Nyheter

Koronaisolert? Ta kontakt med kommunen før klokka 10 for å stemme

STEMMESYK: Personar i karantene får tilrettelagde stemmelokale, medan personar i isolasjon kan få stemt heimanfrå – men då må dei skunde seg.

Mellombelse lovendringar gjer at kommunane kan leggje til rette betre under pandemien, fortalde direktør Bjørn Berg i Valdirektoratet til NRK Nyheitsmorgon på valdagen måndag.

– Dei som er i karantene, kan kontakte kommunen og få beskjed om kvar og korleis å stemme, seier Berg.

Det er eigne stemmelokale tilrettelagde for desse personane.

Valdirektoratets direktør kom òg med ei påminning til personar i isolasjon. Dei kan kontakte kommunen for å få sendt ein stemmeopptakar heim for å ta i mot stemma deira.

– Det som er viktig å hugse då, er at ein må kontakte kommunen og be om det før klokka 10 i dag, seier Berg.

Fredag viste førebelse tal frå Valdirektoratet at 1.645.762 personar hadde førehandsstemt. Det utgjer 42,3 prosent av alle stemmeføre.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter