Nyheter

Bad om hjelp til afghanske barn - fylte varebilen på ein time

GJEVARGLEDE: Lokalbefolkinga stilte opp då kyrkjelyden og Sandefjord Røde Kors bad om klede, sko og leiker til afghanske barn. — Dette har teke heilt av. Telefonen min er raudglødande, seier leiar i Røde Kors.

— Det var så fantastisk å sjå dei små barna som hadde rydda på romma sine og kom for å gje vekk leiker. Eg begynner nesten å grina når eg tenker på det, seier Kjell Atle Kjønnø, leiar i Sandefjord Røde Kors.

Fredag la organisasjonen ut melding om at dei hadde bruk for klede og utstyr som dei kunne gje vidare til dei afghanske barna som har kome til Sandefjord. Laurdag kom rundt 50 personar innom Røde Kors-huset med gåver.

— Me fylte ein stor varebil med hengar på ein time. Alt gjekk av seg sjølv. Gåvene ser ut til å ha god kvalitet. Kosedyra og kleda er vaska, dei minste kleda ser ut som dei nesten ikkje er brukt, seier Kjønnø.

Evakuerte afghanarar vil den første tida i Noreg bli innlosjert på Oslofjord Convention Center i Sandefjord. Senteret har plass til 2.400 personar og er eigd av Brunstadstiftelsen.

Kyrkjelyd fekk inn tusenvis av sko

Laurdag samla også Sandar- og Bugården kyrkjelyd inn sko til barn i alderen 1 til 3 år.

— Det er kome inn tusenvis av sko. Nokre av skoa låg i skoøskjene og er ubrukte. Sjølv om me eigentleg berre samlar inn sko, har også nokon lagt ved små kosedyr. Det er overveldande at så mange har lata seg berøra, seier Øyvind Monstad, prest i Bugården kyrkje.

Problemet for mange som kjem, er at dei nesten ikkje har bagasje. Dei har berre det dei står og går i.

—  Kjell Atle Kjønnø

Kyrkjelyden fylte tre bilar med sko som dei har sendt vidare. Halvparten av skoa er igjen i kyrkja, dei skal sendast til barna på søndag.

h

— Eg har snakka med folk som har vore der, som fortel at barbeinte barn leiker rundt utandørs, seier Øyvind Monstad.

Dramatisk evakuering frå Kabul

Det siste norske flyet frå Kabul landa på Gardermoen fredag ettermiddag, med litt over 20 passasjerar.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide har kalla evakueringa ein «intens, farleg og krevjande operasjon» som har skjedd innan for «eit lite tidsvindauge».

Internasjonale og amerikanske styrker skal vera ute av landet innan 31. august.

j

Etter terrorangrepet mot flyplassen torsdag, som tok livet av minst 170 menneske, har mange land avslutta evakueringa. Laurdag varslar Storbritannia at dei vil avslutta evakueringa av sivile i løpet av dagen.

Vil opna for pengeinnsamling

Totalt er rundt 1.000 personar, 390 av dei barn, henta til Noreg, melde NTB på torsdag. Mellom dei er 28 einslege afghanske barn utan tilknyting til Noreg. Dei vart evakuert frå det norske feltsykehuset på flyplassen i Kabul.

— Problemet for mange som kjem, er at dei nesten ikkje har bagasje. Dei har berre det dei står og går i, seier Kjell Atle Kjønnø i Sandefjord Røde Kors.

Han er overvelda over responsen frå lokalsamfunnet.

— Dette har teke heilt av. Telefonen min er raudglødande. Folk tek kontakt og vil levera direkte. Me skal legge ut ei melding på Facebook om at me tek ein liten stopp i innsamlinga no, seier Kjell Atle Kjønnø i Sandefjord Røde Kors.

Han fortel at mange også ønsker gje pengar. Organisasjonen skal snart legga ut kontonummer som folk kan overføra til. Pengane skal brukast direkte til ting som dei nyankomne treng.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter