Nyheter

Ei ombodskvinne takkar av

VETERAN: Karin Andersen har vald å bruka livet på å kjempa for dei med lite pengar og makt. Dei andre klarer seg jo.

– Eg tel aldri sigrar eller tap. Eg gjer det eg skal, og så er eg ferdig.

Karin Andersen kikar ut i stortingssalen, som har vore arbeidsplassen hennar i 24 år. No er det slutt. På kontoret står flyttekassane klare.

I oktober opnar Stortinget igjen, men denne gongen blir det utan Karin Andersen.

Det er på tide å gjera opp rekneskap for kvinna som har stått i denne mektige salen, som ein representant for dei makteslause.

Spør om lite og stort

Sjølv om Karin Andersen ikkje driv med teljing, er ikkje Vårt Land på same line.

– Eg har telt opp kor mange skriftlege spørsmål du har stilt regjeringa i løpet av karrieren din. Kor mange trur du det er?

– Eg har ikkje peiling. Men det er nok ganske mange.

Det er det. Svaret er 667. I løpet av 24 år har Andersen sendt inn 667 spørsmål der ho spør ministrar om små og store ting.

Ho har løfta historiene til asylsøkarar, fattige åleineforeldre, synshemma i arbeidslivet og spurt om korleis vernepleiarar skal få heva kompetansen sin.

– Er det eit bra tal?

– Det er eit høgt tal, seier Andersen og gliser.

– Men eg kunne sikkert ha klemt inn nokre til.

Gjekk frå barnehage til Stortinget

Det er ikkje berre i skriftleg form at dei ulike regjeringane har måtta forhalda seg til SV-representanten frå Hedmark. Ho har også stilt 84 munnlege spørsmål.

Ifølgje ei oversikt NRK laga i 2015, er Andersen mellom dei politikarane på Stortinget som stiller flest munnlege spørsmål.

– Eg er blant dei som ofte tek ordet her. Eg likar å debattera og å bruka stemma. Så har eg jo lese- og skrivevanskar. Då er det fint å vera politikar, så ein heller kan prata.

Karin Andersen rydder kontoret etter 28 år på Stortinget for SV.

Då Andersen kom inn på Stortinget, hadde ho jobba 17 år i barnehage som assistent.

– Det eg lærte av å jobba i barnehage, trur eg ikkje eg kunne lært nokon annan stad. Du kjem så nært innpå så mange ulike liv. Du ser korleis liva kan snu seg heilt på hovudet frå den eine dagen til den andre.

Fryktar at «flinkisane» tek over på Stortinget

Ifølgje Statistisk sentralbyrå har 37 prosent av nordmenn vidaregåande som høgaste fullførte utdanning. I perioden 2013 til 2017 var det 9 prosent av stortingsrepresentantane som hadde det same.

Karin Andersen opplever at stadig fleire av kollegaene hennar har høgare utdanning.

– Eg har stor respekt for kunnskap. Men engasjement er også viktig. Ein kan risikera at det berre er skule-flinkisar som kjem inn på Stortinget. Det å ha forskjellige folk her, med ulik alder og bakgrunn, er viktig. Stortinget skal spegla samfunnet.

Eg har vald å vera eit ombod for dei med lite makt og pengar.

—  Karin Andersen

«Ombod» er eit ord Karin Andersen ofte tyr til når ho skal skildra jobben ho gjer. Ordet kjem frå umboð på norrønt, og kan omsetjast til «fullmakt». Ho har fått ei fullmakt frå veljarane til å passa på.

– Skal du vera politikar, trur eg det er viktig at du ser at du er ein ombodsmann. Du skal ikkje inn på Stortinget for å realisera eit fag. Du må villa noko med samfunnet. Så har eg har vald å vera eit ombod for dei med lite makt og pengar.

Ho legg til med ein liten latter:

– Dei andre klarer jo seg sjølv.

Spela kort med flyktningar i Moria

Då ho var lita, hugsar ho diskusjonane om flyktningane som kom til Noreg frå Ungarn. Seinare, då ho var tenåring, kom flyktningane frå Tsjekkoslovakia.

– På den tida var det aldri noko spørsmål om ein skulle hjelpa folk som flykta for livet.

Den grunnhaldninga har ho teke med seg vidare i sitt politiske virke. Ho har slåst for asylsøkarar sine kår.

Karin Andersen rydder kontoret etter 28 år på Stortinget for SV.

Arbeidet har ført henne tett på andre menneske. Som den elleve år gamle guten ho møtte i flyktningleiren Moria i Hellas, januar 2020.

– Me spela Uno saman. Så gjekk han til bokhylla og fann ei barnebok. Eg las eit og eit ord, og han skreiv dei ned på eit ark. Guten peika på meg og seg sjølv og sa: «You. Me. School». Han var ein elleve år gamal gut som ville gå på skulen.

