Nyheter

Fryktar at herointørke kan koste svært mange liv

HEROINTØRKE: Taliban lovar å forby all narkotikaproduksjon i Afghanistan. Sist det skjedde auka talet på overdosedødsfall i Noreg med fleire hundre. Tilbodet for narkomane er godt nok, meiner Bent Høie.

Fleire tonn narkotika i brann utanfor Kabul

– Signala som kjem no er veldig blanda. Afghanistan har nærast monopol på å levere heroin til den europeiske marknaden. Eg er bekymra for alle moglege utfall no.

Rio

Det seier Kenneth Arctander Johansen, dagleg leiar for den landsdekkande brukarorganisasjonen RIO. Han viser til at analysane over kva som vil skje etter Taliban si maktovertaking er alt anna enn eintydige.

  • Mange fryktar at Taliban skal lukkast med det same som dei gjorde i 2000-2001. Då innførte Taliban-leiar Mullah Omar eit strengt forbod mot opiumsproduksjon i landet, og innan den USA-leidde invasjonen starta hausten 2001, skal produksjonen ha blitt redusert med så mykje som 99 prosent.
  • Andre analytikarar trur ikkje Taliban har råd til å gjere det same denne gongen, fordi ulovleg eksport av heroin er ei av få inntektskjelder landet framleis har att etter 20 år med krig, og etter at bistand og lån er fryst som følgje av maktovertakinga. Då kan konsekvensen tvert imot bli at Taliban vil fløyme over marknaden, med auka tilgang og redusert pris for brukaren.

Sist gong Taliban stoppa opiumsproduksjonen, døydde til saman 779 personar av overdoser i Noreg. Til samanlikning har det til no døydd 822 av korona under heile pandemien i Noreg.

Fryktar syntetisk heroin

– Det som bekymrar meg med ein tørkesituasjon er at brukarane sin toleranse for heroin vil falle, noko som aukar faren for overdosar. Samstundes er det ei stor bekymring at marknaden kan bli supplert med syntetiske alternativ, slik som fentanyl, seier Arctander Johansen.

Fentanyl er ei syntetisk form for heroin som har vore knytt til mange overdosedødsfall, fordi det er mykje sterkare enn vanleg heroin. Ifølgje FHI var fentanyl og liknande syntetiske stoff skuld i om lag 15 prosent av overdosetilfella i Noreg i 2020. Men dette talet er stigande, og i mange andre land – blant andre USA – er fentanyl no den vanlegaste årsaka til narkotikaoverdosar.

No har Taliban monopol over leveransen av heroin til Europa. Det betyr i praksis at dei sit med makt over liv og død for europeiske rusbrukarar.

—  Kenneth Arctander Johansen, RIO

– Dersom fentanyl kjem inn som eit alternativ, er det veldig farleg. Vi treng absolutt ein beredskapsplan som gjer kommunane i stand til å sette i verk dei tiltaka som trengst for å sikre brukarane, seier Arctander Johansen.

Han meiner handteringa av rusbrukargruppene under pandemien viser at ein ikkje har ein god nok beredskap for å ta vare på ei så sårbar gruppe i ein krisesituasjon. Mange rusbrukarar opplevde store problem med tilbod som vart redusert eller stengt ned i periodar som følgje av pandemien.

Pandemiåret 2020 enda også opp som eit uhyggeleg rekordår for overdosedødsfall, med 324 som døde. Berre i 2000 og 2001 har talet på registrerte overdosedødsfall vore høgare.

Opium

Rusparadoks

– Er det eit paradoks at helsa til ei stor, sårbar gruppe er avhengig av jamne leveransar av eit ulovleg stoff som vi samstundes brukar mykje politiressursar på å hindre å få inn i landet?

– Det er eit kjempeparadoks. Men så lukkast ikkje politiet spesielt godt med det, heller. Men kva gjer vi då? No har Taliban monopol over leveransen av heroin til Europa. Det betyr i praksis at dei sit med makt over liv og død for europeiske rusbrukarar.

– Kva bør vi då gjere, meiner du?

– Innanfor det som er politisk mogleg betyr det at vi må gjere tiltaksapparatet langt meir tilgjengeleg. Når det oppstår kriser slik som ei herointørke så må verkemiddelapparatet vere tilgjengeleg på dagen, og det må vere ein lav terskel inn, seier Arctander Johansen.

Helseminister Bent Høie (H) sier at regjeringen vil se nærmere på mulighetene for produksjon eller delproduksjon av vaksiner i Norge. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Godt nok, meiner Høie

I førre veke stilte stortingsrepresentant Nicholas Wilkinson (SV) eit skriftleg spørsmål i Stortinget til helseminister Bent Høie om det finst ein beredskapsplan for at heroinavhengige skal få hjelp dei treng i tilfelle herointørke. I sitt svar seier Høie at departementet er merksame på problemstillinga, men at dei meiner det eksisterande tilbodet er godt nok som det er:

«For å møte et slikt scenario er det nødvendig med en rekke lett tilgjengelige tilbud, alt fra akutte tjenester og skadereduksjon til mer langsiktig oppfølging og behandling. Det mener jeg at vi allerede»

Ikkje godt nok, seier SV

– Eg blir bekymra dersom Høie meiner tilbodet er bra nok som det er, svarar Wilkinson frå SV.

Nicholas Wilkinson (SV) stilte skriftleg spørsmål til helseminister Bent Høie om beredskapen for ei mogleg herointørke.

Han viser til at narkomane er ei svært sårbar gruppe, og han meiner derfor at det er heilt nødvendig å ha ein beredskapsplan for å hindre ei ny stor bølgje av dødsfall.

– Kommunane har ikkje ressursar til å handtere ei brå auke i tiltaksbehovet blant rusbrukarane. Så lenge regjeringa ikkje vil gi meir ressursar til kommunane, så vil ikkje dei kunne bu seg på ein slik situasjon.

Han meiner at kommunane bør få pengane dei treng for å løyse akutte kriser på rusfeltet.

Regjeringa seier politikken har lukkast

Trass i auken i narkotikadødsfall, så meiner regjeringa sjølv at dei har lukkast med sin narkotikapolitikk. Kvifor dei meiner det kan du lese meir om i denne saka.




Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter