsrepresentant Geir S. Toskedal (KrF). I nominasjonsgrunngjevinga skreiv han at dei fortener prisen «for deira kamp for rettferdige val og inspirasjon til fredeleg motstand mot det illegitime regimet i Belarus».

– Sterke inntrykk

Bollestad har sjølv vore i Kviterussland og møtt medlemmar av opposisjonen når dei har vore på besøk i Noreg.

– Det er sterke inntrykk, når du høyrer om folk så nært oss sjølve, her i Europa, kjempe for heilt fundamentale menneskerettar som å kunne ytre seg fritt mot regimet. Me tek også stadig imot rapportar om bruk av vald og grov frårøving av fridom av våre kjenningar i Kviterussland. Det er klart at det rører ein når ein høyrer desse historiene.

Presidenten i det austeuropeiske landet, Aleksandr Lukasjenko, blir av mange omtalt som «Europas siste diktator». Dei tre kvinnene Bollestad no ynskjer at skal ta imot fredsprisen, stod i front for mobilisering av opposisjonen ved presidentvalet i fjor, der Lukasjenko tviheldt på makta, trass i skuldingar om valfusk.

Fleire andre har også peikt spesielt på Svetlana Tikhanovskaja som ein favoritt til å få den prestisjetunge prisen.

Den hviterussiske opposisjonspolitikeren Svetlana Tikhanovskaja på en pressekonferanse i Vilnius. Hun krever sterkere reaksjoner mot regimet i Minsk. Foto: Mindaugas Kulbis / AP / NTB

Eit av dei mest undertrykkande regima i verda

Direktør ved Institutt for fredsforsking (Prio), Henrik Urdal, og dagleg leiar i Norges Fredsråd, Oda Andersen Nyborg, er to av desse.

– Ho har ein legitimitet som leiar for opposisjonen og representerer ei motvekt til den autoritære utviklinga me ser fleire stadar i Aust-Europa, sa Nyborg i ei sak i Vårt Land tidlegare denne veka.

Urdal trekkjer fram at det kviterussiske regimet er eit av dei mest undertrykkande regima i verda, med ein stor, ikkje-valdeleg opposisjon. At dei ikkje nyttar vald er eit viktig poeng for Bollestad.

– Dei svarar eit stadig meir valdeleg og brutalt autoritært regime med ikkje-valdelege protestar. Sjølv når dei veit kor mykje dei risikerer i sin kamp for fridom. Og Sviatlana Tsikhanouskaya er ein av de fremste blant ei rekkje sterke og modige kvinner som har stått i front for den folkelege ikkjevalds-kampen mot diktatoren Lukhashenka.

I dag blir det klart kven som stikk av med prisen. I spekulasjonar om kven som skal få prisen er både Black Lives Matter, Reportere utan grenser, Verdas helseorganisasjon (WHO) og Greta Thunberg blitt nemnde.

– Nobelkomiteen har sjølvsagt mange gode kandidatar på blokka vil eg tru, så det blir spanande, meiner Bollestad.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter