Noreg evakuerte 860 afghanarar frå Kabul

Noreg henta ut 860 afghanarar i evakueringa frå flyplassen i Kabul, opplyser UDI. 28 av dei er barn utan foreldre.

To afghanske gutter ved et hus som er ødelagt av luftangrep i Helmand-provinsen tidligere i august. Foto: Abdul Khaliq / AP / NTB
URO: 676 afghanarar har fått status som kvoteflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Biletet visar ruinane etter eit luftangrep.
Publisert Sist oppdatert

676 afghanarar har fått status som kvoteflyktningar etter innspel frå Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet.

UDI opplyser at det dreier seg om:

  • 63 tilsette ved ambassaden med familiar
  • 513 personar knytte til Forsvaret med familien
  • 28 barn utan foreldre
  • 72 menneskeretts- og sivilsamfunnsforkjemparar

– I første og siste kategori er det ytterlegare 46 personar som ikkje har komme til Noreg. Dei er anten i Afghanistan eller i andre land, opplyser UDI.

Det er òg evakuert rundt 150 afghanarar som har ein familierelasjon til norske statsborgarar. I tillegg er det 30 afghanarar som hadde ulike opphaldsløyve frå før, viser førebelse tal frå UDI.

I tillegg til dei 28 barna utan foreldre, inkluderer totaltala vel 400 barn i barnefamiliar.

Ifølgje UDI er 150 av dei evakuerte på mottakssenteret i Råde, medan resten på Brunstad (OCC) i Sandefjord.