Varslar tøffe forhandlingar

Karin Andersen går mot kontoret der flyttekassane står stabla. Partileiar og kollega Audun Lysbakken småspring forbi, smiler og seier «eg har ikkje tid» på spørsmål frå journalisten.

Denne veka har han vore i samtale med Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Førebels er det usikkert om SV kjem til å gå inn i regjering.

Asylpolitikk er eit av felta som skil SV frå dei potensielle regjeringspartnarane Ap og SV.

Medan Sp og Ap vart med på flyktningforliket i 2015, stod SV utanfor. Dei meinte forliket hemmar integreringa gjennom å stramma inn på ting som familiegjenforeining.

Det er ikkje annleis for folk på Stortinget enn for andre å mista jobben.

—  Karin Andersen

Karin Andersen trur flyktning-feltet kjem til å bli ei tøff nøtt i eventuelle regjeringsforhandlingar.

– Innvandring og asylpolitikk kjem til å bli punkta eg trur det blir tautrekking om. Frp har flytta debatten på dette feltet, og så har alle andre parti sprunge etter.

– Er innvandring og asyl vanskelegare i forhandlingar enn ulv?

Karin Andersen ler.

– Eg veit ikkje. Nei, eg håper me kan landa ulven med rovdyrforliket. Det tenker eg kan gå greitt.

– Du er ikkje redd SV vil nærma seg Ap på innvandring, no som du skal ut?

– Nei. Me har vedteke eit program på dette området. Og det er det eg som har skrive.

Ber eks-politikarar gå på Nav

Tysdag 14. september vakna Karin Andersen opp og visste ho var blitt arbeidsledig. Ho tok seg ein lang løpetur og åt frukost med sambuaren.

– Eg har vore klar over at det kunne skje. Så er eg også ein type person som tek sorger på forskot.

Det som hadde skjedd, er at SV mista eit mandat i Hedmark, sjølv om SV gjekk fram i valkretsen. Det vart slik på grunn av korleis valordninga er skrudd saman.

No må ho pakka seg ut av kontor og pendlarbustaden ho har hatt i Oslo.

Karin Andersen rydder kontoret etter 28 år på Stortinget for SV.

– Det er ikkje annleis for folk på Stortinget enn for andre å mista jobben, seier Andersen.

Som politikar har ho jobba for å kutta i privilegia som stortingsrepresentantar har. Ho har ivra for betre kontroll med etterlønn-ordninga og å kutta den såkalla gullpensjonen. Tidlegare fekk politikarar full pensjon etter tre periodar på Stortinget.

– Det andre folk brukte 40 år for å tene opp, skulle me bruke 12 år på. Eg brukte tre periodar på å få vekk gullpensjonen. No har me alminneleg tenestepensjon.

Eg er ikkje Carl I. Hagen. Eg kjem ikkje tilbake til Stortinget om fire år.

—  Karin Andersen

Som avgått stortingspolitikar har ho rett på tre månader etterlønn.

– Etter tre månader tenker eg at me som har vore på Stortinget, må gå på Nav som alle andre. Om dei reglane på Nav ikkje er gode nok for oss, så er dei ikkje gode nok for andre heller. Det har vore min køyreregel.

Trur ikkje på comeback

I år fyller Karin Andersen 69 år. Planen er å vera meir med familien og ha ei støtterolle i SV framover.

– Eg er ikkje Carl I. Hagen. Eg kjem ikkje tilbake til Stortinget om fire år.

Ho innrømmer det ikkje kjennest bra å bli pensjonist.

– Eg har ikkje hatt noko hobbyar eller noko sånt. Men sambuaren min har kjøpt eit mobilt sagbruk og vil ha ein hjelpemann. Og eg er veldig god på fysisk arbeid.

----

To om Karin Andersen

Elisabeth Thoresen, leiar for AAP-aksjonen:

Karin Andersen har hatt og har ei viktig stemme for alle sårbare grupper som av ein eller annan grunn slit i samfunnet vårt. Ho har reist seg opp og talt for alle dei stumme stemmene som ikkje har klart å hevda sin rett. Vi vil savne den klare og rettferdige stemma til Karin.


Trude Jacobsen, generalsekretær i Dråpen i Havet:

Karin har vist eit enormt personleg engasjement for menneske på flukt. Det er aldri berre tomme ord frå Karin, men oppriktig ønske om handling. Ho er ein politikar og eit medmenneske som ikkje gir seg. Tallause gonger har ho prøvd å påverke Stortinget og regjeringa til å velja ei mer solidarisk retning. Karin er heil ved, og etter mi meining ein av våre beste politikarar, og eit ekte medmenneske.

---



Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter