Nyheter

Ordninga som Ropstad utnytta må vurderast juridisk, seier stortingspresidenten

MISBRUK: Heilt tilbake til 2001 har media avdekka saker om misbruk av ordninga med stortingsleiligheter. Først no vil stortingspresident Tone Trøen vurdere ordninga juridisk.

– Det er grunn til å sjå på om ordninga med pendlarbustadar fungerer etter hensikta. Men det må skje etter ei grundig vurdering, så det er noko det neste Stortinget må ta stilling til, seier stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen.

Ho seier at Stortinget dei siste åra har vi innført ei rekke nye kontrollmekanismar, og at mange av ordningane for representantane er blitt stramma inn. Likevel kjem det stadig nye avsløringar av representantar som har utnytta dei økonomiske ordningane Stortinget tilbyr, til eiga økonomisk vinning.

Gjer ingen undersøkingar av bustadbehov

Berre den siste veka har det blitt avdekka misbruk av både ordninga med stortingsleilegheiter og etterlønsordninga for stortingsrepresentantar. Mange av sakene har ikkje vore reine regelbrot, men tilfelle der representantane har utnytta gråsonene i eit uklart regelverk.

I eit intervju i Aftenposten seier stortingsdirektør Marianne Andreassen at det ikkje finst noko kontrollmekanisme for ordninga med pendlarbustadar ut over at representantane må dokumentere eit behov første gong dei søker om ein slik bustad.

Ein gong i året blir representantane bedde om å bekrefte at dei framleis har eit slikt behov, men det blir ikkje ettergått vidare. Stortinget gjer ingen stikkprøver av ordninga, og gjer heller ingen undersøkingar rundt kva eigedomar representantane måtte eige i Oslo eller andre stader.

– Når diskusjonen om desse sakene kjem, må eg som direktør gå i meg sjølv og tenke gjennom korleis denne situasjonen kunne oppstå, seier Andreassen til Aftenposten.

Meir innsyn gjev avsløringar i media

Stortingspresident Tone Trøen insisterer likevel på at kontrollmekanismar er innført, sjølv om det er vanskeleg å få svar på kva desse mekanismane går ut på, og om dei faktisk har avslørt misbruk.

– Det er ein kontinuerleg gjennomgang. Vi innfører heile vegen nye mekanismar for kontroll, og har innført mykje meir openheit rundt desse ordningane. Vi har opna opp for fullt innsyn for at journalistar sånn som du kan gå inn i saker og finne ting som er kritikkverdig, seier ho.

– Men er det godt nok å ha ein kontrollsystem som baserer seg på at media skal avsløre juks? Burde ikkje Stortinget avdekke det sjølv?

– Vi gjer også eigne kontrollar. Det er noko Stortingsadministrasjonen gjer løpande. Men her er det viktig å skilje mellom det som er reine regelbrot og det som ikkje er det.

Kristiansand 20210902. 
KrFs partileder Kjell Ingolf Ropstad avga sin forhåndsstemme ved Stortingsvalget 2021 i Kristiansand rådhus. Etterpå lanserte han fritidskortet i Kristiansand der barn mellom 6 og 18 skal få 2000 kroner fra 2022 til bruk på fritidstilbud.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Ingen eigne avsløringar

– Har du dømer på det har vore saker der Stortinget sine eigne mekanismar har oppdaga misbruk av reglar som har fått konsekvensar for ein representant?

– Det har eg ikkje moglegheit til å gå inn på, det kjenner eg ikkje detaljane til. Men til dømes når det gjeld reiserekningar så har vi skjerpa kravet om dokumentasjon. Vi tek også stikkprøver.

– Men dersom du ikkje kan vise til at det finst tilfelle der Stortinget sjølv har avslørt juks eller misbruk som har fått konsekvensar for representantane, er då kontrollen god nok?

– Vi må legge til grunn at representantane følgjer reglane samvitsfullt.

– Men det har vel vist seg at det ikkje stemmer?

– Her er det viktig å skilje mellom det som er brot på ein regel og det som ikkje er det. Vi innfører kontinuerleg nye kontrollmekanismar. Det er jo også sånn at det er menneskeleg å av og til gjere feil. Det er noko vi avdekkjer, hevdar Trøen.

Juridisk vurdering

I dagane etter avsløringa av KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad si manøvrering i Stortinget sine økonomiske ordningar, har fleire økonomar vore ute i media og uttalt at dei meiner det Ropstad har gjort er ulovleg. Blant desse er professor i jus ved Universitetet i Bergen Hans Fredrik Marthinussen, og advokat og tidlegare stortingsrepresentant Ane Sofie Tømmerås.

– Blir lovlegheita til Stortinget sine reglar vurdert?

– Ja, det gjør vi sjølvsagt.

– Men ein kjenner jo til kjende tilfelle av misbruk av denne ordninga heilt tilbake til 2001? Burde ikkje det på eit eller anna tidspunkt sidan blitt gjort ei juridisk vurdering av regelverket?

– Det er som sagt grunn til å sjå vidare på om denne ordninga fungerer etter hensikta. Det vil det vere naturleg å gjere i haust og at det nye Stortinget handsamar dette. Eit slikt arbeid inneber blant anna ei juridisk vurdering.

Internrevisjon

Eit utval leia av Svein Harberg (H) har gjort ei utgreiing av ulike sider ved kontrollfunksjonen til Stortinget. Utvalet leverte sin rapport i februar i år, og Trøen tek kontakt etter intervjuet for å understreke at ein etter behandlinga av denne rapporten har avgjort å innføre internrevisjon i Stortingets revisjon. Denne internrevisjonen skal gjennomførast av eksterne tenesteleverandørar. Detaljane i ei slik revisjonsordning er ikkje klare enno, så det uklart kva ein slik internrevisjon eventuelt ville kunne avdekke.

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter