Religion

1200 barn funne i umerka graver – no vil den katolske kyrkja betale

UMERKA GRAVER: Sidan mai i år er meir enn 1200 umerka graver funne på canadiske internatskular. No lovar den katolske kyrkja i landet å betale erstatning for massive overgrep.

Verda har reagert med sjokk og vantru etter at meir enn 1200 umerka graver er funne på tre ulike canadiske kostskular i løpet av sommaren. Gravene fortel ei grotesk historie om ufattelege overgrep mot dei canadiske urfolka, som var halde fram heilt inn i 1990-åra.

Ein stor andel av skulane har vore drivne av den katolske kyrkja, og førre veke gjekk det katolske bispekollegiet (Canadian Conference of Catholic Bishops – CCCB) i Canada ut med ei offisiell orsaking til overlevande og etterlatne. Måndag kveld kom ei ny fråsegn frå biskopane der dei lova å betale ei erstatning på 30 millionar canadiske dollar, tilsvarande om lag 200 millionar norske kroner.

Fredag 30. september blir Canadas første Sannings- og forsingsdag markert.

Har lova erstatning før

Allereie i 2005 lova den katolske kyrkja å betale ei erstatning på 29 millionar cana

diske dollar. I tillegg lova dei den gongen kyrkjelege tenester til ein verdi av 25 millionar dollar, og at dei i tillegg skulle sette i gong ei pengeinnsamling som skulle få inn like mykje.

Den statlege canadiske TV-kanalen CBC avslørte i sommar at mykje av desse pengane aldri kom fram. Interne dokument viser at i overkant av 5 millionar dollar gjekk med til administrasjon og advokatar. Innsamlingsaksjonen fekk ikkje inn meir 3,9 millionar av dei lova 25 millionane, og kyrkja vart friteken frå forpliktingane sine på dette i 2015. Kyrkja klarte heller ikkje dokumentere at dei hadde levert dei lova kyrkjelege tenestene.

Den nye lovnaden er altså på 30 millionar kanadiske dollar, som skal betalast ut over ein periode på fem år. Pengane skal gå til «helande og forsonande tiltak for overlevande frå internatskular, deira familiar og lokalsamfunn.»

150.000 barn

Gjennom det meste av 1900-talet blei minst 139 kostskular drivne av kyrkjer i Canada, med økonomisk stønad frå føderale styresmakter. Dei fleste av desse skulane var katolske.

Ein reknar med at rundt 150.000 barn av urfolk gjekk på desse skulane. Dei fekk forbod mot å snakke eige språk, og måtte konvertere til skulen sin kristne konfesjon. Mange vart utsett for vald og seksuelt misbruk, og tusenvis døydde av sjukdom, omsorgssvikt og sjølvmord. Den siste skulen vart ikkje stengd før i 1997.

Dette bildet frå 1910 viser barn som skriv på ei tavle på Red Deer Indian Industrial School in Alberta, Canada.

Målet med skulane var å assimilere urfolk inn i den europeiskætta canadiske majoritetskulturen. Skulane blei medvite plassert langt borte frå samfunna barna kom frå, for å hindre foreldra i å komme på besøk. Enkelte barn blei sende til skular meir enn 100 mil heimanfrå.

Ei skildring frå ein overlevande i The Guardian fortel om korleis han vart henta heime av politiet, og stua inn «som sild i tønne» i ei kvegvogn saman med andre barn, og sendt 140 mil med tog. Han var seks år.

Då han kom fram til skulen blei han banka for å snakke språket til familien sin, og vart fortalt at det var «djevelens språk». Han fortel at han mista språket, og at han først 40 år seinare lærte seg språket på ny. Han fortel om omfattande misbruk og vald. Mellom anna skildrar han at ein venn tok sitt eige liv som seksåring, etter å ha blitt seksuelt misbrukt.

Mørketal

Ein sannings- og forsoningskommisjon har tidlegare estimert at minst 3200 barn døydde på internatskulane. Det er likevel grunn til å frykte at dette berre er toppen av isfjellet. I tillegg til dei 139 offisielt anerkjende skulane, var det også mange uavhengige skular utan føderal støtte. Berre ein brøkdel av skulane er undersøkt enno, og det er venta at talet på døde barn er mykje høgare enn dei som til no er avdekka.

Kanadiske urfolksleiarar har kravd at paven skal gje ei unnskylding på vegner av den katolske kyrkja, og at dette må skje på canadisk jord. Foreløpig har dei ikkje fått ei slik unnskylding, men urfolksleiarane er invitert til Vatikanet for å møte paven i desember.

Tidlegare i sommar førte avsløringane av barnegravene til store protestar over heile landet. Fleire katolske kyrkjer vart også vandalisert eller sett i brann i canadiske urfolksområde. Denne forma for protestar har urfolksorganisasjonane teke sterk avstand frå.




Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion