Nyheter

Seks Utøya-overlevande på Stortinget: – Eg var redd for å fortsette med politikk

UTØYA: Då 69 menneske blei drepne av terroristen på Utøya, var frykta at ein heil generasjon i AUF var tapt. Men i fellesskapen mellom dei som overlevde vaks det fram eit engasjement og ei kjensle av ansvar for å stoppe hatet ved rota.

– Det er som i songen til Nordahl Grieg: «Den som med høyre hånd bærer en byrde, dyr og umistelig, kan ikke myrde». Eg trur at dersom ein har noko verdifullt i livet sitt så er terskelen høgare for å plukke opp eit våpen.

Torbjørn Vereide var 22 år gamal då han og kameratane hans sprang for livet mot fjæra på Utøya. Han måtte gøyme seg for terroristen som ville ta livet av han, berre fordi han var med i AUF.

Ti år seinare er han ein av dei seks som overlevde terroren som skal representere Arbeidarpartiet på Stortinget den neste perioden.

– Vi tar med oss eit alvor inn i det politiske arbeidet. Det er ikkje hogd i stein at noko slikt ikkje kan skje igjen. Det som er bra er at fleire og fleire forstår at det som skjedde på Utøya ikkje var ei naturkatastrofe. At det er ei direkte kopling mellom hatideologien vi ser på nettforum i dag, og skytefingeren, seier Vereide.

Ansvar for fellesskapen

Det var ikkje sjølvsagt at så mange av dei som opplevde terroren på Utøya skulle halde fram i politikken etterpå. Det traumet AUF-ungdomane opplevde 22. juli er nesten uverkeleg stort, og forsking viser at ein av tre av dei overlevande framleis slit med posttraumatiske stress. I tillegg opplever mange av dei Utøya-overlevande hets.

– Eg var redd for å fortsette med politikk. Men det er også vanskeleg å slutte. Vi som overlevde ber på ei kjensle av ansvar. Det kjennast viktig å stå i det, seier Vereide.

---

Utøya-overlevande på Stortinget

Torbjørn Vereide (32), Sogn og Fjordane

Nils Kristen Sandtrøen (32), Hedmark

Kamzy Gunaratnam (33), Oslo

Elise Bjørnebekk-Waagen (31), Østfold

Eigil Knutsen (32), Hordaland

Åsmund Aukrust (36), Akershus

---

Han er overtydd om at vegen til eit samfunn med mindre hat, går gjennom å jobbe mot utanforskap. Det er dei som manglar gode fellesskap på jobb eller skule som er i faresona for å bli radikale og farlege, meiner han.

– Det er i sveisepunkt mellom hatet og utanforskapen at vald skjer. Dersom den einaste fellesskapen ein har er i høgreekstreme forum på nettet, så blir ein hatefull. Vi må sørge for at alle får vere del av noko som er verd å leve for.

Kamzy

– Det hjelper ikkje med murar

Då terroren trefte USA i 2001, var det politiske svaret å bruke våpen, krigføring og inngripande tryggleikstiltak for å slå ned trugselen. Blant dei som overlevde angrepet mot Arbeidarpartiet i 2011, har det ikkje vore rop etter det same.

– Du kan bygge murane og gjerda så høgt som du vil. Dei som ønskjer å angripe oss vil alltid komme over. Skal vi stoppe hatet må vi heller bygge levande demokrati og jobbe for å gje alle meiningsfylte liv, seier Kamzy Gunaratnam.

Ho har vore varaordførar i Oslo sidan 2015, og på måndag vart også ho vald inn på Stortinget for Arbeidarpartiet. Men det var slett ikkje sjølvsagt at ho skulle halde fram med politikk etter 22. juli-terroren. Ho tok pause frå politikken i halvanna år etter å ha overlevde angrepet på Utøya. Likevel kom ho tilbake.

– Vi er ikkje med i AUF fordi vi synst synd på AUF. Eg er med fordi eg brenn for politikken og vil jobbe med det, seier ho.

Gudstjeneste i Oslo domkirke søndag 24. juli 2011

Verdiane er styrka

Seks representantar av ei stortingsgruppe på 48 er overlevande etter terrorangrepet. Det viser tydeleg at generasjon Utøya på ingen måte let seg skremme bort frå politikken. Åsmund Aukrust var nestleiar i AUF då han vart utsett for angrepet på Utøya. To år seinare vart han vald inn på Stortinget, og i årets val vann han sin tredje periode.

– Det er fleire som har fortsett i politikken i denne generasjonen enn det som er vanleg. Det vart eit sterkt samhald blant dei som overlevde, og ei kjensle av at dei var del av noko viktig, meiner Aukrust.

Han vart sjølv prega av kjensla av at demokratiet i Noreg er skjørt, og erfaringa frå Utøya har styrka engasjementet hans i mange saker. Han skildrar Arbeidarpartiet i tida etter 22. juli som ein stor familie.

– Er Arbeidarpartiet blitt endra politisk etter terrorangrepet i 2011, trur du?

– Eg trur det har påverka partiet på veldig mange måtar, sjølv om det ikkje er lett å seie akkurat korleis det har endra partiet politisk. Men eg trur dei grunnleggande verdiane, om demokrati og solidaritet, er blitt sterkare av det, seier Aukrust.









Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter