Nyheter

Sp-dronning støttar fleirtalsregjering med SV

VEGVAL: Anne Enger håpar på ei fleirtalsregjering med SV. Ho får motbør frå Sp-ordførar, som trur ei slik regjering vil gjera det vanskeleg å sjå veljarane i auga.

Torsdag møtest Ap, Sp og SV til sonderingar på Hurdalsjøen Hotell. Det kan bli første steg på vegen i retning ei fleirtalsregjering.

– Det er fint dei no kjem i gang med sonderingar. Eg kryssar fingrane for at det skal gå bra, seier Anne Enger til Vårt Land.

Anne Enger leia Senterpartiet frå 1991 til 1999. Ho vart kjend som «nei-dronninga» under EU-kampen og tok Sp til rekordhøge 16,7 prosent i stortingsvalet i 1993.

Ho seier til Vårt Land at det er naturleg at dei tre partia no møtest til sonderingar.

– Eg håper at dei finn ei løysing.

– Betyr det at du støtter ei regjering med Sp, Ap og SV?

– Ja, naturlegvis.

Fryktar store riper i lakken

Sp er splitta i synet på å sitja regjering med SV. Ein som ikkje håpar sonderingane lukkast, er Dan Håvard Johnsen, Sp-ordførar i Lyngen.

Han peikar på at Sp gjekk til val på ei «Ap/Sp-basert regjering».

Det er eit argument å seia at Sp kan danna regjering med Høgre, om me ikkje får det som me vil.

—  Dan Håvard Johnsen, Sp-ordførar i Lyngen

– Me vil få trøbbel med å sjå veljarane i auga ved neste korsveg om me går i regjering med SV. Eg er sikker på at Sp får store riper i lakken om me har SV med i båten.

Han peiker på fleire saker der han meiner SV og Sp er på kollisjonskurs: Klima og miljø, CO₂-avgift, rovdyr og skatt. Heller ikkje fiskeripolitikken til SV får ståkarakter.

f

– Folk her ristar på hovudet av SV sin fiskeripolitikk. Den er ikkje realistisk, seier Johnsen.

Kan truga Støre med «høgrevri»

Ved stortingsvalet i år fekk Senterpartiet 23 prosent av stemmene i Lyngen, kommunen som ligg aust for Tromsø. Det var ein framgang på over fem prosent.

Sp-ordføraren i Lyngen ivrar for ei mindretalsregjering med berre Ap og Sp.

– Så får me heller tapa nokre saker i Stortinget. Då har me i det minste ein klar Sp-profil på regjeringa.

I ein tale til landsstyret tysdag denne veka, heldt Ap-leiar Jonas Gahr Støre fast på målet om ei fleirtalsregjering saman med både Sp og SV.

Sp-ordførar Dan Håvard Johnsen peiker på Sp si styrke i Stortinget, i kampen for å halda SV unna regjeringskontora.

– Det er eit argument å seia at Sp kan danna regjering med Høgre, om me ikkje får det som me vil.

Denne «høgrevrien» haustar ikkje støtte hjå Anne Enger:

– No har me brukt åtte år på å vera eit klart opposisjonsparti til høgresida. Då er det ikkje realistisk at partiet vil gå til Høgre. Det ein feilslutning å tru det.

Ulv skapar splid i Surnadal

Margrethe Svinvik, Sp-ordførar i Surnadal, kallar sonderingane med Ap og SV for fornuftige.

– Eg har vore avventande til SV. Men eg ser det er lurt med sonderingar no. Men det er avstand på ein del område.

Ho peikar på at rovdyrpolitikk er spesielt viktig i hennar område.

– Det har vore mykje kritikk på korleis rovdyrforliket har blitt forvalta. I vårt område er det både jerv og gaupe. Eg kjenner til sauebønder som legg ned, dels på grunn av rovdyr. Det er ei stor belastning for sauebønder. Det er ikkje berre eit reknestykke. Det er ei mental belastning.

---

Samtalar om regjering

  • Torsdag møtest Ap, Sp og SV til sonderingar på Hurdalsjøen Hotell. Det er ein mellomstasjon på vegen til regjeringsforhandlingar.
  • Sp gjekk til val på ei «Ap/Sp-basert regjering», medan Ap-leiar Jonas Gahr Støre også vil ha SV med.
  • SV har eit landsmøtevedtak om å sende ei eventuell ny regjeringsplattform ut til uravstemming i partiet.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter