Frankrike ligg an til å forby konverteringsterapi

Franske lovgivarar har einstemmig stilt seg bak forslaget om å forby konverteringsterapi mot LHBT-personar, og dessutan å straffe dei som praktiserer det.

.
Det ligg no an til at dei som driv med konverteringsterapi i Frankrike skal kunne straffast.
Publisert Sist oppdatert

– Konverteringsterapi er beklageleg. Det forårsakar enorme lidingar, sa helseminister Oliver Veran då den franske nasjonalforsamlinga einstemmig stemde for forslaget.

Forslaget skal no ein tur innom det franske senatet før det blir endeleg vedteke. Blir forslaget like godt teke imot der, vil heretter alle aktørar i Frankrike som praktiserer den omstridde terapien, kunne straffast med både fengsel og bøter.

(©NPK)